Tag

Lagdans

Liv Arneng, Johmsgrendé, Lomen, fødd 1985

Eg vaks opp på gard i Skjel i Dælsbygd´n, der det vart forventa at eg deltok i gardsarbeidet frå eg var lita. Men det var systera mi som hadde odel på garden, og då tida var mogen for å ta vidare utdanning, visste eg ikkje kva eg skulle velje. Det vart til at eg jobba eitt år, og då fekk eg eit innfall om at eg skulle bli lærar. Og slik vart det. Etter lærarskulen byrja eg på Vestre Slidre skule, der eg har jobba dei ti siste åra. No underviser eg ungdomstrinnet i matte, naturfag og norsk. Eg synest det er fantastisk å jobbe med så mykje flott ungdom, og er heldig som kan vere ein stor del av livet deira. Ingen dag er lik, og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Eg har vore gift i ti år, og saman har vi to born på tre og åtte år. Mannen min tok over heimgarden sin, og driv med sau. Vi har støl på Johmssyndin, der det korkje er straum eller TV, men vi har radio og fantasien som underhaldning. Tidlegare var eg ein del av folkemusikkmiljøet, og spelte langeleik, song og dansa springar og lagdans. Dette er ei tid eg saknar litt, for her var så rause menneske, og alle var velkomne, gamal som ung. Men med familieliv, jobb og gardsarbeid, strekk ikkje tida til. No driv eg med klatring i Vang saman med dottera mi på åtte år. Dette har vi gjort i snart to år, og det er ei fin øving i koordinasjon og uthald, og gjev dessutan meistringskjensle. Eg har også ein 22 år gamal kaldblodshest. Det er reine terapien for meg, ikkje berre å ri, men også det fysiske arbeidet ved å moke i stallen, og kjenne den særeigne, gode lukta som er her. Under oppveksten lærte vi å vere tolerante, og ha ein aksept for alt og alle. Og eg håpar at eg kan gje borna våre om så berre ein brøkdel av dei verdiane eg fekk i min oppvekst, slik at dei kan bli godt rusta til å takle kvardagen. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Johanna Fuglesteg, Hagabekk, Øvre Røn, fødd 1956

Frå eg var fire år gamal dreiv foreldra mine Skogadalsbøen, ei DNT-hytte i vestre del av Jotunheimen. Det var eit paradis for oss borna å vere der om sumrane, for det var så fritt og godt. Vi møtte sjølvsagt mange turistar, og vart tidleg gode i språk. Då eg var 17 år reiste eg til USA som utvekslingsstudent, med 1400 kroner i lommepengar. Eg hadde mykje heimlengsel, likevel ringde eg heim berre to gonger det året eg var der, for det var så dyrt. Men eg sende mange brev! Det var eit lærerikt år på mange måtar. Ikkje berre fekk eg gode karakterar og vart god i engelsk, men eg vart òg sjølvstendig. Mor mi er ein godt kjend folkemusikkutøvar i Valdres, og far hennar var ein drivande dyktig felespelar. Sjølv byrja eg å spele langeleik hjå Guri Hegge då eg var 12 år gamal, og medan vi spelte, sat far hennes og hulla. Eg har vore med på fleire kappleikar, og vann Landskappleiken i 1975 og 1977. No har eg éin elev som eg lærer opp, så eg får framleis spelt litt på langeleiken. Elles dansar eg lagdans med mannen min, og vi er på Landskappleiken kvart år. Til våren skal eg gå av med pensjon, etter å ha jobba som lærar sidan 1979. Når det gjeld skulen, synest eg myndigheitene legg opp til eit løp som kan vere for mykje for ein unge. Dei legg for stort press på elevane, og ventar at dei skal vere perfekte på alle måtar. Eg saknar ein større aksept for at vi treng alle slags folk, for alle må ikkje ha universitetsutdanning. Nokon må kunne praktisk arbeid også – kven skal elles gjere jobben for at samfunnet skal fungere? På skulen er det alle slags elevar med ulike kvalitetar, og det skulle berre mangle om dei ikkje får vere den dei er. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑