Tag

Rogne

Bård Riise Hoel, Rogne, fødd 1979

Eg vaks opp på gard i Oppdal, men etter ungdomsskulen tok eg fagbrev innan serviceelektronikk, og busette meg i Trondheim nokre år. Fyrst jobba eg som serviceelektrikar, men eg vart lei, så eg tok på meg eit par mellombelse jobbar som servitør og bartender. Etter å ha tenkt meg litt om, fann eg ut at eg hadde lyst til å lære å spele fele og byggje instrument. Eg kjem frå ein familie med rike handverkstradisjonar, mellom anna treskjering, dessutan er musikk viktig for meg, så det var ikkje eit heilt vilkårleg val eg gjorde. Etter eitt år på Musikkinstrumentakademiet i Sarpsborg, studerte eg folkemusikk i Rauland i to år. Så bygde eg hardingfeler som lærling på Ole Bull Akademiet i tre år, og vart felemakar. Og då eg vart henta til Valdres Folkemuseum for fem år sidan, dreiv eg min eigen verkstad på Sørlandet. Når eg lagar ei hardingfele skjer mykje på augemål, særleg på kvelvingar, utskjeringar og dekor. For å få den rette tjukkleiken og kvelvinga på loket og botnen, brukar eg mest hoggjarn og siklingar. Strengene blir laga av sauetarm og sylvtråd, av Knut Opheimsbakken her ved museet. Vi er berre ein handfull hardingfelemakarar her til lands, så vi er heldige som er to her. På fritida likar eg å spele fleire ulike instrument, og så er eg med i Valdres Kammerkor. Og medan eg budde i Trondheim spelte eg bass i eit hardrockband, så musikksmaken min er mangfaldig! Eg er også glad i å gå på konsertar, og har hatt mange store konsertopplevingar. Mindre hyggeleg var det då Pearl Jam spelte på Roskilde i 2000, der ni publikummarar vart klemt i hel. Men aller mest kosar meg saman med familien. Det vere seg om eg byggjer lego med borna, eller vi har heimelaga pizza med god raudvin til, og ser ein god film på TV. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Edvard Gulsrud, Begna, fødd 1998

På fritida er det skyting, jakt og fiske som er dei store hobbyane mine. Når det gjeld skyting, har eg vore med som deltakar på landsskyttarstemnet sidan eg var 11 år. Det har vorte finaleskyting fleire gonger, og eg har også fått medalje. For konkurranseinstinktet er det ikkje noko å seie på! Når hausten kjem, er det elgjakt som gjeld. Eg er med på jaktlaget til far min, og i fjor haust skaut eg min fyrste elg, noko som var ei stor oppleving! Sidan eg har vakse opp med elva Begna som næraste nabo, har eg ikkje reint få fisketurar bak meg, sumar som vinter. Det har naturleg nok vorte mest fisking i Begna, men eg likar også godt å reise opp på åsen for å fiske. Vi har hytte i Hedalen, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn når eg tidleg ein fin sumarmorgon dreg ut til Buvassfaret eller Øyvassfaret for å fiske. Då har eg heile dagen heilt for meg sjølv, og alt eg høyrer rundt meg er naturens eigne lydar. Det er ikkje mykje som kjem opp mot det! Eg må likevel vedgå at eg ikkje er så begeistra for å ete fisk, men fiskepinnar går greitt! I fjor haust fekk eg fagbrev som tømrar. Læretida er på to år, og eg var så heldig å få lærlingplass hjå Valdresbygg, der eg også fekk fast jobb etterpå. Den største jobben eg har vore med på var bygginga av NAUS, og akkurat no held vi på å setje opp ein tomannsbustad på Heggenes. Når vi er ferdige der, skal vi til med bygginga av Øystre Slidre helsetun. Det er langt frå den sørlegaste delen av Begnadalen til Øystre Slidre, så eg leiger ein stad i Rogne for å unngå all køyringa. Men eg reiser stort sett heimatt kvar helg, for å slappe av saman med familien. Og foreldra mine synest nok at det kan bli vel mykje avslapping, for eg synest det er godt å sove ut når helga kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marianne Hermundstad Grobakken, Køllstadbygdé, Rogne, fødd 1967

Eg vaks opp på Filefjell, vegg i vegg med besteforeldra mine, som dreiv Filefjellstuene. Her hadde eg ein trygg og god oppvekst, med tre systrer og nære vaksenpersonar. Og sidan vi budde så tett på kvarandre, vart vi ein samansveisa familie. Med særleg stor glede ser eg tilbake på alle dei fine stundene saman med bestemor. Bestemor var varm, raus og inkluderande, og eg gjekk heim til henne så ofte eg kunne. Vi hadde ikkje reint få timar saman eg og ho, og eg sette umåteleg stor pris på desse heilage stundene vi to fekk, heilt for oss sjølve. Alle turistane som kom innom, gav meg ein smak av verda utanfor, og eit ynskje om å lære språk. Så då eg som 16-åring flytte for å gå på gymnas på Fagernes, valde eg språklina, med tysk, engelsk og fransk som fag. Deretter reiste eg til Wengen i Sveits for å jobbe som au pair, for å praktisere språka eg hadde lært, og for å sjå landet. Det vart eit supert år i Sveits, der eg fekk oppleve mykje fin natur, og fekk mange gode vener. Så kvar gong det blir vist utfor frå Wengen på TV, sit eg klistra til skjermen, og speidar etter kjente! Etter året i Sveits gjekk eg lærarhøgskulen på Hamar, der eg utdanna meg til barnehagelærar. Dei neste åtte åra var eg styrar i Rogne barnehage, før eg på ny sette meg på skulebenken, og tok utdanning som allmennlærar. Så no jobbar eg på Rogne skule der eg er kontaktlærar for andre klasse, og har undervising i sjuande. Eg trivst veldig godt i læraryrket, som både er krevjande og gjevande. Ein må investere krefter og by på seg sjølv for å få dei gylne augneblinka, så ein treng eit påfyll av energi no og då. Og den likaste måten å gjere det på, er å kome heim etter ein fottur eller skitur, og setje seg godt til rette i godstolen med ei god bok. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Pål Bredesen, Moane, Rogne, fødd 1981

Far min var industrimekanikar, og hadde også verkstad heime. Eg lærte mykje av han, og fekk frie tyglar til å drive med det eg ville. Då eg var 16 byrja eg på elektrolina, samstundes med at eg var med Øyvind Abelsen og produserte lysdimmarar og -miksarar på kveldar og i helger. Etter ei stund la vi merke til at det vart meir etterspurnad etter scener. Eg laga tre–fire mobile scener i kjellaren heime, før eg etablerte firmaet MTI Norge AS i 2007, og vi er no totalleverandør av scener, lys- og lydsystem. Vi har fem årsverk, og har sett bransjestandarden innan scenemål. Dei mobile scenane vi lagar finst i fire ulike storleikar, der den minste er på 4 X 6 meter, og den største er 10 X 7 meter. Scenane blir produsert i lette og sterke material, og kan fraktast med ein stor personbil eller varebil. Men sidan vi har ambisjonar om å utvide for eksport nedover i Europa, og scenane våre blir litt for små for store festivalar, driv vi no å utviklar ein scene på 220 m². Denne må fraktast med semitrailer. Elles driv vi med import og sal av lyd- og lysutstyr, og har ein del oppdrag med rigging av utstyr til så vel mobile, som permanente scener. Dessutan driv vi med produksjon av datastyrte skjerebord, og tek på oss oppdrag som sandblåsing, sveising av alle typar metall, og lakkering. Eg er litt stolt av at vi har klart å etablere ei solid bedrift, og at vi driv i eige hus. Vi har sett opp to bygningar på til saman 1000 m², der det eine er verkstad og kontor, og det andre er lager. Og i fjor fekk vi endatil Øystre Slidre kommune sin næringspris, og det var litt stas! Utanom jobb likar eg å skru og køyre bil. Eg har ein gatebil med om lag 450 hestar, samt ein 1966 Chevelle og ein 1980-modell Corvette Stingray. Ein skal jo ha det litt moro også! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Johannes Nygård, Krøsshaugen, Rogne, fødd 1965

Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Øystein Skattebu, Rogne, fødd 1985

Eg er ein fyr med skapartrong og mange ulike interesser. Som ung prøvde eg det meste av idrett og aktivitetar, men likte best fotball og ski. Å ha det moro har alltid vore det viktigaste, og eg har alltid vore for nysgjerrig og utolmodig med å prøve nye ting, til å bli skikkeleg god i ein spesiell grein. På ungdomsskulen byrja eg å spele trommer i band med nokre kameratar. Dei neste 15 åra tok musikken det meste av fokuset og fritida, og eg var klart ein av dei minst ambisiøse idrettslinjeelevane på vidaregåande. Eg er utdanna adjunkt med musikk og historie frå Høgskulen i Volda. Tidlegare jobba eg i kulturskulen og som aktivitetsleiar ved ungdomshuset i Ørsta, men no er eg ungdomskonsulent i Øystre Slidre. Ved sidan av jobbar eg i Valdresskigard, og syslar litt som møbelsnikkar. Det blir ikkje så mykje tid til musikk for tida, men det kan fort snu. Eg ivrar for at ungdom skal få vere med på aktivitetar dei er opptekne av, der dei vert del av eit miljø, uansett interesser eller føresetnader. Som ungdomskonsulent er eg med å skape nye rammer for slikt arbeid i kommunen, gjennom oppføring av nytt ungdomshus, og i utforminga av tilbodet vi skal tilby frå hausten. Mitt ynskje er å skape ein arena der all ungdom kan oppleve meistring og samhald, med utgangspunkt i den enkelte sine interesser og behov, med særleg fokus på nye aktivitetar som er litt smale, sære, eller kanskje litt ”for moderne” for Valdres. Sjølv hadde eg ein god oppvekst med mange aktivitetstilbod, gode vener og ein fin familie, i ein kommune og region som la til rette for den aktiviteten vi ungdomane ville drive med. Eg er stolt av, og har stor respekt for å kunne vere med å føre denne tradisjonen vidare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jørgen Nordli Holden, Solhauglié, Rogne, fødd 1999

For tida går eg siste året på studiespesialisering, ved Valdres vidaregåande skule. Når skuleåret er omme vil eg jobbe eitt år, før eg mest sannsynleg vil søkje meg inn på barnevernpedagog- eller sosionomstudiet på høgskulen. Vi er nemleg ein fosterfamilie, og det har nok vekt omsorgsgenet i meg, for eg kjenner at eg har lyst til å gjere ein innsats for dei som ikkje har det så bra. Eg har også fått ei større forståing av kva for skilnad ein kan gjere i eit menneske sitt liv, og har fått kjenne kor gjevande det er å hjelpe. Då eg var ein smågut, byrja eg med teater på kulturskulen, der eg var med fram til sjuande klasse. Så vart det ei lita pause, før vi drog i gang ein kabaret i tiande klasse. Etter den tid har eg vore med på dei to siste skodespela på Solhaug 17. mai, og i år er eg med på førestillinga til Ung i Valdres for tredje gong. Neste gong eg skal i elden er 8. februar, då er det premiere på stykket «Ungarsfesten» i regi Ung i Valdres, med framsyning i kulturhuset på Fagernes. Eg har fått hovudrolla i stykket, og gler meg stort til å stå på scena igjen! Det som driv meg, er å glede, og få respons frå publikum, og klare å formidle handlinga og kjenslene i stykket, ut til salen. Dessutan har det å spele revy og teater, og stå på ein scene framfor publikum, gjeve meg ei meistringskjensle, noko som også har gjeve meg større sjølvtillit. Derfor har eg ein draum om å halde fram med teater også i framtida, og har naturleg nok tenkt litt på å søkje meg inn på teaterskulen. Men det er særs vanskeleg å kome inn, dessutan likar eg best bygdehumor og folkekomedie, så det blir vel helst ikkje noko av. Men det hadde sjølvsagt vore moro å stå på ein scene i Oslo, og spele for fullsett sal – så kven veit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sander Goflebakke Lyseng, Rogne, fødd 2002

Eg har lenge hatt lyst til å byrje med lafting, og har drive å klundra litt for meg sjølv. Men det var fyrst då eg vart med på eit laftekurs tidlegare i år, at eg verkeleg fekk dreisen på det. No har eg så smått byrja å setje opp eit lite anneks i laft, og eg har dessutan fått skore opp noko 8 toms furutømmer, som eg skal lafte ei stove av. For ei tid tilbake pussa eg opp ein moped frå botn, og no har eg plukka frå kvarandre ein gamal Ford 4000 traktor, som eg skal setje i stand att. Då eg vart konfirmert tidlegare i år kjøpte eg ein bil, ein Volvo 940 1995 modell, for konfirmasjonspengane. Bilen var temmeleg strøken, med unnatak av ein noko bulka framskjerm, så eg har retta opp skjermen, og gjort han klar til lakkering. Det har seg nemleg slik at eg likar alt som durar, så eg har både bil, seks motorsager, traktor og moped. Eg gler meg til eg blir 16 år i februar, så eg kan byrje å køyre moped. Bestefar min er med meg når eg øvingskøyrer; han køyrer bak med motorsykkel, og eg putrar fremst på moped. Han bestefar er forresten eit stort førebilete for meg. Han er både hjelpsam og snill, seier aldri nei, og er med på alt eg ber han om. Han kan og veit mykje om mangt, så dersom eg er i tvil om korleis noko skal gjerast, tenkjer eg på han, og korleis han ville løyst det. Når eg blir ferdig på ungdomsskulen til våren, vil eg ta naturbruksfag det fyrste året på vidaregåande, skogbruk det andre året, for så å bli lærling det siste året. Målet er at eg skal byrje å køyre hogstmaskin. For det likaste eg veit er å vere ute. Når eg er ute i skogen og høgg tømmer, og fyrar opp eit bål der eg kokar kaffi og steikjer flesk, då kan eg ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ingun Øyen Renna, Rogne, fødd 1989

Eg har jobba her ved Valdres Naturstein sidan 2010. Det er far min som er dagleg leiar, og eg byrja i det små som telefonvakt for å avlaste han. Men det har balla på seg med oppgåver, og no jobbar eg fulltid, og har kontroll på det meste i produksjonen. Arbeidsoppgåvene går hovudsakleg ut på å lage skiferheller etter mål, skjere heller og stein, lempe og sortere stein, og ekspedere kundar. Det har ikkje vore noko problem for meg som jente å jobbe i eit mannsdominert yrke, for alle kundane og handverkarane som er innom har vore veldig greie. Dessutan er eg litt «gutejente» , og er komfortabel i lag med gutar. Så eg trivst veldig godt i jobben, og ynskjer å ta over drifta når den tida kjem. For 9-10 år sidan tenestegjorde eg i garden, som ein vel kan kalle gutane si siste skanse. Her kom det til nytte at eg likar meg i lag med gutar! Det var veldig kjekt å vere i garden, og det var ei god skule der eg lærde å bli strukturert og nøye. Dessutan lærer ein å samarbeide med andre, og korleis ein skal stille seg til andre menneske på ein god måte. Elles er eg veldig glad i bilcross, der eg er ein ivrig tilskodar. Vi har vorte ein samansveisa gjeng som har det artig, og som trivst godt i lag. Eg reiser rundt på alle klubbløpa, samt kvalifiseringsløpa til landsfinalen, og er sjølvsagt på landsfinalen kvart år. Av meir alvorlege hendingar eg har vore ute for, var då dottera mi vart fødd ti veker for tidleg. Eg fekk svangerskapsforgifting, og det skulle gå to år med plagar av ulik art, før eg var over det verste. Heldigvis gjekk det bra med dottera mi, og ho har greidd seg bra utan seinskader av noko slag, og no smiler livet til oss båe! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arnfinn Kløvstad Nordsveen, Øvrebygdé, Rogne, fødd 1972

Då vi var små, var vi med foreldra våre til Stavern i summarferiane. Eg fekk vere med faren min og fiske småmort ved svaberga, noko som skulle bli starten på mi store interesse for fisking. Fyrst var det slukstonga som gjaldt, men då eg for alvor tok til å fiske med fluge i 2005, gjekk interessa over til å bli ein lidenskap. Så no er ute og fiskar nesten kvar dag, frå januar til månadsskiftet november/desember. Det som driv meg er naturopplevingane, dessutan synest eg det er fascinerande å finne ut kva fisken et. Nokon gonger er det veldig lett å finne den rette fluga, andre gonger er det heilt umuleg; fisken bit ikkje same kva ein byr på av godbitar. Flugene bind eg sjølv, og eg synest det er artig å eksperimentere og prøve noko nytt. Eg er med på konkurransar òg. Fyrst var eg med på casting, der eg prøvde meg på langkasting, men no er det konkurransefisking som gjeld. Eg konkurrerer i norgescupen, som er fire konkurransar i året, og NM. Kvar konkurranse går over to dagar, der det er om å gjere å ta mest mogleg fisk, og så er det premie til den som tek den største fisken. Dessutan er eg fylkesinstruktør i flugefisking i Oppland Jeger- og Fiskeforbund, og blir hanka inn som instruktør når dei lokale forbunda i Oppland ynskjer å avhalde kurs. Vi bur i eit fiskeparadis her i Valdres, og eg reiser ikkje utanfor dalen for å fiske anna enn når det er konkurransar. Men eg har likevel ein draum om ein gong å kunne reise til Patagonia i Chile, og til Island for å fiske. Ved sida av ein storslagen natur, er det mykje stor fisk her, så det er eg viss på hadde vore ei stor oppleving. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Lynn Hege Røyne Myrvang, Sælsjordet, Rogne, fødd 1969

Mor døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner. Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet! Ved sida av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi nyleg planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjev frukt etter kvart. På gardsplassen har vi sjølvbetent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg galleri. Eg brukar helst oljemåling og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også innom ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der! For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg hadde vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roald Rogne, Rogne/Fagernes, fødd 1954

For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft, etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar. Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sida av dette, har eg dei siste tjue åra eller så, teke vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med. Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp, i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp og langbord, og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑