Tag

Samhald

Miriam D. Haugen, Hedalen, fødd 1974

Etter seks år i Bærum – der eg tok utdanning som vernepleiar og jobba som miljøarbeidar – flytte eg og mannen min heim til Hedalen, der vi båe er oppvaksne. For tida er eg konstituert tenesteleiar i tilrettelagte tenester, men eg har også jobba som miljøterapeut med menneske med utviklingshemming, i barnehage og som sakshandsamar, etter at vi flytte heim. Eg likar godt å jobbe ute med ungar, og saknar det frå tida i barnehagen. Men sidan eg har eit stort hjarte for Ildjarnstad 4H – der eg er klubbrådgjevar på fjerde året – får eg dekt noko av saknet der. Som person er eg engasjert og har omsorg for dei rundt meg. Eg er særleg oppteken av at dei som veks opp i bygda vår, skal kjenne tilhøyrsle. For eg opplever at dei som veks opp i dag, treng tilhøyrsle og tryggleik for å takle alle vala dei må treffe i ungdoms- og vaksenlivet.     Sjølv har eg har fått tre kjekke born, som no er i alderen frå 13 til 19 år. Og når dei no veks til, er det godt å tenkje tilbake på dei opplevingane vi har hatt i lag – det vere seg hytte- og teltturar, feriar og helgekos, men også i kvardagen. For vi har lagt vekt på å gjere noko saman som alle likar, og det har gjeve eit godt samhald i familien. Sidan eg har den jobben eg har, møter eg mange menneske som har det vanskeleg, og det kan også gå inn på meg. Derfor har eg lært meg nokon måtar å få reinska opp i hovudet, så eg ikkje skal bli heilt tappa for krefter. Då kan eg legge meg godt til rette i sofaen med ei god bok, eller eg ser ein krim eller eit reiseprogram på tv. Men den beste medisinen for kropp og sjel, er å ta ein tur til fjells. Der eg går i stilla, utan andre lydar enn naturens eigne, koplar eg heilt ut i hovudet. Og når eg då kjem heimatt, er eg som eit heilt nytt menneske. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Ingunn Grønhaug, Brunbakklia, Hedalen, fødd 1972

Det vart tent ein gneist i meg då eg jobba eitt år som assistent på Fagerli leirskule utanfor Geilo rett etter millenniumskiftet, og eg fekk lyst til å satse på dette i yrkeslivet. Så etter å ha teke grunnfag i pedagogikk og jobba som skiinstruktør på Skeikampen, flytte eg heim, og fekk ei stilling på Vassfaret leirskule. Det er om lag 1000 elevar frå 6. og 7. klasse som er innom hjå oss i løpet av året. Vi har fokus på uteaktivitetar, der mellom anna fjellturar, bading, ski- og snøholeturar, samt overnatting i lavvo, står på menyen. Undervegs fortel vi segner, forteljingar og krigshistorie knytt til plassane vi dreg på tur til, der Berte Skrukkefyllhaugen, Mikkjel Fønhus og Edvard Elsrud naturlegvis blir mykje sitert. Vi har også litt teoretisk undervising om plantar, dyr og natur, som ungane også får sjå i praksis når vi er ute på tur. Eg meiner at vekesopphaldet hjå oss er viktig for elevane, fordi dei veks på dei erfaringane dei haustar. Mange av dei har ikkje overnatta borte før, og det å vere vekk frå heimen desse dagane, gjev ei kjensle av meistring. Dessutan blir elevane kjende med kvarandre på ein annan måte, og samhaldet blir styrka. Utanom jobben er friluftsliv, fotball og reising nokre av interessene mine. Eg følgjer naturlegvis med no når det er fotball-VM, og det er Brasil som er favorittlaget. Når det gjeld reising, held eg meg unna turistmagnetane, og søkjer meg til meir «fjerne» strok. Eg likar å oppleve noko nytt og autentisk, og ynskjer å sjå det kvardagslege mennesket, og få oppleve den lokale kulturen og maten. Av dei meir særeigne rettane eg har smakt, var då eg fekk servert marsvin i Andesfjella. Og det var no ikkje så ille! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑