Tag

Ryfoss

Inger Ågesdotter Hovengen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1956

Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg  godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Knut Fuglesteg, Ryfoss, fødd 1949

Fyrste gongen eg oppdaga at eg hadde spesielle evner, var eg to og eit halvt år. Då såg eg ein kar som hadde døydd eit par dagar tidlegare, som sat på ein benk. Eg fekk ein øyrefik då eg sa kva eg hadde sett, for slike ting var det lita openheit om den gongen. Då eg var smågut flytte vi litt rundt, og budde mellom anna på Fuglesteg i Luster kommune, og i Årdal. Så då eg byrja på skulen, prata eg sogning. Eg var også liten og sint og hadde eit spesielt etternamn, og dette resulterte i at eg vart hardt mobba og utfrosen. Til dømes var det slik at når ein av elevane i klassen hadde bursdag så kom heile klassen, men når eg sjølv fylte år, kom det ingen. Det var vanskeleg å ikkje passe inn i den alderen, men no har det vorte meir akseptert å skilje seg ut. Og om nokon skulle finne på å kalle meg normal i dag, ja då hadde eg vorte fornærma! Dei siste 55 åra har eg drive med healing. Som healar brukar eg hendene, og prøver å styre den energien som finst i oss alle – den energien som gjer at vi «tikkar». Når eg tek på eit menneske kan eg kjenne kor det er vondt, eller eg berre får ei vissheit om kva som er gale. Eg får sjølv smerter i hendene, og dei hovnar også opp. Eg har vore forstandar i Sjamanistisk Forbund sidan 2012. Sjamanisme er ein fleire tusen år gamal åndeleg praksis, der ein må vedkjenne seg at alt er besjela. For meg blir det feil å skulle leve av healing og sjamanisme, så eg tek helst ikkje betaling. Men det hender eg får gåver, og eg forventar også å få dekka utgiftene mine. Eg driv også fjernhealing via telefon. Ved påsketider var det ei fortvila dame i Sverige som ringte meg; ho hadde ikkje vore ute av leilegheita si på 1 ½ år. Men nokre telefonar seinare stod ho ein dag på døra mi, og det var den finaste løna eg kunne få! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kine Ramsland, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1985

Dei 15 fyrste åra av livet budde eg på Flekkerøy utanfor Kristiansand. Sidan mødrene våre var heimeverande, gjekk vi ikkje i barnehagen. Så om sumrane var det litt som i «vi på saltkråkan», og det yra med ungar ute. Alle ungane var knallbrune på ryggen, fordi vi låg så mykje på brygga og fiska krabber. Eg flytte til Søgne då eg var 15, der eg gjekk tre år på lina for landbruksfag på vidaregåande. Her var det mange praktiske fag, og eg lærte mellom anna å køyre traktor og bruke motorsag, noko som gav nyttige erfaringar inn i yrkeslivet. Skulen hadde også eigen stall der eg var veldig mykje, sidan eg har hatt ei stor hesteinteresse frå eg var 9 år. Andre året på vidaregåande møtte eg ein staut valdris. Han ville bli taksidermist, men etter at skuleåret var omme måtte han flytte til Rindal i Møre og Romsdal for å ta læretida si. Så då eg vart ferdig med tredje året, flytte eg etter. To år seinare var han ferdig med læretida, og vi flytte til Valdres i 2006. Eg jobba mellom anna som landbrukspraktikant, og på meieriet, før eg hausten 2011 byrja på desentralisert lærarutdanning på Leira. No underviser eg ungdomstrinnet ved Vestre Slidre skule i matte, norsk og naturfag, og trivst veldig godt med det. Eg er oppteken av å få elevane engasjert, og ser at det å legge inn ein del praktiske øvingar er ei god hjelp i så måte. Når eg har fri er eg veldig glad i å reise, og har vore særleg mykje i Asia. Det skuldast nok i stor grad den fyrste turen min til Thailand, og møtet med så mykje fantastiske folk, godt klima og fin natur. Eg har også vore mange turar på Filippinane, der eg har fått mange gode vener. Fyrste gongen eg var på Filippinane lærte eg å kite, og vart heilt hekta. Så det er eit fast gjeremål kvar gong vi kjem dit! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tor-Evert Grøndal Johansen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1981

Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Strand, Ryfoss, fødd 1968

Då eg vaks opp, var eg ein aktiv langrennsløpar og skiskyttar. Eg var veldig ambisiøs, og som så mange før meg, vart eg overtrena. Framgangen stoppa opp, eg mista motivasjonen, og la opp i tjueårsalderen. Som beste resultat var eg med å vinne stafetten for Oppland under NM i skiskyting, og det var eit høgdepunkt i karriera mi. På fritida synest eg det er koseleg å vere med vener, ta ein bytur no og då, og gå på teater eller konsert. Men eg set òg pris på å vere åleine, særleg når eg på vårparten kan ta på meg skia, og leggje i veg i storslegen fjellnatur, i ei skiløype eg trakkar opp sjølv. Ein kajakktur ein sumardag, når Slidrefjorden ligg blikstill, er heller ikkje å forakte. Foreldra mine var båe lærarar, men eg var sjølv veldig usikker på kva eg skulle bli, og eg ville iallfall ikkje bli lærar! Men det var fyrst då eg prøvde meg som lærarvikar at brikkene fall på plass; det å vere lærar, var slett ikkje så ille! Så eg søkte meg inn på lærarskulen, og vart utdanna lærar i 1994. Eg tok til på Åsvang skule og var deretter ved Høre skule, før eg tok montessoripedagogikk, og byrja som lærar på montessoriskulen i Ulnes i 2015. Frå 2016 har eg vore rektor her. Mange er stressa i dag, for det blir stilt høge krav, og vi veks opp i ei tid med forventingar om at vi skal prestere, og vere perfekte på alle måtar. Når vi ikkje opp til desse forventingane, kan det setje djupe spor i eit ungt sinn, i lang tid framover. Så eg jobbar for at borna skal få trua på seg sjølve, og at vi må hjelpe dei å setje realistiske mål ut frå kvar den enkelte står. Og eg må seie eg blir varm om hjartet når eg møter tidlegare elevar som seier at dei er glade for at eg såg dei og forstod dei, og at eg utgjorde ein skilnad i livet deira. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Odd Harald Rogn Tveit, Tveitaroné, Ryfoss, fødd 1969

Heilt sidan eg var smågut, har eg hatt interesse for bilar og mekanikk. Og etter at eg hadde ordna meg til ein verkstad på garden der eg vaks opp, laga eg ein bil då eg var 13-14 år gamal. Eg sveisa ramma sjølv, og tok delar frå ymse køyretøy og mykje anna rart. Forstillinga og motoren vart henta frå ein Opel, og så laga eg eit lite lasteplan og skjermar av trevirke. Bilen vart mest brukt på garden, men eg køyrde han også til og frå stølen. Restane av bilen kan du sjå bak meg, men han har stått ute dei siste 20 åra, og ber sterkt preg av det. Eg fann tidleg ut at det var mekanikar eg skulle bli, og etter at eg hadde gått maskin/mek. og landmek., tok eg fagprøve som bilmekanikar. No er eg næraste nabo til garden eg vaks opp på, og har hatt verkstad her sidan 1997. Eg tek imot alle slags køyretøy til reparasjon, men eg reparerer òg andre ting. Ein gong fekk eg endatil inn eit heimebrentapparat som eg sette i stand att! Det er mykje å gjere, og eg skulle nesten ynskje at døgnet hadde hatt fleire timar, for eg har mange prosjekt eg har lyst til å bli ferdig med. Ved sida av at eg har fleire bilar eg gjerne skulle restaurert, mellom anna ein A-Ford og to T-fordar, har eg eit småbruk med om lag 60 søyer. Eg har òg ei sag der eg sagar stokkar til lafting, men til no har eg dessverre ikkje hatt tid til å drive noko særleg med det. Utpå seinsumaren får eg inn ein lærling, og til vinteren vonar eg det kan bli litt roligare, så kanskje eg får litt betre tid til prosjekta mine etter kvart? No ja, det seier eg forresten kvart år, så eg får ta det som det kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Knut Belgum, Kvismo, Ryfoss, fødd 1968

Eg har bestandig vore fascinert av offroad-bilar, ATV’ar og andre terrenggåande køyretøy, så då eg fekk sjå ein fatbike for fyrste gong, likte eg han med det same. Og då eg fekk prøve ein slik sykkel, vart eg imponert over kor lett han tok seg fram, og kor lite slitasje den forårsaka i terrenget. Så det tok ikkje lange stunda før eg kjøpte meg ein. Med sine breie dekk er den svært anvendeleg, og eg brukar han kvar dag, både sumar og vinter. Frå før dreiv eg med spinning, men med ein slik sykkel kjem eg meg meir ut, og det har gjeve meg mange fine naturopplevingar. Samstundes er det fin trening. Når vi fyrst er inne på naturopplevingar, må eg fortelje at eg ein periode hadde ekstrajobb på Dikemark. Ein av kollegaene mine der var opphavleg islending, og for fire år sidan inviterte han meg til fødelandet sitt. Eg vart reint hugteken av landet, både av folket, kulturen og landskapet, og sidan har eg vore der kvart år. Sist eg var der hadde eg med meg kjærasten min, og vi var der ei veke. Då leigde vi oss ein bil og køyrde rundt heile øya. For meg verkar islendingane til å vere jordnære, og dei er flinkare til å halde fast ved tradisjonane sine, enn det vi er. Dei er òg veldig opne og gjestfrie, så eg vil anbefale alle som ikkje har vore der, til å ta seg ein tur. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑