Tag

Mø Tre

Geir Hagen, Garli, Fagernes, fødd 1968

Rett etter at eg fylte fem år, var eg ute for ei alvorleg ulukke. Eg var ute med akebrettet mitt heime i Reinli, og ok ned til vegen. Der kom det ein bil i stor fart, og køyrde på meg. Resultatet vart eit stort brot i hovudskallen, fleire operasjonar, og mange turar på sjukehus. Skadane førte til at eg vart plaga med øyresus, store smerter og søvnproblem gjennom heile oppveksten. Eg fekk bort noko av fokuset frå øyresusen, ved å høyre på musikk. Og då eg i 12-årsalderen høyrde AC/DC for fyrste gong, fekk eg heilt dilla på gitar! Eg måtte lære å spele gitar, og byrja å mase på foreldra mine om dei ikkje kunne kjøpe ein til meg. Gleda var derfor stor då eg fekk gitar til jul, og eg tok til å spele med det same. Dei neste åra øvde eg kvar dag, somme gonger opp mot åtte timar om dagen. Det tok ikkje lange tida før eg vart med i eit band. Vi spelte rock og kalla oss Pegasus, og heldt det gåande i mange år. Så vart eg med i Jupedalen Pøbb Ensemble på midten av 1990-talet, før eg var med å starte gruppa Spinning Coins få år seinare. Spinning Coins var på god veg til å bli noko, men i 2004 la eg vekk musikken ei tid, for å prioritere familie og bygging av hus. Men musikken er ein stor del av meg, og det var ei sjølvfølgje at det skulle vere lydstudio i det nye huset. Eg hadde hatt lydstudio sidan 1997, der mellom anna opptaka til den fyrste plata til Jupedalen vart gjort. Det var likevel fyrst for fire-fem år sidan at eg starta å spele att, no med gruppa Jowana. Elles har eg jobba mykje med Rune Glimsdal, og eg byrja å spele med Mø Tre i fjor. Saman har vi spelt inn ein del låtar i lydstudioet heime. Dessutan har Spinning Coins lufta planane om eit comeback, men vi får sjå kva det blir til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Johannes Nygård, Krøsshaugen, Rogne, fødd 1965

Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑