Tag

Røntgen

Torbjørn Håkan Kjellman, Sørre Høgdé, Aurdal, fødd 1982

Etter militærtenesta var eg usikker på kva eg skulle ta meg til. På rein slump søkte eg jobb i eit bufellesskap for psykisk utviklingshemja, der Gro, som skulle bli kona mi, også jobba. Då vi hadde vore saman i om lag 10 år fekk Gro vondt i eine skuldra, og vart sendt på røntgen. Bileta synte at det var noko på lungene, så det vart teke CT og MR med det same. Og då overlegen kom inn på rommet etterpå, gav han oss beskjed om at Gro hadde lungekreft med spreiing til skjelett og lever, og at livet ikkje stod til å berge. Stemninga var sjølvsagt tung i bilen på veg heim frå sjukehuset. Vi hadde no to born, Bjørnar på sju år og Tor Kristian på tre, og eg tenkte: Kva skal ein seie til nokon som skal døy frå sine to små born? Eg ynskte å gje henne noko positivt å tenkje på, så eg fridde i bilen på veg heimatt, og veka etter gifte vi oss på Mallorca. Eg ville ikkje at vi skulle grave oss ned i tunge tankar, men at vi heller skulle ha det artig og skape gode minne den tida ho hadde att. Så vi reiste mykje, laga album og gjorde mange trivelege ting saman. Vi fekk også tid til å prate ut. Dessutan måtte eg love at eg skulle halde tale i gravferda, og at eg skulle ta godt vare på gutane våre. Eg tenkte at eg kjem ikkje til å greie å tale i kyrkja, men så snudde eg om, for om eg klarte dette, kunne eg klare alle utfordringane eg vil møte seinare i livet. Så eg heldt ei tale på 20 minutt, der eg fokuserte på alt det fine vi hadde hatt i lag. Det vart åtte tøffe månader frå ho Gro fekk diagnosen, og til ho døydde heime på bursdagen til den eldste sonen vår. Sjølv vart eg enkjemann, 30 år gamal. Men det har gått bra med gutane og meg. Gutane trivst på skulen, og eg jobbar som miljøpedagog på Valdres vidaregåande skule, der eg tek meg av elevar som treng meir oppfølging. Så livet har gått vidare, trass alt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑