Tag

Motorsykkeltur

Jan Roger Brenden, Fredtun, Hedalen, fødd 1970

Eg er fødd og oppvaksen rett utanfor Jessheim, men reiste til Hedalen i alle feriar og mange helger, sidan far min og foreldra hans kjem herifrå. Då var vi på mange turar ute i naturen, både på ski og til fots, og eg var også ivrig med fiskestonga. Derfor vart eg tidleg glad i naturen – eg fekk eit nært forhold til Hedalen, og har hatt ein draum om å flytte hit så lenge eg kan hugse. Så eg byrja å sjå etter arbeid her, og vart veldig glad då eg fekk jobb i fabrikken hjå Hedda hytter i 2004, der eg no er fabrikkleiar. På fabrikken produserer vi element, der veggseksjonane blir laga ferdige med vindauge, isolasjon, innvendig  og utvendig panel, så hyttene er raske å sette opp. Utanom arbeidet har eg behalde friluftsinteressa, og er ofte fisketur, eller eg går ein tur i naturen. Om vinteren likar eg å pilke, eller eg tek meg ein skitur. Eg har også eit par turvener; ein Alaska husky som held meg med selskap, og når sonen min er med fyrar vi opp eit bål, for det er med på å gjere turen ekstra triveleg. Eg er interessert i gamalt handverk, og har vore på smikurs dei to siste vintrane. Eg har ei esse, men sidan eg må stå ute på gardsplassen når eg skal smi, vart det ikkje noko smiding no i sumar på grunn av turken. Så det blir nok til at eg set meg opp ei smie. Eg er også interessert  i norrøn mytologi og historie, og var på vikingtreff i Gudvangen no i sumar. Her er det ein vikinglandsby med marknad og sal av handverk og varer med tilknyting til vikingane, så det var artig å sjå. Elles køyrer eg ein 2001-modell Harley Road King med 1450 m³ motor, og har også ein Harley-Davidson Sportster ståande. Den har eg tenkt at kjærasten min skal få køyre berre ho får teke lappen, og då håpar eg at vi får mange fine turar saman. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gunnar Hansen, Furuly, Hedalen, fødd 1954

Som smågut bygde eg og fleire andre ungar ein stor indianarleir i Veme utanfor Hønefoss, der eg vaks opp. Leiren hadde sju-åtte tipi´ar og eit par steinhytter, og eg leika her nesten kvar dag i sju-åtte år, så det vart mange timar! Eit par år etter at eg var ferdig utdanna industrimekanikar, møtte eg ho som skulle bli kona mi. Vi flytte til Hønefoss og budde der fram til 1980, før vi busette oss i Hedalen, der kona mi kjem frå. Eg fekk jobb hjå Interpower i Begnadalen, men byrja etter kort tid som røyrleggjar for Ivar Lie & søner. Og sidan den gongen har eg vore røyrleggjar, dei siste åra i eige firma. No er eg pensjonist, men tek framleis på meg ein del oppdrag. Eg har vore interessert i gamle bygningar heilt sidan eg som gutunge var med og bygde steinhytter i skogen, og den store hobbyen min er å restaurere og halde ved like dei gamle tømmerhusa på setra vår, Haugevolla. Elles er eg med i fleire lag og foreiningar i bygda, mellom anna Bautahaugens vener. Bautahaugen er eit levande museum, der vi har temadagar kvar laurdag i sumarsesongen, om til dømes skinntrykk, ysting og tegerarbeid. Det er ca 1000 besøkjande innom i løpet av sumaren. Eg har også vore medlem av Vassfaret lionsklubb i 20 år. Lions er nøytral med omsyn til religion og politikk, og samlar inn pengar til veldedige formål lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dessutan sit eg i styret i helselaget, der vi mellom anna støttar ulike føremål i bygda. Av andre interesser kjem motorsykkelturar og militær tattoo høgt på lista. Når det gjeld militær tattoo er det sjølvsagt artig å sjå det på tv, men det kan ikkje samanliknast med å vere til stades. Det har difor vorte fleire turar til Oslo, og eg har endatil vore i Edinburgh to gonger! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑