Tag

Margit Sandemo

Thorhild Ripe Aastveit, Vøle, Heggenes, fødd 1948

Dei fyrste to åra av livet, budde eg i Førde i Sunnfjord. Så flytte vi til Bergen for eitt år, før ferda gjekk vidare til Åsane. Men etter ei tid vart eg lei av bylivet, så då eg såg at det vart utlyst ei stilling på Yddin fjellstogo, søkte eg, og fekk jobben. Dermed sette eg nasen mot Valdres, 20 år gamal. Eg var med på oppstarten på Yddin, men etter kort tid byrja eg på Siesta kafé på Fagernes, der eg var i ti år. Dette var ei ynda «skrivestove» for Margit Sandemo, og ho og eg vart gode vener. Etter Siesta byrja eg på Heggenes Motell, der eg var fram til det vart avvikla. Men rett etter at eg kom til Valdres møtte eg mannen min, som kom frå garden vi overtok i 1971. Her var det kyr når vi kom, og vi byrja med sau. Mannen min gav meg fem sauer som eg fekk ansvar for, og slik fekk eg kjenne at eg var til nytte på garden. Noko av det beste med å flytte på garden, var at eg vart så godt teke vare på av naboane. Dei er veldig hjelpsame, for var det noko som gjekk sund, kom dei med ein gong for å hjelpe til. Eg lærte også mykje av dei som dreiv med slakting, så naboane mine får eg ikkje skrøytt nok av! Ved sidan av garden og dei andre jobbane eg har hatt, har eg drive med perlebroderi, blomar, strikking, sying og skinnfellarbeid, og så lærte eg å måle av Tutta Solberg. Så eg har bestandig hatt noko å henge fingrane i! Då eg var lita, var eg ofte på besøk hjå ei tante i Sunnfjord. Ho fekk ikkje innlagt straum før eg var 13 år, og i skjeret frå dei flakkande talgljosa, såg eg korleis ho laga mat, og ordna alt anna i huset. Eg fekk mange gode stunder i lag med tante, der ute mellom fjell og fjordar, og ho lærte meg mykje. Og denne lærdomen har kome godt til nytte, både som gardkjerring, og elles i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Heidi Kvam Hillestad, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 2000

Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑