Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
For 12 år sidan opplevde eg noko artig. Ein kar i bygda, Gunnar Bergsrud, hadde ingen etter seg, og ville gje bort garden sin, Kølhus, til ein yngre person i bygda. Eg melde mi interesse, og då det skulle avgjerast ved trekking kven som skulle overta garden, var det jammen namnet mitt som stod på lappen! Omtrent på same tida vart eg psykisk sjuk, og var veldig langt nede dei neste åra. Tidvis sat eg berre i ein stol, og håpa eg skulle få døy. Det er ikkje lett å lyfte hovudet og finne ein indre motivasjon til å ta tak i livet sitt, når ein balar med så tunge tankar. Men til slutt innsåg eg at eg måtte gjere noko, om eg skulle kome meg på beina att. Fyrst tok eg kurs i meditasjon, og seinare kurs og utdanning i familiekonstellasjonar og traumeterapi. Utdanninga gjorde at eg utvikla meg som person; eg fekk eit større perspektiv, og ei betre forståing av dei ulike sidene ved livet. Men det kravde mange år med hard jobbing, før eg klarte å karre meg tilbake til livet. Likevel er eg glad for at eg fekk oppleve denne store nedturen, for kunnskapen eg tileigna meg på vegen skulle vise seg å bli verdifull — ikkje berre for meg sjølv, men også i mitt arbeid for å hjelpe andre. No jobbar eg som miljøarbeidar på Fekjær, og eg er i ferd med å avslutte eit engasjementet som erfaringskonsulent. Eg har også leigd lokale på Joker i Hedalen, der eg skal opne eit tilbod for personar som har noko dei vil arbeide seg gjennom, eller som har eit ynskje om å gå djupare i seg sjølv. Sjølv var eg nøydd til å grave djupt for å hente krefter til å stå løpet ut, og kome dit eg er no. Og eg må seie at eg er stolt av den personen eg er i dag, for dei erfaringane eg hausta førte til at eg vart ei betre mor, ei betre kone, og eit betre menneske. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑