Tag

Øl

Per Valland, Hølera/Bjørgo, fødd 1950

Frå eg var 12 år gjekk eg med morgonavisa på Paradis i Bergen, og når kong Olav var på Gamlehaugen, var eg også innom der. Eg fekk helse på han nokre gonger, og det var bestandig spennande! Eg vaks opp nær sjøen, og syntest det var stor stas å vere med mor og far i båt. Vi fiska, bada og gjekk i land på holmar og skjer, og kosa oss med maten som mor hadde med. Eg var også ofte i Fana roklubb, der tre av onklane mine var medlemar. To av dei, Carl Henrik og Sigurd Monssen, tok bronse i åtter under OL i London i 1948, så det var stor stas å vere i lag med dei! Som ung vart eg med i Raudekrossen, og har 50 år seinare gått dei fleste gradane. Eg har hatt samarbeidspartnarar frå heile verda, og har teke del i utviklingsprosjekt og internasjonale kontaktleirar. Det har vorte sterke møte med menneske i vanskelege livssituasjonar, men også møte med ressurspersonar i organisasjonen, samt politikarar og andre samfunnstoppar. Eg kom til Merket i 1982, fyrst som nestleiar og seinare som leiar i 19 år. Men dei siste seks–sju åra har eg vore verksemdsleiar for innvandringstenesta i Sør-Aurdal. Og eg må seie eg blir lei meg når eg ser kor lett vi set framande i bås, for når vi fyrst blir kjent, er vi ikkje så fordømande. Elles har eg klimpra på gitar sidan eg var 11–12 år, og spelte med ein del kjende musikarar i Bergen på 1970-talet, mellom andre Ove Thue. No spelar eg mest for funksjonshemja – oftast på Merket – og det er eit fint publikum å spele for! Eg likar også å jobbe med tre, og synest det er artig å vøle på gamle hus, og drive med treskjering. Heime har eg bygd ei smie, og har også planar om å setje opp eit lite vikinghus. For eg har særleg stor interesse for gamalt handverk, og har dei ti siste åra vore på vikingmuseet på Borg og undervist i gamalt handverk og byggeskikk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kristian Peter Belsheim, Ulnesøyné, fødd 1983

Eg vaks opp i Vang, og har bestandig vore veldig glad i fjellet. Derfor har det vorte mange fjellturar, både på ski og til fots. Av dei likaste turane eg har vore på, var dei tre vintrane då 8-10 kameratar av oss gjekk på ski til alle turisthyttene i Vang. Det vart mange fine stunder, og det var stas å få dele dei flotte naturopplevingane med gode vener. Då eg var 16 år gamal, flytte eg til Gjøvik for å ta vidaregåande skule. Etter tre år på Gjøvik, eitt arbeidsår og militæret, vart det tre år med studiar innan informatikk i Trondheim. Så flytte eg til Oslo, der eg jobba med drift av IT-system i nær åtte år. Den siste tida i Oslo kjende eg at tida var moden for å finne på noko anna, dessutan ville eg heim til dalen der eg har røtene mine. Eg hadde også møtt ei valdresjente, og då eg fekk ein førespurnad om å bli dagleg leiar for bryggjeriet «Små vesen», var det lett å takke ja. Det er no tre år sidan eg flytte heim, og tidlegare i vinter gifta eg meg med Cathrine, og saman har vi ei dotter på eitt og eit halvt år. På bryggjeriet produserer vi 10-12 ulike sortar øl, og vi håpar å få til tre nye sortar i år. Vi selde 45 000 liter øl i fjor, og har mål om å kome opp i 50 000 liter i år. Sidan hausten 2016 har vi hatt servering av mat og drikke i lokala våre, ein fredag i månaden. Vi har også hatt nokre konsertar. Det meste av det vi serverer av mat har lokal tilknyting, og vi brukar sjølvsagt berre prima råvarer. Vi får mange hyggelege tilbakemeldingar både på mat, drikke og god stemning, og jungeltelegrafen syter for at lokala blir fylte. I fjor hadde vi «påske-fråspark», og det skal vi ha i år òg. Då blir det grilling på terrassen og servering av godt drikke, og vi håpar sjølvsagt på sol, god stemning og mykje folk! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑