Tag

Leira

Katrine Celius, Førsøddin, Leira, fødd 1988

Dei kjæraste barndomsminna eg har, er frå stølen til mommo på Jutulen, innanfor Kruk. Det var mykje born på hyttene rundt, og vi var ute å leikte eller bada i elva, og var nesten ikkje inne anna enn når vi åt og sov. Eg vart ofte både blaut og kald, men det gjorde ingenting, for eg var heilt utan sorger, og livet var fantastisk. No har eg sjølv to born, Helmer på fire år, og Marlon på 16 månader. Det er viktig for meg at dei også skal få gode barndomsminne, med fri leik og små eventyr. Eg har bestandig vore glad i å teikne og måle, og etter vidaregåande tok interessa mi for kunst seg opp. Eg byrja å gå på utstillingar og andre stader der eg kunne sjå kunst, og fann at dette var ei verd eg treivst veldig godt i. Derfor tok eg ei tverrfagleg utdanning i kunst i Kragerø, samt eit semesterstudie i fotografi ved Bilder Nordic i Oslo. Til dagleg jobbar eg for Kreativ Strek på Fagernes, og kombinerer jobben med eigne prosjekt innan teikning, foto og måling. Sjølv om dette er ulike kunstformer, gjev eg dei eit uttrykk som er inspirert av det same; menneske, relasjonar og banda til kulturhistoria vår. På fritida elskar eg å vere aktiv, og trenar styrke, går på ski, joggar og spelar handball. Eg har utdanning i ernæring og helse frå Høyskolen Kristiania, for eg er oppteken av folkehelse gjennom aktivitet og god, næringsrik mat. For både sterk kropp og topp! Eg er også oppteken av at born og ungdom skal få gode oppvekstvilkår med tryggleik og omsorg, og at særleg ungdommen blir sett og anerkjend. Eg får inntrykk av at det blomstrar av flott ungdom i Valdres. Vi har dei finaste områda å vekse opp i, og om vi alle også tek vare på kvarandre, og unner kvarandre det beste, ja då får vi det verkeleg godt i den vakre dalen vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Emmalyn Leorna Barcelon Løkken, Leira, fødd 1977

Eg er fødd i Leyte på Filippinane, der eg vaks opp med foreldra mine, fire systrer og ein bror. Vi var svært fattige, og budde nærast i eit lite skur på om lag 10 m2. Kosthaldet bestod av malen mais, ris og røter, men ofte hadde vi ikkje nok mat til å stagge svolten, og hadde ikkje anna å ete enn salt. Difor var eg nøydd til å byrje å jobbe då eg var sju år gamal, og slik hjelpe familien med pengar så vi skulle overleve. Likevel greidde eg å fullføre fire år med lærarstudiar ved høgskulen, og det er eg stolt av. Etter høgskulen flytte eg til Norge, for her var det betre utsikter. Eg jobba som au pair, sidan eg ikkje hadde råd til å betale for godkjenning av lærarutdanninga i Norge. Av dei 4.500 kronene eg tente i månaden tok eg 500 kroner sjølv, og sende 4.000 til familien. Pengane eg har sendt har bidrege til å finansiere nytt hus til foreldra mine, samt ein ris- og ein kokosplantasje slik at dei skal ha ei mat- og inntektskjelde. Det kjennest godt å gje noko tilbake, for dei har gjett meg så mykje kjærleik, og har ofra mykje for at eg skulle få det så bra som mogleg. Elles har eg ei dotter på 17 år, og dessutan to born på sju og ti år saman med Kristian, som eg har vore gift med i 12 år. Til dagleg jobbar eg som helsearbeidar ved miljøarbeidartenesta i kommunen, og det trivst eg godt med. Men eg jobbar på engasjement, og blir berre tilkalla når det er ledige vakter, så eg veit aldri kor mykje jobb og inntekt det blir kvar månad. Eg drøymer difor om fast stilling og tryggleik på jobben, men den største draumen er at ungane skal få gode jobbar og gode liv, for familien kjem føre alt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Espen Sundvoll, Leira, fødd 1972

Vi flytte til Valdres i 1999, fordi far min skulle overta ein gard. Det var vanskeleg å flytte frå alle venene mine i Slemmestad, men no har eg i det minste fått kontakt med dei fleste av dei på Facebook. Sidan vi flytte, har eg mellom anna hatt mitt eige program i radiostasjonen «Radio mix», der eg spelte dansemusikk og prata litt mellom songane. Eg hadde eige utstyr, og hadde sendingar heimafrå, men etter at eg hadde jobba der om lag eitt år, vart radiostasjonen dessverre nedlagd. Seinare var eg på Valdres Folkemuseum eit par år, der eg hjelpte til med å skanne inn gamle fotografi, og det var kjekt å halde på med. Eg sit i rullestol, fordi eg er fødd med ryggmargsbrokk. Dette har ikkje gått ut over det sosiale, for eg likar veldig godt å kome meg ut og prate med folk. Då tek eg ofte turen til kjøpesentera på Fagernes og Leira, for her møter eg mange eg kjenner, og som eg kan slå av ein prat med. Dessutan er eg aktiv på sosiale medier, og har meir enn 1000 vener på Facebook. Elles er eg interessert i musikk, og eg er oppteken av politikk. Sidan eg er einig i mykje av politikken til AP, vart eg partimedlem for om lag to år sidan. Dei siste tre åra har eg selt lodd for Valdres FK. Det fyrste året selde eg for 16.000 kr, i 2015 for 40.000 kr, og i fjor selde eg lodd for over 70.000 kroner. Eg skal selje lodd i år òg, og håpar eg kan slå rekorden min frå i fjor! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Frank Robert Kvannefoss, Leira, fødd 1984

Eg har vore interessert i motorsyklar så lenge eg kan hugse. Far min køyrde motorsykkel, og det var nok gjennom han at interessa mi vart vekt. Så då eg var 10-12 år gamal bestemde eg meg for at det var Harley eg skulle ha, men det skulle gå enno 15 år før det vart ein realitet. Årsaka til at eg bestemde meg for Harley, er fordi det er ein ikonisk sykkel, som det er knytt mykje historie til. Og spør du meg, har sykkelen sjel. Dessutan skil Harley seg ut frå andre typar syklar på marknaden. Nett no køyrer eg ein 1982 modell Harley Davidson Wide Glide Shovelhead. Eg er ein av sju medlemmar i motorsykkelklubben Bergulv MC, og vi køyrer alle Harley. Vi har eigen verkstad der vi skrur og byggjer om syklane våre, så det er ingen av oss som har heilt original sykkel lenger. Om sumaren køyrer vi naturleg nok ein del. Vi har klubbhus i Vang, og ligg dermed slik til, at det høver seg godt med ein vestlandstur no og då. Det fine med vestlandet, er at når ein har køyrt ein times tid kjem ein ofte til eit ferjeleie, der ein kan få seg ein pause med ein kaffikopp, og litt tulleprat. For vel så viktig som motorsyklane og sjølve køyringa, er det sosiale samhaldet med gode kameratar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Solveig Ninni Hagen, Leira, fødd 1956

Handarbeidet har vore med meg så å seie heile livet, og vi hadde undervisning i handarbeid såvel på framhaldsskulen som på husmorskulen. Eg synest det er gjevande å skapa noko, og likar å sysle med handarbeid når eg til dømes ser på tv. For det fell ikkje for meg å sitje heilt uverksam, utan å ha noko å gjere på. Mykje av det eg lagar gjev eg bort til slekt og vener, men eg har òg laga små barneklede i ull som eg har gjeve bort til prematuravdelingar ved sjukehus. Ved ambulansetenesta har dei fått det som blir kalla besøksvener av meg. Dette er små dokker som dei brukar i møte med born. Andre ting sel eg. Denne ugleputa har eg nok laga 40 stykke av, og den seinare tida har farmenlua vore veldig populær, så den er det fleire som har tinga på. Av yrke er eg hjelpepleiar ved DPS i Aurdal. Her brukar vi handarbeid aktivt som ein del av behandlinga. Mange av pasientane slit med vonde tankar, anten dei lir av eit traume, har angst eller andre utfordringar. Då er det godt for dei å få tankane over på noko anna, og det å konsentrere seg om handarbeid, har synt seg å vere særs vellukka. For dei erfaringane vi har hausta, har vist at handarbeidet kan bidra til at folk kan få det betre, og det synest eg er utruleg flott! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑