Eg har vore omvisar i Reinli stavkyrkje sidan 1993. Staden der kyrkja står var opphavleg ein offerplass, og ved å byggje kyrkje her, skulle ein fordrive det vonde. Den fyrste kyrkja vart bygd rett etter kristninga av Valdres i 1023. Dette var ei stolpekyrkje, med ei levetid på berre 70-100 år. Då stolpekyrkja si tid var omme, vart det sett opp ei ny kyrkje tidleg på 1100-talet, som etter ei tid brann ned. Ho vart erstatta av den noverande kyrkja, som stod ferdig ein gong mellom 1250 og tidleg på 1300-talet. På kyrkjedøra er det tre låsar, som er frå dei tre kyrkjene som har stått her. Nykelen eg held i handa har følgt alle kyrkjene, og er altså snart 1000 år gamal. Låsbeslaga er dekorert med ulike symbol, og på det eldste beslaget ser ein Odin og Tor, Midgardsormen og drakar. Det er fleire andre norrøne symbol i kyrkja, mellom anna ein smidd ring ved altaret, som skal førestille Midgardsormen, og på ein vegg finn vi ei runeinnskrift til minne om sira Tord. Dessutan er det mange som hevdar at stavkyrkjene vart sett opp av dei som bygde vikingskipa, og ser ein opp i taket, har konstruksjonen mange likskaper med eit vikingskip. Eg er levande oppteken av kulturhistorie, og omvisinga i Reinli stavkyrkje har vorte ein vesentleg del av livet mitt. Av alt eg har opplevd desse åra, var nok det artigaste då Øystein Dolmen frå Knutsen & Ludvigsen kom på omvising. Noko tidlegare, hadde eg oppdaga eit par tydelege fotavtrykk på ein tverrbjelke i taket. Og då Øystein Dolmen stod der i kyrkja, kunne eg ikkje dy meg: «Du syng om ein grevling i taket du, men det er ingenting, for her har vi fotefar i taket», sa eg, og peika på det tydelegaste fotavtrykket. Då skal eg seie deg han gjorde store auge! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Med unntak av eitt år, har eg vore på stølen kvart år sidan 1960. Stølen ligg på sørre Fjellstølen, eller Roafjellstølen som det heiter frå gamalt. Det var mange ungar her då eg var lita, og ikkje så einsamt som heime, så her var det godt å vere. Alle åra på stølen har gjeve meg mange fine minner å sjå tilbake på. Noko av det fyrste eg hugsar, er at eg byrja å drikke kaffi då eg var tre år gamal, og at eg ofte bad nabokjerringa til kaffislabberas i dokkestova. Det at eg fekk besøk av ein vaksen, var stor stas. Sjølve gardsdrifta var temmeleg tungvinn, og det var snautt med pengar, så vi fekk til dømes ikkje bil før i 1974. Det var ei folkevogn som vart brukt til å køyre så vel sauer som mjølkespann i. Eg tok over drifta då eg var 19 år gamal, sidan far min var dårleg, og eg dreiv garden heilt åleine i vel 30 år. Dei siste åra var eg veldig sliten, men eg tok ikkje omsyn til det kroppen prøvde å fortelje meg. Så eg køyrde meg sjølv for hardt, og sleit meg heilt ut. Men til sist innsåg eg alvoret, og i 2013 vart krøtera leverte. No driv eg med ein del frivillig arbeid, for eg synest det er veldig gjevande å kome meg ut og treffe andre, og kjenne at eg kan vere til nytte. Mellom anna les eg vers av Prøysen på ein kvileheim. Dette gler dei gamle seg stort over, og det er nesten ikkje måte på all takksemd eg får. Ein annan ting eg har stor glede av, er å gå turar. Eg kan knapt tenkje meg noko som er betre både for kropp og sjel enn å vere til fjells, ta ein rast ved eit vatn og tenne eit bål. For om ein er litt tung til sinns før ein går ut, har alt vorte så mykje lettare når turen er omme. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑