Tag

Safari

Anne Marie Hovi, Beitostølen, fødd 1964

Som kokkelæring var eg til sjøs, noko eg treivst veldig godt med. Men reiaren valte å flagge ut, så eg flytte heim til Valdres, og tok til å arbeide på Beitostølen. Her har eg jobba på hotell, i restaurant, som resepsjonist og på kafeteria, før eg i mars i år skifta beite, og byrja å selje klede. Eg var ikkje eingong interessert i klede då eg flytte inn på Stølstunet for å starte butikk, men eg er veldig spontan av meg, så eg hoppa i det. Og det har eg ikkje angra på, for eg synest det er veldig artig! Butikken min heiter Marnes Mote. Namnet Marne var eit namn eg fekk av tanteungane mine då dei var små, sidan dei ikkje klarte å seie Anne Marie. Men dei heldt fram med å kalle meg Marne også etter at dei vart store, så namnet har eg hatt i tjue år no. Marnes Mote sel dameklede, og vi legg vekt på at alle skal finne noko dei likar; gamal og ung, liten og stor. Her er klede i alle prisklassar, opp til storleik 52. Det er ikkje så mange klesbutikkar i øvre Valdres, så dei fleste kundane mine kjem frå Vang, Øystre og Vestre Slidre. Elles har eg drive med teater, eg spelte klarinett i musikklaget og var med i husflidslaget, og eg er framleis med i helselaget. Dessutan prøver eg å vere med på det som skjer i nærmiljøet, og stille opp på dugnader, for å støtte opp om det som skjer i bygda. Men det er ikkje heile tida det klaffar, sidan eg jobbar ein del kveldar og helger. Eg likar også godt å reise, særleg når eg kan kombinere det med ei teaterframsyning. Av favorittreisemåla er områda rundt Gardasjøen i Italia, Praha, Bratislava og austeuropeiske land generelt. Og sjølv om eg ikkje er så interessert i dyr, synest eg det var kjempeartig å vere på safari i Kenya, og sjå dei eksotiske dyra i sitt naturlege miljø. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bjørg Elisabeth Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1946

Besteforeldra mine var hedølar, og bygde seg hytte på Teinevassåsen allereie i 1913. Eg nytta meg ein del av hytta i åras løp, og vart tidleg glad i Hedalen. Sjølv er eg fødd i Drammen, men flytte til Oslo i 1964, der eg tok lærarskulen, og gjekk eitt år på idrettshøgskule. Så vart eg gift med ein hedøl i 1968, men vi flytte ikkje til Hedalen før sankthans 1980. Same haust byrja eg som lærar ved Hedalen barne- og ungdomsskole, der eg var i 28 år. Skulane her til lands har nær radert bort formingsfaga, og det gjer meg bekymra: Korleis skal ungane lære seg handlag, og løyse praktiske oppgåver no? All fokus er på teori, og ein må vel snart teikne pannekakene på skulekjøkenet! Sjølv har eg bestandig hatt glede av handverksarbeid, og har også arrangert skinnfellkurs gjennom  mange år. Så det gler meg stort at vi har eit husflidslag som arrangerar strikkekaféar, kurs i knivmaking, teger- og skinnfellarbeid, for eg brenn for å ta vare på dei rike handverkstradisjonane våre. Elles er eg aktiv i foreiningslivet i Hedalen, mellom anna i Bautahaugens venner, som har hatt ei rekkje utstillingar der hedalskulturen blir vist fram. Eg synest det er viktig at vi kjenner våre tradisjonar og historie, for blir det gløymt, mistar vi mykje av identiteten vår. Eg er glad i å reise, og av store opplevingar kan eg nemne turane til høvesvis Sør-Afrika før jul, og til Nord-Norge i fjor sumar. Sør-Afrika var fylt av kontrastar, med alt frå stor fattigdom, til safari og mykje fint å sjå. Nord-Norge var fantastisk, med vakker natur, midnattssol, og store reinflokkar. Så i fjor var eg både på Nordkapp og Kapp det gode håp, og vart mange gode minner rikare! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ola Johan Kongslien, Ulnes, fødd 1988

Det er ikkje alle karar som er fødd og oppvaksne i Valdres som kan seie at dei har vorte «tvangsgifte», men det kan eg! Ho som skulle bli kona mi hadde nemleg sjukepleiepraksis i Tanzania, og ein gong eg reiste ned for å besøkje henne, fekk eg fyrste kvelden beskjed om at dagen etter skulle vi gifte oss! Eg visste ikkje noko om at ho hadde førebudd bryllaup til eg kom, så det var mildast tala ei stor overrasking. Før vigselen fekk vi to timar ekteskapsrådgjeving, der kona mi mellom anna fekk beskjed om at ho skulle lystre sin mann! Vi vart vigde av ein lokal prest, og til stades var ei rekkje masaikrigarar, og 15-20 sjukepleiarstudentar frå Akershus. Forlovaren min var hovdingson og masaikrigar, og under kleda hadde han ein 50 cm lang kniv. På festen etterpå spelte eit lokalt band, og minst 100 menneske frå landsbyen dansa og underheldt. Bryllaupsreisa gjekk til Zanzibar dagen etter, og vi køyrde 12 timar med buss for å kome oss dit. Vel framme reiste vi på safari, og fekk sjå det rike dyrelivet, og alt det fine som Afrika har å by på. Det var eit makelaust flott bryllaup, og eit minne for livet! No, seks år seinare, har vi nett kjøpt oss hus i Ulnes. Her bur vi saman med sønene våre, som blir to og fire år seinare i år. Eg er eigentleg odelsgut på ein gard i Vang, men det er bror min som kjem til å ta over drifta. For tida arbeider eg ved fengselet i Slidreøya, og trivst veldig godt med det. Ved sidan av jobbane våre driv vi og pussar opp huset og jobbar i hagen, og med to søner som er aktive og fulle av liv, er det full fart og mykje å henge fingrane i! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑