Tag

Sau

Trond Gudbrand Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1970

Vi budde i Kolbotn fram til eg var ti år. Då flytte vi til Hedalen, til slektsgarden der far min vaks opp. I ungdomstida vart eg interessert i friluftsliv, etter at vi hadde jakt og friluftsliv som valfag på ungdomsskulen. Læraren tok oss mellom anna med på snøholeturar, vi tok jegerprøvekurs, og var på rypejakt. Elles dreiv eg med skihopp, volleyball og fotball, og gjekk idrettslina på Fagernes. Og sidan det høyrer 1000 mål skog til garden, gjekk eg lina for skogbruk i Hov i Land, og lina for utmarksforvalting ved distriktshøgskulen på Evenstad i Østerdalen. Så flytte eg heim for å ta over garden i 1995, kjøpte ti sauer av naboen, og var så smått i gang. Eg er interessert i naturforvalting, og er oppteken av at vi må utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Plantar og tre bind opp mykje CO₂, men skog og kratt må tynnast og hoggast så det ikkje rotnar på rot. Så må krattet og hogsten brukast, til dømes til dyrefôr, byggemateriale og ved, så det kjem til nytte. No ser vi at fjellet gror ned grunna mindre hogst, færre beitedyr og mildare vêr, og hadde det ikkje vore for beitedyra, hadde det grodd ned endå fortare. Dessutan må eg seie eg blir oppgjeven når avisene skriv at bøndene ikkje tek omsyn til miljøet, for om vi ikkje kan drive som no, kvar skal vi få maten vår frå då? No har eg om lag 100 vinterfôra sau, så det er travelt under lamminga, men eg har heldigvis god hjelp av sambuaren min og mora mi. Og når vi fyrst er inne på lamming, må eg nemne ein syttande mai for nokre år sidan. Eg var nede i bygda, oppkledd i bunad og min finaste stas. Så fekk eg beskjed om at det var lamming på gang, og eg kasta meg i bilen og køyrde oppatt det fortaste eg vann. Men så viste det seg at alle arbeidskleda mine var på vask, og det enda med at eg måtte ta kleda frå fugleskremselet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Ågesdotter Hovengen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1956

Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg  godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Liv Arneng, Johmsgrendé, Lomen, fødd 1985

Eg vaks opp på gard i Skjel i Dælsbygd´n, der det vart forventa at eg deltok i gardsarbeidet frå eg var lita. Men det var systera mi som hadde odel på garden, og då tida var mogen for å ta vidare utdanning, visste eg ikkje kva eg skulle velje. Det vart til at eg jobba eitt år, og då fekk eg eit innfall om at eg skulle bli lærar. Og slik vart det. Etter lærarskulen byrja eg på Vestre Slidre skule, der eg har jobba dei ti siste åra. No underviser eg ungdomstrinnet i matte, naturfag og norsk. Eg synest det er fantastisk å jobbe med så mykje flott ungdom, og er heldig som kan vere ein stor del av livet deira. Ingen dag er lik, og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Eg har vore gift i ti år, og saman har vi to born på tre og åtte år. Mannen min tok over heimgarden sin, og driv med sau. Vi har støl på Johmssyndin, der det korkje er straum eller TV, men vi har radio og fantasien som underhaldning. Tidlegare var eg ein del av folkemusikkmiljøet, og spelte langeleik, song og dansa springar og lagdans. Dette er ei tid eg saknar litt, for her var så rause menneske, og alle var velkomne, gamal som ung. Men med familieliv, jobb og gardsarbeid, strekk ikkje tida til. No driv eg med klatring i Vang saman med dottera mi på åtte år. Dette har vi gjort i snart to år, og det er ei fin øving i koordinasjon og uthald, og gjev dessutan meistringskjensle. Eg har også ein 22 år gamal kaldblodshest. Det er reine terapien for meg, ikkje berre å ri, men også det fysiske arbeidet ved å moke i stallen, og kjenne den særeigne, gode lukta som er her. Under oppveksten lærte vi å vere tolerante, og ha ein aksept for alt og alle. Og eg håpar at eg kan gje borna våre om så berre ein brøkdel av dei verdiane eg fekk i min oppvekst, slik at dei kan bli godt rusta til å takle kvardagen. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Lynn Hege Røyne Myrvang, Sælsjordet, Rogne, fødd 1969

Mor mi døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner. Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau, og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet! Ved sida av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjev frukt etter kvart. På gardsplassen har vi sjølvbetent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg galleri. Eg brukar helst oljemåling, og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der. For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg sat i vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑