Eg vaks opp i Davao City, som ligg i det sørlegaste området på Filippinane. Her utdanna eg meg til sjukepleiar, og jobba fyrst ved ei kreftavdeling, og sidan som lærar innan sjukepleiefaget. Og sjølv om det var ein del uro her, var det fyrst og fremst eit ynskje om forandring i jobben som gjorde at eg flytte til Norge i 2008: Jobben som lærar var ikkje utfordrande nok. Fyrst var eg au pair hjå ein familie i Akershus, før eg fekk jobb på Vangsheimen i juni 2011. Året etter var eg i Moss ein tur, der eg trefte han som skulle bli mannen min. Etter kvart fann vi ut at det skulle bli oss to, og han ville helst bli buande i Moss. Men eg trivst så godt i Vang, at han fekk grei beskjed om at dersom han ville at vi skulle vere saman, måtte han flytte oppover. Og slik vart det! No er eg med på frivilligsentralen, og dei siste fem åra har eg vore med i Vangskoret. Eg har lært mykje dialekt av å vere med i koret, noko som er bra både for meg og pasientane. På Vangsheimen har eg mest nattevakter, men når eg har tid, stikk eg innom og spelar gitar og syng for dei eldre. Då samlast alle, og av dei mest populære songane er Dei nære ting, Blåmann, Blåmann, og Den fyrste song eg høyra fekk. Eg synest det er trist at dei gamle får så lite besøk av familien, sjølv om dei bur i nærleiken. Og noko av grunnen til at eg syng for dei gamle og er med som frivillig, er for at dei ikkje skal ha det så einsamt og trist. Likeins vil eg vere til stades når eit menneske ligg for døden, for det er ikkje bra å vere åleine i ei slik stund. Nyleg søkte eg om norsk statsborgarskap. Ikkje dobbelt, berre norsk. For det er i Norge eg høyrer heime, og det er her eg vil bu. Eg et rakfisk og sursild, og når eg dreg til Filippinane for å besøkje familien, må eg ha med meg brunost! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp på gard i Skjel i Dælsbygd´n, der det vart forventa at eg deltok i gardsarbeidet frå eg var lita. Men det var systera mi som hadde odel på garden, og då tida var mogen for å ta vidare utdanning, visste eg ikkje kva eg skulle velje. Det vart til at eg jobba eitt år, og då fekk eg eit innfall om at eg skulle bli lærar. Og slik vart det. Etter lærarskulen byrja eg på Vestre Slidre skule, der eg har jobba dei ti siste åra. No underviser eg ungdomstrinnet i matte, naturfag og norsk. Eg synest det er fantastisk å jobbe med så mykje flott ungdom, og er heldig som kan vere ein stor del av livet deira. Ingen dag er lik, og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Eg har vore gift i ti år, og saman har vi to born på tre og åtte år. Mannen min tok over heimgarden sin, og driv med sau. Vi har støl på Johmssyndin, der det korkje er straum eller TV, men vi har radio og fantasien som underhaldning. Tidlegare var eg ein del av folkemusikkmiljøet, og spelte langeleik, song og dansa springar og lagdans. Dette er ei tid eg saknar litt, for her var så rause menneske, og alle var velkomne, gamal som ung. Men med familieliv, jobb og gardsarbeid, strekk ikkje tida til. No driv eg med klatring i Vang saman med dottera mi på åtte år. Dette har vi gjort i snart to år, og det er ei fin øving i koordinasjon og uthald, og gjev dessutan meistringskjensle. Eg har også ein 22 år gamal kaldblodshest. Det er reine terapien for meg, ikkje berre å ri, men også det fysiske arbeidet ved å moke i stallen, og kjenne den særeigne, gode lukta som er her. Under oppveksten lærte vi å vere tolerante, og ha ein aksept for alt og alle. Og eg håpar at eg kan gje borna våre om så berre ein brøkdel av dei verdiane eg fekk i min oppvekst, slik at dei kan bli godt rusta til å takle kvardagen. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei 15 fyrste åra av livet budde eg på Flekkerøy utanfor Kristiansand. Sidan mødrene våre var heimeverande, gjekk vi ikkje i barnehagen. Så om sumrane var det litt som i «vi på saltkråkan», og det yra med ungar ute. Alle ungane var knallbrune på ryggen, fordi vi låg så mykje på brygga og fiska krabber. Eg flytte til Søgne då eg var 15, der eg gjekk tre år på lina for landbruksfag på vidaregåande. Her var det mange praktiske fag, og eg lærte mellom anna å køyre traktor og bruke motorsag, noko som gav nyttige erfaringar inn i yrkeslivet. Skulen hadde også eigen stall der eg var veldig mykje, sidan eg har hatt ei stor hesteinteresse frå eg var 9 år. Andre året på vidaregåande møtte eg ein staut valdris. Han ville bli taksidermist, men etter at skuleåret var omme måtte han flytte til Rindal i Møre og Romsdal for å ta læretida si. Så då eg vart ferdig med tredje året, flytte eg etter. To år seinare var han ferdig med læretida, og vi flytte til Valdres i 2006. Eg jobba mellom anna som landbrukspraktikant, og på meieriet, før eg hausten 2011 byrja på desentralisert lærarutdanning på Leira. No underviser eg ungdomstrinnet ved Vestre Slidre skule i matte, norsk og naturfag, og trivst veldig godt med det. Eg er oppteken av å få elevane engasjert, og ser at det å legge inn ein del praktiske øvingar er ei god hjelp i så måte. Når eg har fri er eg veldig glad i å reise, og har vore særleg mykje i Asia. Det skuldast nok i stor grad den fyrste turen min til Thailand, og møtet med så mykje fantastiske folk, godt klima og fin natur. Eg har også vore mange turar på Filippinane, der eg har fått mange gode vener. Fyrste gongen eg var på Filippinane lærte eg å kite, og vart heilt hekta. Så det er eit fast gjeremål kvar gong vi kjem dit! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg vaks opp rett utanfor Sande i Vestfold, og fekk frå småskulealder gå ut på eigenhand, og utforske skog og mark. Dette gjorde sitt til at eg vart tidleg sjølvstendig, og ikkje hadde noko problem med å takle mitt eige nærvære. Og i tida som følgde, sto eg mykje på eigne bein. Fyrst gjekk ferda til Drammen for å gå realskulen, før eg reiste til Chicago som 17-åring, der eg tok eit skuleår. Så budde eg i Bergen i to og eit halvt år før turen gjekk vidare til Tyskland, der eg mellom anna studerte tysk, italiensk og engelsk. Ved sida av språkstudiane jobba eg som tolk, og vart i samband med dette hyra inn som vertinne under OL i München i 1972. Jobben gjekk mellom anna ut på å skaffe transport til VIP´ar og utøvarar samt bidra med tolking, og det var sjølvsagt ei artig erfaring å ha med seg! Men i 1975 ville eg heim, og tok til å søkje jobbar. Eg takka ja til stillinga som tysklærar ved ungdomsskulen i Etnedal, og tenkte at eg ikkje kom til å bli her så lenge. Men så møtte eg han Ola, som seinare vart ektemaken min, og dermed var det gjort. Han Ola var frå gard med kornproduksjon og skogsdrift, men då vi tok over bestemde vi oss for å byrje med mjølkekyr. Vi køyrde i gang att med stølsdrift på Stuveli, der det ikkje hadde vore dyr på minst 20 år, og eg vart budeie om sumaren og lærar elles i året, og det treivst eg veldig godt med! Etterkvart som vi no får litt betre tid, har eg eit ynskje om å bu i Italia ei stund, slik at eg får praktisert språket eg ikkje har brukt aktivt på 45 år. Eg vil gjerne ha med meg han Ola, men han er ganske heimekjær av seg, så eg får sjå om eg får lokka han med! Men eg skal alltids klare meg sjølv, og så lenge eg har tilgang på god jazz, god raudvin og ei god bok, er det ikkje synd på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg vaks opp, var eg ein aktiv langrennsløpar og skiskyttar. Eg var veldig ambisiøs, og som så mange før meg, vart eg overtrena. Framgangen stoppa opp, eg mista motivasjonen, og la opp i tjueårsalderen. Som beste resultat var eg med å vinne stafetten for Oppland under NM i skiskyting, og det var eit høgdepunkt i karriera mi. På fritida synest eg det er koseleg å vere med vener, ta ein bytur no og då, og gå på teater eller konsert. Men eg set òg pris på å vere åleine, særleg når eg på vårparten kan ta på meg skia, og leggje i veg i storslegen fjellnatur, i ei skiløype eg trakkar opp sjølv. Ein kajakktur ein sumardag, når Slidrefjorden ligg blikstill, er heller ikkje å forakte. Foreldra mine var båe lærarar, men eg var sjølv veldig usikker på kva eg skulle bli, og eg ville iallfall ikkje bli lærar! Men det var fyrst då eg prøvde meg som lærarvikar at brikkene fall på plass; det å vere lærar, var slett ikkje så ille! Så eg søkte meg inn på lærarskulen, og vart utdanna lærar i 1994. Eg tok til på Åsvang skule og var deretter ved Høre skule, før eg tok montessoripedagogikk, og byrja som lærar på montessoriskulen i Ulnes i 2015. Frå 2016 har eg vore rektor her. Mange er stressa i dag, for det blir stilt høge krav, og vi veks opp i ei tid med forventingar om at vi skal prestere, og vere perfekte på alle måtar. Når vi ikkje opp til desse forventingane, kan det setje djupe spor i eit ungt sinn, i lang tid framover. Så eg jobbar for at borna skal få trua på seg sjølve, og at vi må hjelpe dei å setje realistiske mål ut frå kvar den enkelte står. Og eg må seie eg blir varm om hjartet når eg møter tidlegare elevar som seier at dei er glade for at eg såg dei og forstod dei, og at eg utgjorde ein skilnad i livet deira. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg var lita, sende mora mi meg på eit kurs i saum og strikking, fordi eg var så uroleg. Etterpå byrja eg å strikke i skuletimane, så det vart nok rolegare i klassen, om ikkje anna! Det vart uansett starten på ein livslang hobby, og ei attåtnæring. Eg vaks opp i Laksevåg ved Bergen, der eg tok til som lærarvikar etter artium. Men så møtte eg Magnor i 1966, og seinare på året gifte vi oss, og flytte saman til Øystese. To år seinare spleisa eg og tre venninner på ei strikkemaskin. Og då Magnor fekk jobb som rektor ved skulen i Vang i 1972, kjøpte eg ut venninnene mine, og tok med meg strikkemaskina til Valdres. Her i Valdres var det familieliv, deltidsarbeid og ei rekkje verv som tok tida mi. Eg var mellom anna kretsleiar og landsstyremedlem i Norges Husmorforbund, leiar for Vang Høgre, leiar for Vang meinigheitsråd, og redaktør av meinigheitsbladet. Av hobbyar og interesser, kjem song og musikk høgt på lista. Eg har sunge i kor i over 40 år, og då eg slutta med det for fire år sidan, byrja eg på seniordans, og tok til å spele langeleik. Når det gjeld arbeid, har eg hatt deltidsjobb i kommunen i alle år. Noko av det mest gjevande eg har gjort, var å leie oppgraderinga av kommunehuset på byrjinga av 2000-talet. Elles må eg trekkje fram bedrifta eg starta i 1981: «IngWi Model», som framleis er i drift, der eg strikkar mellom anna genserar, kåper, frakkar og luer, med utsal frå huset. Kleda er strikka av to-tråda Raumagarn, og er av god kvalitet. Ja, det er faktisk nokon som framleis brukar klede dei kjøpte av meg på -80-talet! Kleda er populære, med kjøparar frå heile landet, og jamvel frå Sverige og USA. Og ein gong, under ei utstilling på Beitostølen, var det endatil ei dame som ville kjøpe kleda eg hadde på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er fødd i Valdres, men flytte til Oslo for å ta lærarskulen, og jobba deretter ti år som lærar utanfor dalen. Men så vart eg tipsa om ei ledig lærarstilling i Vang, så eg søkte, og fekk jobben. Etter til saman 40 år i læraryrket, har eg mange gode minne å sjå tilbake på. Mellom anna brukte eg å ta med meg klassen min til Hugakollen. Dette var ei årviss hending rett før skuleavsluttinga, og vi overnatta der, under open himmel. Og det å få liggje ute, med himmelen som einaste tak, og sjå solnedgangen og -oppgangen over Slettefjell, det veit eg at mange av elevane ser tilbake på som eit kjært minne. Etter at eg flytte heim til Valdres for over 50 år sidan, vart eg meir oppteken av lokalhistorie, og har gjennom åra gjeve ut nokre bøker med ulike tema frå Vang. Noko anna eg har hatt stor glede av, er «lesarmøtene» på Vangsheimen kvar fredag, der eg les småstubbar av ymse slag. Når eg kjem inn i rommet, sit dei som har vorte gode vener av meg i ein ring og ventar på meg, og dei er så takksame for at eg kjem, at det er reint rørande. No er eg vel vaksen sjølv, og har nådd ein alder der helsa betyr alt. Derfor prøver eg å halde meg i form, og er mellom anna særs glad i å kome meg ut på ski. Sidan 1952 har eg måla landskapsbilete, og det har vore ein fin hobby å ha. Det er natur, gamle hus og gardstun som er dei motiva eg likar best. Eg er nok ein typisk naturalist, og er fødd eit par hundre år for seint til å bli berømt. Det har eg no aldri gjort noko for å bli heller, men i fjor haust viste eg fram nokre av måleria mine for eit publikum for fyrste gong, under ei utstilling på biblioteket i Vang. Og no har et fått i oppdrag å levere 25 bilete til Valdreskalenderen neste år, og det synest eg er artig! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er lærar i elektrofag ved Valdres vidaregåande skule, og driv ein gard med vel 100 vinterfôra sau. På garden har vi sett opp nytt hus og verkstad, der eg har gjort det meste av arbeidet sjølv, og no held eg på å byggje om fjøset til sauefjøs. Fram til januar 2017 hadde vi mjølkekyr, men eg brukte så mykje tid til alt på garden at eg ikkje fekk nok tid til familien, som er dei eg har mest lyst til å vere i lag med. Derfor valde eg å slutte med krøtera. Då eg vaks opp var eg ganske liten og tynn, og etter at eg såg filmen «karate kid» for fyrste gong, vart eg veldig fascinert av kampsport. Så eg melde meg på då dei tok til med treningar i jiu-jitsu på Leira i 1990, før eg byrja med boksing i 1993, og karate året seinare. Karate er ein gamal kampsport som starta opp i Okinawa, Japan. Det er nær 200 stilartar i karate, og den eg praktiserer heiter Matsubayashi, som er den stilarten som er mest lik den opphavlege. I 2010 og 2014 var eg i Okinawa og trena med dei store meistrane. Fyrste turen vart eg gradert opp til tredje grad, eller dan, i svart belte, medan seks av dei beste karateutøvarane i verda såg på. Heile opplevinga med å vere i Japan, og få oppleve dette fantastiske landet, folket og kulturen deira, for så å bli vurdert av dei beste utøvarane i verda i ein disiplin som betyr så mykje for meg, ja det det var utruleg stort! Det gav meg minne for livet, som har fått ein stor plass i hjartet mitt. I juni 2017 vart eg gradert til fjerde dan i Bergen, av ein kar på 65 år med sjuande dan i Matsubayashi, som er den høgste graden i Europa. Det er berre to personar i heile verda som har tiande dan i svart belte. Sjølv er eg av dei tre-fire med den høgste graderinga i Norge, og det er eg litt stolt av! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Frå eg var fire år gamal dreiv foreldra mine Skogadalsbøen, ei DNT-hytte i vestre del av Jotunheimen. Det var eit paradis for oss borna å vere der om sumrane, for det var så fritt og godt. Vi møtte sjølvsagt mange turistar, og vart tidleg gode i språk. Då eg var 17 år reiste eg til USA som utvekslingsstudent, med 1400 kroner i lommepengar. Eg hadde mykje heimlengsel, likevel ringde eg heim berre to gonger det året eg var der, for det var så dyrt. Men eg sende mange brev! Det var eit lærerikt år på mange måtar. Ikkje berre fekk eg gode karakterar og vart god i engelsk, men eg vart òg sjølvstendig. Mor mi er ein godt kjend folkemusikkutøvar i Valdres, og far hennar var ein drivande dyktig felespelar. Sjølv byrja eg å spele langeleik hjå Guri Hegge då eg var 12 år gamal, og medan vi spelte, sat far hennes og hulla. Eg har vore med på fleire kappleikar, og vann Landskappleiken i 1975 og 1977. No har eg éin elev som eg lærer opp, så eg får framleis spelt litt på langeleiken. Elles dansar eg lagdans med mannen min, og vi er på Landskappleiken kvart år. Til våren skal eg gå av med pensjon, etter å ha jobba som lærar sidan 1979. Når det gjeld skulen, synest eg myndigheitene legg opp til eit løp som kan vere for mykje for ein unge. Dei legg for stort press på elevane, og ventar at dei skal vere perfekte på alle måtar. Eg saknar ein større aksept for at vi treng alle slags folk, for alle må ikkje ha universitetsutdanning. Nokon må kunne praktisk arbeid også – kven skal elles gjere jobben for at samfunnet skal fungere? På skulen er det alle slags elevar med ulike kvalitetar, og det skulle berre mangle om dei ikkje får vere den dei er. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg var 13 år gamal fekk eg for fyrste gong sjå islandshestar, og sidan drøymde eg om å få mine eigne. Men det skulle gå enno 30 år før draumen vart verkeleg. No har eg ein ganske stor flokk, og eg har fordjupa meg i alle tenkjelege emne om hestar, som til dømes hestepsykologi, flokkmentalitet, hovstell og avl, og eg har til og med lært meg å lese islandsk. Eg har òg ein database der alle islandshestane i heile verda er registrert, med stamtavler som går attende til 1800-talet. Det er mykje jobb å skule hestane til å bli tilstrekkeleg trygge på så vel framande folk, som på dei som ikkje har ride før. Men etter kvart håpar eg å byggje opp ei bedrift rundt dette med ridinga, for som den etnedalspatrioten eg er, ynskjer eg å bidra til å skape aktivitet i bygda mi. Av yrke er eg lærar, og i tillegg til lærarskulen, har eg eit årsstudium i friluftsliv frå idrettshøgskulen. Eg har vore lærar ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal sidan 1992, og eg elskar jobben min! For det å få jobbe med ungdom og gjere noko for dei, er noko eg verkeleg brenn for. Av og til tek eg med elevane opp til garden min så dei får ri, og då kjenner eg meg ekstra privilegert som kan kombinere interessene mine for ungdom, hest og friluftsliv. Alle elevane set stor pris på å få kome hit, men nokon har av ulike årsakar meir nytte av å vere her, enn andre. Og når eg frå tid til annan får høyre at eg har utgjort ein skilnad i livet til ein elev, ja då blir eg varm om hjartet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑