Tag

Pilot

Per Hytten, Bøaflata, Vang, fødd 1938

Snautt to veker før andre verdskrig var omme, hende det noko som eg hugsar som det skulle vore i dag. Engelskmennene sende ut meir enn 100 bombefly mot eit oljeraffineri rett utanfor Tønsberg by, fordi dei trudde at tyskarane fekk drivstoff til ubåtane sine derifrå. Men vi som budde rett ved vart også råka. Huset vårt – der det oppheldt seg ti personar – vart bomba til ruinar, men vi overlevde heldigvis alle. Det var dessverre ikkje alle i nabolaget som var like heldige, for av dei 70–80 menneska som budde her, var det berre om lag 20 overlevande. Seinare i livet skulle idrett, friluftsliv, jakt og fiske bli ein stor del av livet mitt. Av personlege rekordar kan eg nemne 6,99 meter i lengde, 11,1 på 100 meteren og 1,99 meter i høgde i den gamle saksestilen, på ei tid då norgesrekorden var to meter. Eg hoppa også 4,40 meter i stav med ein heilt stiv stav, som ikkje gav den katapult-effekten ein har i dag, medan verdsrekorden 4,77 meter. Dessutan har eg ein fjerde plass i tikamp frå NM, og eg vart også teke ut til ein landskamp i fotball, då vi den 24. juni 1956 spelte mot Danmark, og vann 3–2. Når det gjeld jakt og fiske, har eg teke ein aure på seks kilo på tørrfluge, som eg trur står som norgesrekord enno, og eg har skote eit reinsdyr som hadde ei slaktevekt på 94 kg. Elles lærte eg å flyge av Arvid Piltingsrud, som var med på bombinga av Tyskland under krigen. Sjølv tok eg flysertifikatet i 1966. Eg har også køyrt Route 66 på Harley på byrjinga av 1970–talet, noko som var ei stor oppleving. Som «hjelm» brukte eg den lua eg har på meg no. Det er nok også nokon som kjenner namnet mitt frå avisa, sidan eg har skrive om lag 120 lesarinnlegg i «valdresen». Og no har eg byrja å skrive mine memoarar, så siste ord er ikkje sagt enno! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Stein Bergum, Øystre Bagn, fødd 1957

Som 18-åring var eg lei av skulen, og flytte til Oslo. Der jobba eg eit par år for eit entreprenørselskap, før eg vart kalla ut til fyrstegongsteneste. Då var eg mykje meir målbevisst og motivert for skule, så eg søkte fleire skular, og kom inn i sjøforsvaret. Det vart to år i Horten, eitt år i Bergen, og to års pliktteneste på ein motortorpedobåt (MTB). Tidlegare hadde eg søkt på flygarskulen, og tankane om å flyge låg heile tida og murra. Så eg las meg opp på alt som hadde med fly å gjere, og det enda med at eg tok sertifikat på privatfly. Noko seinare, i 1982, reiste eg til USA og tok B-sertifikat, som gjev løyve til å flyge kommersielt. Etter kvart byrja eg å flyge for Widerøe, og kort tid etter, i 1988, for SAS. Det vart nokre år med langflyging, og mange fine opplevingar frå alle verdas kantar. Av det eg hugsar best var då eg kom til Tokyo for fyrste gong, og fekk sjå Mount Fuji i klarvêr. Ein grytidleg morgon eit par år seinare besteig eg toppen, og såg sola stå opp i havet. No har eg vore pensjonist sidan 2014, men eg har ikkje fritidsproblem! Eg likar å gå på ski og syklar for CK Valdres, og dei siste åtte-ti åra har eg reist fast på sykkelturar til Thailand og Mallorca. Dessutan er eg med i Bagn Sportskytter-klubb, og på elg- og hjortejakt om hausten. Eg brukar også mykje tid på køyretøya i garasjen. Eg har vore fascinert av bilane av typen Chevrolet Corvette i mange år, og i 1999 kjøpte eg min fyrste; ein 1969 Stingray. Denne vart selt, men eg kjøpte att ein 1976-modell, og så har eg i tillegg ein 2002-modell som eg fekk skilt på i fjor. Eg har også fleire motorsyklar som eg luftar no og då. Elles har eg ingen store planar for framtida, men tek ein dag om senn, og gjer det eg har mest lyst til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑