Tag

Kulturskule

Arne Johannes Nygård, Krøsshaugen, Rogne, fødd 1965

Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Øystein Skattebu, Rogne, fødd 1985

Eg er ein fyr med skapartrong og mange ulike interesser. Som ung prøvde eg det meste av idrett og aktivitetar, men likte best fotball og ski. Å ha det moro har alltid vore det viktigaste, og eg har alltid vore for nysgjerrig og utolmodig med å prøve nye ting, til å bli skikkeleg god i ein spesiell grein. På ungdomsskulen byrja eg å spele trommer i band med nokre kameratar. Dei neste 15 åra tok musikken det meste av fokuset og fritida, og eg var klart ein av dei minst ambisiøse idrettslinjeelevane på vidaregåande. Eg er utdanna adjunkt med musikk og historie frå Høgskulen i Volda. Tidlegare jobba eg i kulturskulen og som aktivitetsleiar ved ungdomshuset i Ørsta, men no er eg ungdomskonsulent i Øystre Slidre. Ved sidan av jobbar eg i Valdresskigard, og syslar litt som møbelsnikkar. Det blir ikkje så mykje tid til musikk for tida, men det kan fort snu. Eg ivrar for at ungdom skal få vere med på aktivitetar dei er opptekne av, der dei vert del av eit miljø, uansett interesser eller føresetnader. Som ungdomskonsulent er eg med å skape nye rammer for slikt arbeid i kommunen, gjennom oppføring av nytt ungdomshus, og i utforminga av tilbodet vi skal tilby frå hausten. Mitt ynskje er å skape ein arena der all ungdom kan oppleve meistring og samhald, med utgangspunkt i den enkelte sine interesser og behov, med særleg fokus på nye aktivitetar som er litt smale, sære, eller kanskje litt ”for moderne” for Valdres. Sjølv hadde eg ein god oppvekst med mange aktivitetstilbod, gode vener og ein fin familie, i ein kommune og region som la til rette for den aktiviteten vi ungdomane ville drive med. Eg er stolt av, og har stor respekt for å kunne vere med å føre denne tradisjonen vidare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jørgen Nordli Holden, Solhauglié, Rogne, fødd 1999

For tida går eg siste året på studiespesialisering, ved Valdres vidaregåande skule. Når skuleåret er omme vil eg jobbe eitt år, før eg mest sannsynleg vil søkje meg inn på barnevernpedagog- eller sosionomstudiet på høgskulen. Vi er nemleg ein fosterfamilie, og det har nok vekt omsorgsgenet i meg, for eg kjenner at eg har lyst til å gjere ein innsats for dei som ikkje har det så bra. Eg har også fått ei større forståing av kva for skilnad ein kan gjere i eit menneske sitt liv, og har fått kjenne kor gjevande det er å hjelpe. Då eg var ein smågut, byrja eg med teater på kulturskulen, der eg var med fram til sjuande klasse. Så vart det ei lita pause, før vi drog i gang ein kabaret i tiande klasse. Etter den tid har eg vore med på dei to siste skodespela på Solhaug 17. mai, og i år er eg med på førestillinga til Ung i Valdres for tredje gong. Neste gong eg skal i elden er 8. februar, då er det premiere på stykket «Ungarsfesten» i regi Ung i Valdres, med framsyning i kulturhuset på Fagernes. Eg har fått hovudrolla i stykket, og gler meg stort til å stå på scena igjen! Det som driv meg, er å glede, og få respons frå publikum, og klare å formidle handlinga og kjenslene i stykket, ut til salen. Dessutan har det å spele revy og teater, og stå på ein scene framfor publikum, gjeve meg ei meistringskjensle, noko som også har gjeve meg større sjølvtillit. Derfor har eg ein draum om å halde fram med teater også i framtida, og har naturleg nok tenkt litt på å søkje meg inn på teaterskulen. Men det er særs vanskeleg å kome inn, dessutan likar eg best bygdehumor og folkekomedie, så det blir vel helst ikkje noko av. Men det hadde sjølvsagt vore moro å stå på ein scene i Oslo, og spele for fullsett sal – så kven veit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Heidi Kvam Hillestad, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 2000

Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Solfrid Olmhus, Hølera, fødd 1989

Då eg var lita hadde eg lyst til å spele trommer, men dei heime var nok ikkje så begeistra for den tanken – dei såg vel føre seg at det kunne bli mykje bråk. Så mor mi viste meg eit bilete av ein langeleik, og lurte på om eg ikkje heller ville lære å spele på den. Og slik vart det. No har eg spelt langeleik i snart 20 år, og er tilkallingsvikar ved kulturskulen i Nord-Aurdal, der eg lærar andre å spele. Eg har tidlegare vore med på fleire lokal- og landskappleikar, men det vart mindre speling då eg flytte til Oslo, der eg var i åtte år. Men no har eg flytt heimatt, og øver fleire gonger i veka. Målet er å bli meir aktiv i miljøet, og ta til att med tevlingar. Elles har eg dei siste åtte åra drive med steppedans, noko eg byrja med i Oslo. Eg vart med to andre jenter i ei gruppe vi kalla Offbeat Entertainment, og eg hugsar særleg godt ei framsyning vi hadde på eit kjøpesenter, der ei lita jente i barnevogn hylte av glede då ho såg oss danse. Når ein steppedansar, nyttar ein sko der det på undersida av solen er festa jarnplater både framme, og under hælen. Dei lysaste tonane skapast framme, og dei djupaste tonane skapast under hælen, og når vi dansar ynskjer vi å skape ei fengjande rytme, som er med å forsterke musikken. Draumen min er eit småbruk med låve, der eg kan byggje eit studio kor eg kan ta imot elevar som ynskjer å lære seg steppedans. Det hadde sjølvsagt også vore moro å arrangere festivalar, og fått inn dansarar frå inn- og utland. Enn så lenge håpar eg å få til eit steppemiljø i Valdres, og spreie dansegleda her, for etter det eg veit, er eg omtrent den einaste som driv med steppedans i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe) Sjå video av Solfrid Olmhus steppedansar ved å klikke her Sjå video av Solfrid Olmhus spelar langeleik ved å klikke her 

Marit Andrisdotter Kvam, Kvamsroné, Vang, fødd 2000

Då eg gjekk i niande klasse hadde vi arbeidsveke, der eg fekk vere med to veterinærar rundt om i Vang. Dette likte eg så godt, at eg bestemde meg for at det var veterinær eg skulle bli. Så no går eg fyrste året på linja for allmenne fag, og har ein draum om å kome inn på veterinærhøgskulen etter vidaregåande. Men eg må ha gode karakterar for å kome inn, så eg må verkeleg leggje meg i selen for å lukkast. Utanom skulen er eg leiar for Åsvang 4H, og eg er medlem av Senterungdommen. Ei av dei politiske sakene som opptek meg mest, er kommunesamanslåinga. Det kjem av at eg fryktar at det meste blir sentralisert til Fagernes dersom Valdres blir ein kommune, og at bygdene kan bli fråflytte som ein konsekvens av dette. Eg meiner at folk bør få bu og leve slik dei sjølv ynskjer, og ikkje bli tvungne til å flytte mot si vilje – for Valdres, og Vang – vil ikkje vere det same med folketome bygder. Eg vil også seie – som den vangspatrioten eg er – at det er stor stas å representere ein så flott stad som Vang, særleg når eg er utanfor Valdres. For eg er glad i Vang, og stolt av å kome frå ein gard herfrå. Av andre interesser kan eg nemne at eg har gått på kulturskulen sidan fyrste klasse, der eg har spelt fleire ulike instrument. No spelar eg munnharpe, og skal opptre på Landskappleiken for tredje gong, og det synest eg er moro å få vere med på. Elles har eg nyleg kjøpt meg rifle, for eg vil vere med på storviltjakt. Våpensøknaden er sendt inn, og eg har teke jegerprøva, så no er det berre skyteprøva som står att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Oddbjørn Skeie, Filefjell, fødd 1961

Eg har vore musikkinteressert sidan eg var smågut, og då eg var i ni-årsalderen, lærte eg å spele hardingfele av bestefaren min. Frå ungdomsskulealderen tok eg til å spele gitar saman med nokre vener, og tidleg på 1980-talet var eg med i den fyrste oppsetjinga av «Xtase», som var eit kjent band i Valdres. Musikkinteressa førte til at eg satsa på musikken også i yrkeslivet, etter 7 år med musikkstudiar. Eg tok til å arbeide i kulturskulen, fyrst i Kvinnherad i Rosendal, der eg budde i to år, og sidan i Florø, der eg var i 16 år. Ein av elevane mine på kulturskulen i Florø, Håvard Lothe, gjekk seinare på LIPA; skulen i Liverpool som vart grunnlagt av Paul McCartney. Lothe hadde eksamenskonserten sin i Florø, der eg fekk vere med og spele gitar. Konserten var teke opp og gjeve ut på cd, så det var moro å få vere med på. Men i 2008 flytte eg heim til Vang, der eg fekk jobb ved kulturkontoret. Arbeidsoppgåvene her er mangfaldige, men hovudfokuset er på kulturskulen, der eg er rektor. Ved sidan av jobben, har eg to prosjekt gåande som eg trivst veldig godt med. Det eine er konsertar i lag med Nina Bendiksen, som er kjent for mange frå tv-serien «Himmelblå». Ho syng på nord-norsk, medan eg akkompagnerer på gitar. Diktaren Ragnar Olsen har skrive norsk tekst til dei argentinske melodiane vi framfører. Det andre prosjektet er i lag med «Trio Gyllensvärd», der vi spelar ei blanding av jazz og viser. Vi har ikkje spelt så mykje saman dei siste åra, men har teke til att med øvingar no. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kjell Ivar Vestrom, Hedalen, fødd 1958

Eg lærte det fyrste gitargrepet då eg var seks år gamal, og sidan har musikken hatt ein stor plass i hjartet mitt. Eg byrja også å spele piano tidleg, og var med i korps, og sidan i eit gospelkor. For 20 år sidan starta eg opp eit band som vi kalla «Jetz». Vi gav ut 3-4 cd´ar, og reiste rundt på turnear, men gav oss for ein del år sidan. No i seinare tid har vi funne saman att, og har teke til att med øvingar. Av yrke er eg musikklærar i kulturskulen, og dirigent i Hedalen songkor. Eg må seie det er veldig gjevande å få undervise dei unge i noko eg sjølv har hatt så stor glede av heile livet. Elles er eg glad i å reise, og prøver å få til minst ein tur kvart år. Eg har vore sju gonger i Etiopia, og den fyrste turen hit, gjorde noko med meg. Ja, eg vil seie det så sterkt at eg fekk eit anna syn på livet. Folka der er så utruleg gjestfrie. Dei lever i stor fattigdom, men eg vart likevel beden inn i fleire heimar og gjeve mat, sjølv om dei kanskje ikkje hadde nok til å bli mette sjølve. Og når vi ser at Etiopia har teke imot 5 millionar flyktningar endå så fattige dei er, kan vi som nasjon og folk kanskje gå litt i oss sjølve. Vi er eit av verdas rikaste land, men tel likevel på knappane, og skal helst ikkje ta imot nokon. Så er det noko vi kan trenge meir av her til lands, er det opne sinn og opne armar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑