Tag

Landskappleik

Johanna Fuglesteg, Hagabekk, Øvre Røn, fødd 1956

Frå eg var fire år gamal dreiv foreldra mine Skogadalsbøen, ei DNT-hytte i vestre del av Jotunheimen. Det var eit paradis for oss borna å vere der om sumrane, for det var så fritt og godt. Vi møtte sjølvsagt mange turistar, og vart tidleg gode i språk. Då eg var 17 år reiste eg til USA som utvekslingsstudent, med 1400 kroner i lommepengar. Eg hadde mykje heimlengsel, likevel ringde eg heim berre to gonger det året eg var der, for det var så dyrt. Men eg sende mange brev! Det var eit lærerikt år på mange måtar. Ikkje berre fekk eg gode karakterar og vart god i engelsk, men eg vart òg sjølvstendig. Mor mi er ein godt kjend folkemusikkutøvar i Valdres, og far hennar var ein drivande dyktig felespelar. Sjølv byrja eg å spele langeleik hjå Guri Hegge då eg var 12 år gamal, og medan vi spelte, sat far hennes og hulla. Eg har vore med på fleire kappleikar, og vann Landskappleiken i 1975 og 1977. No har eg éin elev som eg lærer opp, så eg får framleis spelt litt på langeleiken. Elles dansar eg lagdans med mannen min, og vi er på Landskappleiken kvart år. Til våren skal eg gå av med pensjon, etter å ha jobba som lærar sidan 1979. Når det gjeld skulen, synest eg myndigheitene legg opp til eit løp som kan vere for mykje for ein unge. Dei legg for stort press på elevane, og ventar at dei skal vere perfekte på alle måtar. Eg saknar ein større aksept for at vi treng alle slags folk, for alle må ikkje ha universitetsutdanning. Nokon må kunne praktisk arbeid også – kven skal elles gjere jobben for at samfunnet skal fungere? På skulen er det alle slags elevar med ulike kvalitetar, og det skulle berre mangle om dei ikkje får vere den dei er. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Solfrid Olmhus, Hølera, fødd 1989

Då eg var lita hadde eg lyst til å spele trommer, men dei heime var nok ikkje så begeistra for den tanken – dei såg vel føre seg at det kunne bli mykje bråk. Så mor mi viste meg eit bilete av ein langeleik, og lurte på om eg ikkje heller ville lære å spele på den. Og slik vart det. No har eg spelt langeleik i snart 20 år, og er tilkallingsvikar ved kulturskulen i Nord-Aurdal, der eg lærar andre å spele. Eg har tidlegare vore med på fleire lokal- og landskappleikar, men det vart mindre speling då eg flytte til Oslo, der eg var i åtte år. Men no har eg flytt heimatt, og øver fleire gonger i veka. Målet er å bli meir aktiv i miljøet, og ta til att med tevlingar. Elles har eg dei siste åtte åra drive med steppedans, noko eg byrja med i Oslo. Eg vart med to andre jenter i ei gruppe vi kalla Offbeat Entertainment, og eg hugsar særleg godt ei framsyning vi hadde på eit kjøpesenter, der ei lita jente i barnevogn hylte av glede då ho såg oss danse. Når ein steppedansar, nyttar ein sko der det på undersida av solen er festa jarnplater både framme, og under hælen. Dei lysaste tonane skapast framme, og dei djupaste tonane skapast under hælen, og når vi dansar ynskjer vi å skape ei fengjande rytme, som er med å forsterke musikken. Draumen min er eit småbruk med låve, der eg kan byggje eit studio kor eg kan ta imot elevar som ynskjer å lære seg steppedans. Det hadde sjølvsagt også vore moro å arrangere festivalar, og fått inn dansarar frå inn- og utland. Enn så lenge håpar eg å få til eit steppemiljø i Valdres, og spreie dansegleda her, for etter det eg veit, er eg omtrent den einaste som driv med steppedans i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe) Sjå video av Solfrid Olmhus steppedansar ved å klikke her Sjå video av Solfrid Olmhus spelar langeleik ved å klikke her 

Sindre Tronrud, Fagernes, fødd 2000

Far min spelte trekkspel i AskerLadden, og Asle Tronrud spelar fele i Staut. Dei er tremenningar, og når dei møttest på hytta, spelte dei saman. Då stilte eg meg opp saman med dei, og lata som eg var med og spelte. Desse stundene på hytta inspirerte meg til å byrje og spele sjølv, så då eg var fem år gamal tok eg til å øve på fiolin. Eit par år seinare gjekk eg over til hardingfele, som eg har spelt sidan. Eg har vore med på fire landskappleikar der eg konkurrerer i hardingfele klasse C, som er for dei mellom 12-18 år. I fjor vart eg nummer to, eitt poeng bak vinnaren. Klasse A og B er for dei over 18 år, der klasse B er «2. divisjon». Draumen er sjølvsagt at eg kan spele meg opp i klasse A, og vinne den. Elles tok eg imot Drømmestipendet i år, som blir delt ut til 100 unge norske talent kvart år. Vi fekk 10.000 kroner kvar, og det var stor stas å få denne anerkjenninga. Jan Beitohaugen Granli er læraren min, og dessutan eit av førebileta mine. Han har mellom anna vunne hardingfele klasse A under landskappleiken. Eit av råda han har gjett meg, er å spele så mykje til dans som råd, for det er den beste treninga ein kan få. Så når høvet byr seg spelar eg opp til dans, anten åleine eller saman med andre. For tida går eg andre året på vidaregåande skule, der eg tek studiespesialisering. Etter vidaregåande vil eg søkje på folkehøgskulen på Rauland, som er ei landskjend skule med eit stort folkemusikkmiljø. Det er ikkje lett å leve av musikken, for det er mange om beinet. Så kor vegen går etter folkehøgskulen, er ikkje godt å seie. Sjå video av Sindre Tronrud her  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Marit Andrisdotter Kvam, Kvamsroné, Vang, fødd 2000

Då eg gjekk i niande klasse hadde vi arbeidsveke, der eg fekk vere med to veterinærar rundt om i Vang. Dette likte eg så godt, at eg bestemde meg for at det var veterinær eg skulle bli. Så no går eg fyrste året på linja for allmenne fag, og har ein draum om å kome inn på veterinærhøgskulen etter vidaregåande. Men eg må ha gode karakterar for å kome inn, så eg må verkeleg leggje meg i selen for å lukkast. Utanom skulen er eg leiar for Åsvang 4H, og eg er medlem av Senterungdommen. Ei av dei politiske sakene som opptek meg mest, er kommunesamanslåinga. Det kjem av at eg fryktar at det meste blir sentralisert til Fagernes dersom Valdres blir ein kommune, og at bygdene kan bli fråflytte som ein konsekvens av dette. Eg meiner at folk bør få bu og leve slik dei sjølv ynskjer, og ikkje bli tvungne til å flytte mot si vilje – for Valdres, og Vang – vil ikkje vere det same med folketome bygder. Eg vil også seie – som den vangspatrioten eg er – at det er stor stas å representere ein så flott stad som Vang, særleg når eg er utanfor Valdres. For eg er glad i Vang, og stolt av å kome frå ein gard herfrå. Av andre interesser kan eg nemne at eg har gått på kulturskulen sidan fyrste klasse, der eg har spelt fleire ulike instrument. No spelar eg munnharpe, og skal opptre på Landskappleiken for tredje gong, og det synest eg er moro å få vere med på. Elles har eg nyleg kjøpt meg rifle, for eg vil vere med på storviltjakt. Våpensøknaden er sendt inn, og eg har teke jegerprøva, så no er det berre skyteprøva som står att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑