Vi flytte frå Gol til Valdres då eg skulle byrje i andre klasse på barneskulen. Tidlegare hadde vi også budd på Hareid på Sunnmøre, der mora mi er frå. Far min var glad i fiske og friluftsliv, og var flink til å ta oss med ut på turar. Dermed lærte han også meg å setje pris på natur og friluftsliv, som no er av mine største gleder i livet. Eg var veldig glad i pappa, så det var eit hardt slag då han døydde av kreft i fjor. Og for å heidre han og minnet om han, har eg tatovert eit naturmotiv på armen min. Foreldra mine hadde hund, men eg ville ha ein som var berre min, så eg byrja å mase. Etter å ha venta i noko som kjendest ut som ei eve, fekk eg endeleg min eigen hund då eg var 15, og eg var så lykkeleg at det berre brusa i heile meg. Sidan har eg hatt hund, og har no ein Alaskan malamute, som eg valde fordi han taklar fjell- og skogsturar i all slags vêr. Eg har sete i styret i Valdres Hundeklubb nokre år. Vi tilbyr mellom anna ulike kurs, og har arrangert fleire meisterskap i smeller. Som medlem i hundeklubben kan du dele hundeinteressa di med fleire, og det er både sosialt, triveleg og lærerikt! Skriving er ei anna av mine store interesser. Eg skriv litt på frilanse for eit par nettredaksjonar og aviser, der temaa oftast er born og hund. Eg har også hatt nokre krimnoveller på trykk i ulike vekeblad. Men det eg likar aller best å skrive om, er ei blanding av fantasy og krim. For så lenge eg kan hugse, har eg likt magi. Magi pirrar fantasien og rokkar ved ein del førestillingar, og som skribent står ein mykje friare til å utfalde seg. Draumen er å kunne leve av skrivinga, og om nokre månader får eg min bokdebut. Då blir den fyrste boka i ein serie på tre eller fire bøker gjeven ut, så eg går ei spennande tid i møte! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har mange interesser, og engasjerer meg i mangt og mykje. Sidan eg ikkje kvir meg for å opne kjeften og seie frå, blir eg ofte valt inn i styre og stell. Til dømes har eg vore involvert i drillgruppa, allidretten, og alpingruppa, og dei siste åra har eg vore oppmann for fotballaget der dottera mi er med. Dei seks åra ungane køyrte snøcross var eg sterkt involvert i det, og då kinoen på Åsvang vart avvikla, fekk eg og ei venninne midlar frå kulturkontoret til oppgradering av utstyret, så bygdekinoen vart redda. Dessutan er eg leiar for bygdelista i Vang, samt styremedlem og sekretær i «Stabburshella». Noko av det eg har engasjert meg sterkast i, var «Dorna-saka». Dorna var fødd og oppvaksen i Vang, men då ho var 11 år gamal, fekk ho beskjed om at familien ikkje fekk opphald. Sidan foreldra hennar kom frå to ulike nasjonar, og ingen av dei fekk lov til å reise til ektefellen sitt land, ville familien bli splitta. Det var ein tidkrevjande prosess, der heile bygda engasjerte seg, og borna skreiv brev til så vel kongen som statsministeren. Heldigvis vann vi fram, og familien fekk opphald. Av andre interesser, kjem jakt høgt på lista. Det er storvilt eg jaktar på, elg og hjort, og eg har mange fine opplevingar å sjå tilbake på. Til dømes når eg går ut tidleg ein morgon, og tåkedisen ligg som eit florlett teppe, og skapar ei trolsk stemning. På veg gjennom skogen høyrer eg fuglane vakne til liv, og ser kanskje eit ekorn på lette føter på veg opp eit tre. Så bryt sola gjennom, disen forsvinn, og den trolske stemninga er med eitt over. Slike naturopplevingar, samt spenninga under sjølve jakta, der eg sit årvaken og ventar på at bikkja får los, ja, det gjev rett og slett sjelefred. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑