Tag

Mobbing

Ben Ormstad, Gosen/Volbu, fødd 1985

Dei fyrste 14 åra av livet budde eg på Oppsal i Oslo. Fordi eg var liten og rund vart eg mobba frå eg gjekk i andre klasse, og då det endeleg tok slutt etter fire–fem år og eg hadde fått mange vener, ville foreldra mine ut av byen. Det var eg ikkje veldig glad for! Vi flytte til Elverum. Eg måtte byrje på nytt og få nye vener, men vart mobba den fyrste tida – denne gongen fordi eg var ein «Oslo-soss». Heldigvis gjekk det fort over, og eg fekk mange gode vener etterkvart. Opplevingane mine frå oppveksten inspirerte meg til å skrive boka Petter fra Oslo då eg var 16, som kom ut i 2013. To år seinare vart Utskudd gjeven ut, som er ei spenningsbok for ungdom, og i fjor kom kriminalromanen Selvmordet ut. No i år kjem det ut ein bokserie i tre delar som har fått tittelen Biobrikken. Dette er ein dystopisk thriller som går føre seg i nær framtid, der makteliten har bestemt at alle skal ha biobrikker under huda. Den fyrste boka i serien er nyleg utkomen, dei to siste kjem i april og mai. Eg og dama mi hadde akkurat flytt til Valdres då Petter fra Oslo kom ut. Sjefredaktøren i avisa Valdres intervjua meg i samband med utgjevinga, og då det kom fram at eg ikkje hadde jobb, fekk eg tilbod om jobb i avisa – noko eg takka ja til. Etter tre og eit halvt lærerike år i avisa, byrja eg hjå Tala for to år sidan, som er eit av dei største marknadsføringsbyråa i Valdres. Av utdanning har eg ein bachelor i psykologi, og ei utdanning innan 3D speldesign. Når det gjeld speldesign har eg ein YouTube-kanal med vel 10 000 abonnentar, der eg legg ut videoar som mellom anna viser korleis ein kan lage spel. Videoane er sett meir enn ein million gonger. Dette med speldesign og skriving er berre hobbyar. Men eg har eit mål om å utgje fleire bøker kvart år, for draumen er å ein dag kunne leve av skrivinga. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Knut Fuglesteg, Ryfoss, fødd 1949

Fyrste gongen eg oppdaga at eg hadde spesielle evner, var eg to og eit halvt år. Då såg eg ein kar som hadde døydd eit par dagar tidlegare, som sat på ein benk. Eg fekk ein øyrefik då eg sa kva eg hadde sett, for slike ting var det lita openheit om den gongen. Då eg var smågut flytte vi litt rundt, og budde mellom anna på Fuglesteg i Luster kommune, og i Årdal. Så då eg byrja på skulen, prata eg sogning. Eg var også liten og sint og hadde eit spesielt etternamn, og dette resulterte i at eg vart hardt mobba og utfrosen. Til dømes var det slik at når ein av elevane i klassen hadde bursdag så kom heile klassen, men når eg sjølv fylte år, kom det ingen. Det var vanskeleg å ikkje passe inn i den alderen, men no har det vorte meir akseptert å skilje seg ut. Og om nokon skulle finne på å kalle meg normal i dag, ja då hadde eg vorte fornærma! Dei siste 55 åra har eg drive med healing. Som healar brukar eg hendene, og prøver å styre den energien som finst i oss alle – den energien som gjer at vi «tikkar». Når eg tek på eit menneske kan eg kjenne kor det er vondt, eller eg berre får ei vissheit om kva som er gale. Eg får sjølv smerter i hendene, og dei hovnar også opp. Eg har vore forstandar i Sjamanistisk Forbund sidan 2012. Sjamanisme er ein fleire tusen år gamal åndeleg praksis, der ein må vedkjenne seg at alt er besjela. For meg blir det feil å skulle leve av healing og sjamanisme, så eg tek helst ikkje betaling. Men det hender eg får gåver, og eg forventar også å få dekka utgiftene mine. Eg driv også fjernhealing via telefon. Ved påsketider var det ei fortvila dame i Sverige som ringte meg; ho hadde ikkje vore ute av leilegheita si på 1 ½ år. Men nokre telefonar seinare stod ho ein dag på døra mi, og det var den finaste løna eg kunne få! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑