Tag

Leirskogen

Bente Kristin Skjærstein, Klukkarmoen, Bagn, fødd 1966

Dei fyrste ni åra av livet budde eg i Brumunddal, før vi flytte til Leirskogen. Då eg var 19 år fekk eg fyrste sonen min, og flytte frå barndomsheimen. Vi var i Oslo nokre år, før ferda gjekk heim til Bagn. Etter kvart fekk eg tre ungar til, og eg er heldig som har barn, svigerbarn og barnebarn rundt meg. Eg har òg ein gut i fosterheim, så hjå meg er det mykje familieliv! Eg har arbeidd  i skulen og i psykisk helseteneste, dessutan med flyktningar og framandspråklege, der eg jobba både med norskopplæring og i mottak. Elles er eg støttekontakt ein gong i veka, og eg er med på ein internasjonal kvinnekafé ein til to gonger kvar månad. Vi har fått ein del flyktningar til Bagn, og eg synest det er viktig å hjelpe dei med å bli integrerte. På kvinnekafeen får dei høve til å fortelje om seg og sitt, og vi fortel om korleis det er her, og kva som blir forventa av dei. Slik blir vi kjende med, får respekt for, og lærer av kvarandre. Dessverre er det mange som gløymer at det ikkje er lenge sidan vi òg var på flukt frå fattigdom og krig, og avhengige av andre si hjelp. Heile livet har eg vore oppteken av dei som er svakare stilt, og det er viktig for meg at eg kan vere ein ressurs i liva til dei som har bruk for meg. Drivkrafta og fokuset er naturlegvis å hjelpe, men det er også særs gjevande for meg personleg å få ta del i, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Eg synest at kvart enkelt menneske må få lov til å skine, og vere som det er, for vi er alle unike og verdifulle, sjølv om ikkje alle kan bli best. Vi er gode nok som vi er, og treng ikkje jakte på det perfekte, men heller prøve å finne gleda i kvardagen. Og akkurat no ser eg fram mot hagearbeid og verandaliv, og synest det må vere lykka på jord! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Albertsen Sørbøen, Leirskogen, fødd 1977

Eg er fødd i Oslo, men der budde eg berre det fyrste leveåret mitt. Då flytte vi til garden Veigård i Begnadalen, der mor mi var odelsjente. Her hadde eg ein trygg og god barndom, der alle kjende kvarandre. Sidan 1999 har eg budd i lag med mannen min på Leirskogen. Vi har to søner på 10 og 13 år som driv aktivt med ski og fotball, så vi er mykje på farten. Eg må seie eg er veldig glad i bygdelivet, i grenda og kommunen vi bur i, og eg likar å engasjere meg, og få ting til å skje. Det gjer eg mellom anna fordi eg er oppteken av at bygda skal vere levande, for med all sentraliseringa som skjer, kan det fort bli mange mørke glas kring oss. Eit døme på at vi ynskjer litt liv i bygda, er at vi no har invitert Teater Innlandet til å kome hit for å ha ei framsyning av stykket «Skogsmatrosen», av Jon Michelet. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg at mor mi døydde i 2009, etter ein nær ti år lang kamp mot kreft. Den siste tida verka ho frisk og rask, og ho arbeidde fram til ei veke før ho døydde. Det kom difor som eit lite sjokk då ho gjekk bort, for vi var ikkje klar over at det var så nært føreståande. Dødsfallet hennar har fått meg til å stoppe opp, og bli meir ettertenksam. Og eg har mange gonger særleg tenkt på kva ho og sønene mine går glipp av; at ho ikkje får sjå dei vekse opp, og at dei ikkje får ha henne i sine liv. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑