Tag

NRK

Harald Andris Hamre, Slidre, fødd 1945

Då eg var 15 forlét eg Slidre for å ta utdanning, og det skulle gå 47 år før eg flytte tilbake. Fyrst vart det realskule og gymnas, før eg gjekk på Norges Handelshøgskule og avtente fyrstegongstenesta. Deretter flytte eg til Oslo, og jobb i det som no heiter Innovasjon Norge. Det var i Oslo eg møtte kona mi. Ho var frå Fauske, så i 1971 flytte vi til Bodø. Etter kvart flytte vi til Austlandet att, der eg mellom anna hadde jobbar som kontorsjef i Gausdal kommune, og viseadministrerande direktør i det som no heiter SpareBank 1 Østlandet. Dei siste 27 åra i yrkeslivet jobba eg i bank, og var sterkt involvert i datautviklinga. Eg reiste mykje i Europa og USA for å følgje med på det som skjedde, og vi vart faktisk den fyrste banken i Norge som fekk nettbank. Men 47 år etter at eg reiste frå Slidre, flytte eg tilbake saman med kona mi. Vi fekk 11 år saman på mine barndomstrakter, før ho døydde frå meg i januar 2018. Vi heldt saman i nær 50 år, og det er useieleg vondt at ho ikkje lenger er hjå meg. Etter at ho vart borte, har eg reist veldig mykje. Både til vener og til stader der det kan vere fine motiv å forevige med kamera, for eg er ein over middels ivrig fotograf. Interessa for fotografering fekk eg som smågut, og eg laga meg endatil mørkerom på soverommet. Men etter at eg vart pensjonist, og særleg etter at eg vart åleine, har fotograferinga vorte noko meir enn ein hobby. Eg har vorte flinkare, og har også fått eit par–tre av bileta mine vist på NRK si vêrmelding – no sist eit fotografi frå Nøsen den 8. desember. Det var trist å bli åleine, men livet må gå vidare. Og fotograferinga syter for at eg har noko å finne på, og får fine opplevingar i naturen. For sjølv om eg har mange fine minne å sjå tilbake på, er eg ikkje metta på opplevingar enno. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tor-Evert Grøndal Johansen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1981

Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ivar Søndrol, Grindaheim, Vang, fødd 1952

Eg driv gard med 14 mjølkekyr, og kona mi er lærar. Vi har støl på Nørre Syndin, men har ikkje hatt stølsdrift etter at eg tok over garden. Men eg har gode minne frå bufarsdagane og dei lange sumrane på stølen, då her var drift. Det var spennande med alle stølsnaboane og hyttefolka, og vi ungane sat på kvar vår mjølkekrakk, og mjøka kyrne for hand. No blir stølen nytta som ein feriestad om sumaren, for så vel oss, som kyrne. Utanom garden, har eg fleire interesser: Eg har gått kurs i sylvsmedarbeid, og har mellom anna laga bunadssylv til dei tre døtrene våre og meg sjølv. Eg likar å ta naturbilete, og har også lisens på drone, der eg har hatt eitt oppdrag for NRK, og så var eg med å filme ein musikkvideo i Jotunheimen. Dessutan er eg glad i musikk, og har vore med som friviljug under Vinjerock kvart år, der den største musikalske opplevinga så langt, er Madrugada. Elles er Pink Floyd favorittbandet, og eg har vore på to konsertar med Roger Waters, og skal på ein ny no i sumar. Men den interessa som har teke det meste av tida mi, er songlaget. Sidan enkelte i koret likte å drive med revy og kabaret, har vi i ei årrekkje hatt ulike framsyningar. Olav Gullik Bø har forsynt oss med manus ved eit par høve, mellom anna til stykket om Aasmund Olavsson Vinje som vart vist på Eidsbugarden i 2001 og 2002, der eg spelte hovudrolla. Eg har fått erfare at alt ikkje er like lett heile tida. Av dei opplevingane som sit hardast i meg, var då den eine dottera vår var seks veker gamal, og vart lagt inn på sjukehus med hjernebetennelse. Det enda med at ho vart hjerneskadd. Men sjølv om det gjekk gale den gongen, har ho det heldigvis bra i dag. For no bur ho i si eiga leiligheit, sjølv om ho treng ein del hjelp. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑