Tag

Nord-Aurdal kommune

Ann Kristin Nysveen, Skogli, Etnedal, fødd 1989

Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anette Kvale Rye, Hippesbygdé, Ulnes, fødd 1988

Samstundes med at eg utdanna meg til førskulelærar, jobba eg ved barneavlastinga i Nord-Aurdal kommune, der vi tok oss av born med særskilte behov. Dette arbeidet var veldig gjevande, og for meg er det ei sjølvfølgje at dei skal få dei same moglegheitene som alle andre, slik at dei kan nå så langt som råd. Sidan eg brenn for ungar, dyr og friluftsliv, tok eg med borna ut på turar med hund, der vi anten gjekk turar med hunden i band, eller dei fekk sitje på i pulk. Slik vart hundeinteressa mi vekt for alvor, så då eg var ferdig med utdanninga mi i 2011, kjøpte eg min eigen hund. No har eg seks trekkhundar av rasen Alaskan Malamute, som er ein reinrasa polarhund. Det går med mykje tid til trening av hundane, og sidan i haust, har eg køyrt snautt 300 mil. Kvar treningsøkt tek fem timar, og det blir tre-fire turar kvar veke. Men no har eg trappa opp treninga, for eg har meldt meg på VM i Sverige i mars, i det som heiter polardistans. Løpet er 160 km langt, og eg reknar med å vere i mål etter eitt eller halvtanna døgn. Eg kjem til å legge inn ein stopp annankvar time, der hundane får ein liten kvil, og litt feitt å ete på. Det blir også ein lenger stopp på opp mot fire timar, der hundane blir fôra, og får ein pust i bakken. Og er eg heldig, får eg kanskje ein liten kvil på auge sjølv også. Eg er glad for å ha fått ein sponsor, som er Link Bingo AS på Fagernes. Det hjelper på, for det kostar litt å vere med, så eg er takksam for denne støtta. Enkelte av venene mine meiner at eg brukar for mykje tid på hundane, og at eg heller burde bruke meir tid på å det sosiale. Men hundane og friluftslivet har ein stor plass i hjartet mitt, og eg er nøgd med livet slik det er no. Så får vi venene heller kose oss ekstra mykje når vi fyrst møtest. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Mette Rognås, Vinjarskogen, Aurdal, fødd 1970

Dei siste fem og eit halvt åra har eg jobba som familierettleiar ved den interkommunale barneverntenesta. Eg jobbar med familiar som har ulike utfordringar med å gje god nok omsorg og oppseding til borna sine.  Noko eg er oppteken av er det førebyggjande arbeidet, der det gjeld å kome inn så tidleg som råd. Målet er å hjelpe familiar som strevar, og vi har ei plikt til å gje rett hjelp til rett tid, slik at familien kan halde fram med å vere ein familie, der borna kan bu heime. Heldigvis har barnevernet vorte styrka dei siste åra, så vi kan setje inn fleire flotte tiltak, som kan hjelpe familiar med slike utfordringar. Det er ikkje så lett å sende ei uromelding på naboar og bekjente. Då kan det vere kjekt å vite at ein kan ringe anonymt til ein barnevernteneste på ein annan kant av landet for å drøfte saka, og få rettleiing. Ein kan også sende uromelding anonymt. Sjølv om det er vanskeleg å kontakte barnevernet, er det viktig å hugse på at vi alle har eit ansvar for å sjå til at ungane rundt oss veks opp i trygge og gode kår. Av personlege erfaringar, råka familien min ut for ei alvorleg ulukke for vel fire år sidan. Det var kveld, alle var heime, og plutseleg høyrde vi ein høg lyd. Lyden vart berre høgare og høgare, huset byrja å riste, og med eitt kjem det brasande inn store tømmerstokkar gjennom tak og vegger. Vi står skrekkslagne midt på golvet, og ser at halve huset blir knust av eit jordras. Vi var sikre på at vi skulle døy. Denne hendinga har naturleg nok gjort noko med oss, og den har gjeve oss eit anna perspektiv på livet. Vi kjenner at vi har fått ein ny sjanse, og at vi har klårare tankar om kva som er viktig og ikkje. No tek vi ikkje alt som ei sjølvfølgje, for livet er ei skjør og verdifull gåve, som vi må verne om. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Emmalyn Leorna Barcelon Løkken, Leira, fødd 1977

Eg er fødd i Leyte på Filippinane, der eg vaks opp med foreldra mine, fire systrer og ein bror. Vi var svært fattige, og budde nærast i eit lite skur på om lag 10 m2. Kosthaldet bestod av malen mais, ris og røter, men ofte hadde vi ikkje nok mat til å stagge svolten, og hadde ikkje anna å ete enn salt. Difor var eg nøydd til å byrje å jobbe då eg var sju år gamal, og slik hjelpe familien med pengar så vi skulle overleve. Likevel greidde eg å fullføre fire år med lærarstudiar ved høgskulen, og det er eg stolt av. Etter høgskulen flytte eg til Norge, for her var det betre utsikter. Eg jobba som au pair, sidan eg ikkje hadde råd til å betale for godkjenning av lærarutdanninga i Norge. Av dei 4.500 kronene eg tente i månaden tok eg 500 kroner sjølv, og sende 4.000 til familien. Pengane eg har sendt har bidrege til å finansiere nytt hus til foreldra mine, samt ein ris- og ein kokosplantasje slik at dei skal ha ei mat- og inntektskjelde. Det kjennest godt å gje noko tilbake, for dei har gjett meg så mykje kjærleik, og har ofra mykje for at eg skulle få det så bra som mogleg. Elles har eg ei dotter på 17 år, og dessutan to born på sju og ti år saman med Kristian, som eg har vore gift med i 12 år. Til dagleg jobbar eg som helsearbeidar ved miljøarbeidartenesta i kommunen, og det trivst eg godt med. Men eg jobbar på engasjement, og blir berre tilkalla når det er ledige vakter, så eg veit aldri kor mykje jobb og inntekt det blir kvar månad. Eg drøymer difor om fast stilling og tryggleik på jobben, men den største draumen er at ungane skal få gode jobbar og gode liv, for familien kjem føre alt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hilde Frydenlund Rabben, Fagernes, fødd 1961

Dei fyrste leveåra mine budde eg i Aurdal. I byrjinga av åtti-talet flytte eg til Oslo, der eg mellom anna gjekk på sekretærskule og jobba i ei personalavdeling. Men då eg etter 3–4 år i Oslo vart gravid, valde vi å flytte heim til Valdres. Etter fødselen byrja eg å jobbe i resepsjonen ved Fagernes hotell. Deretter var eg på landbrukskontoret, før eg tok til ved servicekontoret i kommunen rundt 1993/1994, der eg framleis arbeider. Vi som sit her er dei fyrste dei besøkjande til Rådhuset kjem i kontakt med. Vi møter veldig mange menneskje, og det er sjølvsagt veldig hyggeleg. Likevel hender det at eg kan bli litt metta av sosial kontakt, og då er det godt å kome heim og vere litt for seg sjølv. Eg har to søner og ei dotter som har drive aktivt med fotball, så det har vorte mykje køyring til og frå, og lite fri i helgene. Men no er dei så store at det ikkje er naudsynt å køyre dei lenger, og dermed har eg moglegheit til å gjere andre ting i helgene. Eg likar godt fjellturar sumar og haust, men er òg utruleg glad i å reise. Vi likar oss veldig godt på Kreta, og reiser ofte dit. Ein storbyferie i Europa er heller ikkje å forakte. Elles har eg lyst tilbake til USA, og eg har ein draum om ein gong å reise til Australia. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑