Tag

Kristiansand

Kirsten W. Langedrag, Hølera, fødd 1950

Foreldra mine hadde Svenes camping, og det var stor stas med alle folka som var innom, særleg dei som kom att år etter år, som vi vart ekstra godt kjende med. Då eg var 12 år, vart eg med på Ulnes handballag, der eg var keeper heilt til eg var 47 år gamal. Vi hadde eit godt handballag i mange år, og i 1973 rykka vi opp til 2. divisjon. Heile bygda var sterkt engasjert, og det kokte når vi spelte kampar. Heimekampane måtte vi spele i Golhallen, sidan det ikkje var hall i Valdres. Og ein periode var det endatil køyreforbod på sundagane, og då var vi nøydde til å ta drosje til kampane. Dei siste 15 åra har eg jobba på Bagn skule, og det har vore heilt fantastisk. For eg brenn for dei unge, og har i jobben prøvd å setje meg inn i kva dei er opptekne av så vi har noko å prate om, slik at dei blir sett, og vi kan vere på lag. Vi har sjølve ei dotter og to barnebarn. Dei er busette i Kristiansand, og vi reiser nedover så ofte vi kan, så vi kan vere saman med dei. Elles har eg vore med i ungdomslaget frå 15-årsalderen, eg har drive med neversløyd i 30 år, og eg har vore med i husflidslaget sidan starten. Den siste tida har vi i husflidslaget vore travle med å få alt klart til opninga av julebutikken på Bagnsmoen den 22. november. Her blir det julemarknad frå torsdag til laurdag fram til 15. desember, der vi har mykje bakst og mange flotte handlaga produkt til sals. Det er om lag 60 personar som har levert varer til oss, så her skulle vere noko for alle! Bagnsmoen er no valt til Sør-Aurdal sin 1000-årsstad. Dette var Valdres sin største handelsstad i si tid, med landhandel frå 1880-åra. Bygningen er godt ivareteken, så her får dei besøkjande oppleve den gode gamaldagse stemninga av landhandel, utan noko kjas og mas. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kine Ramsland, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1985

Dei 15 fyrste åra av livet budde eg på Flekkerøy utanfor Kristiansand. Sidan mødrene våre var heimeverande, gjekk vi ikkje i barnehagen. Så om sumrane var det litt som i «vi på saltkråkan», og det yra med ungar ute. Alle ungane var knallbrune på ryggen, fordi vi låg så mykje på brygga og fiska krabber. Eg flytte til Søgne då eg var 15, der eg gjekk tre år på lina for landbruksfag på vidaregåande. Her var det mange praktiske fag, og eg lærte mellom anna å køyre traktor og bruke motorsag, noko som gav nyttige erfaringar inn i yrkeslivet. Skulen hadde også eigen stall der eg var veldig mykje, sidan eg har hatt ei stor hesteinteresse frå eg var 9 år. Andre året på vidaregåande møtte eg ein staut valdris. Han ville bli taksidermist, men etter at skuleåret var omme måtte han flytte til Rindal i Møre og Romsdal for å ta læretida si. Så då eg vart ferdig med tredje året, flytte eg etter. To år seinare var han ferdig med læretida, og vi flytte til Valdres i 2006. Eg jobba mellom anna som landbrukspraktikant, og på meieriet, før eg hausten 2011 byrja på desentralisert lærarutdanning på Leira. No underviser eg ungdomstrinnet ved Vestre Slidre skule i matte, norsk og naturfag, og trivst veldig godt med det. Eg er oppteken av å få elevane engasjert, og ser at det å legge inn ein del praktiske øvingar er ei god hjelp i så måte. Når eg har fri er eg veldig glad i å reise, og har vore særleg mykje i Asia. Det skuldast nok i stor grad den fyrste turen min til Thailand, og møtet med så mykje fantastiske folk, godt klima og fin natur. Eg har også vore mange turar på Filippinane, der eg har fått mange gode vener. Fyrste gongen eg var på Filippinane lærte eg å kite, og vart heilt hekta. Så det er eit fast gjeremål kvar gong vi kjem dit! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑