Tag

Seniordans

Ingebjørg Mansåker Wigdel, Lundsmarka, Grindaheim, fødd 1946

Då eg var lita, sende mora mi meg på eit kurs i saum og strikking, fordi eg var så uroleg. Etterpå byrja eg å strikke i skuletimane, så det vart nok rolegare i klassen, om ikkje anna! Det vart uansett starten på ein livslang hobby, og ei attåtnæring. Eg vaks opp i Laksevåg ved Bergen, der eg tok til som lærarvikar etter artium. Men så møtte eg Magnor i 1966, og seinare på året gifte vi oss, og flytte saman til Øystese. To år seinare spleisa eg og tre venninner på ei strikkemaskin. Og då Magnor fekk jobb som rektor ved skulen i Vang i 1972, kjøpte eg ut venninnene mine, og tok med meg strikkemaskina til Valdres. Her i Valdres var det familieliv, deltidsarbeid og ei rekkje verv som tok tida mi. Eg var mellom anna kretsleiar og landsstyremedlem i Norges Husmorforbund, leiar for Vang Høgre, leiar for Vang meinigheitsråd, og redaktør av meinigheitsbladet. Av hobbyar og interesser, kjem song og musikk høgt på lista. Eg har sunge i kor i over 40 år, og då eg slutta med det for fire år sidan, byrja eg på seniordans, og tok til å spele langeleik. Når det gjeld arbeid, har eg hatt deltidsjobb i kommunen i alle år. Noko av det mest gjevande eg har gjort, var å leie oppgraderinga av kommunehuset på byrjinga av 2000-talet. Elles må eg trekkje fram bedrifta eg starta i 1981: «IngWi Model», som framleis er i drift, der eg strikkar mellom anna genserar, kåper, frakkar og luer, med utsal frå huset. Kleda er strikka av to-tråda Raumagarn, og er av god kvalitet. Ja, det er faktisk nokon som framleis brukar klede dei kjøpte av meg på -80-talet! Kleda er populære, med kjøparar frå heile landet, og jamvel frå Sverige og USA. Og ein gong, under ei utstilling på Beitostølen, var det endatil ei dame som ville kjøpe kleda eg hadde på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arna Bjørneskaret, Briskebyen, Bagn, fødd 1948

Dei siste åra har eg vore aktivitetsleiar på dagsenteret for eldre i Hedalen og Bagn, noko eg synest er veldig kjekt. Dessutan er eg leiar for seniordansen på Bagn, og eg er med på seniordansen ved Vikatunet på Fagernes. Høgdepunktet for oss seniordansarar er nok landsstemnet, som blir arrangert annakvart år i Håkonshallen på Lillehammer. Då er vi til saman 12.000 deltakarar, og i tillegg til dansen har vi hyggeleg samvære på kvelden, med god mat og drikke. Eg likar å halde meg aktiv, og har mange hobbyar. Ved sida av at eg strikkar til alle tantebarna mine, driv eg med mellom anna never- og tægerarbeid, hatteforming, baking og gamaldans. Eg gjekk òg ein del i fjellet tidlegare, men etter at eg fekk problem med ryggen og hoftene, har det vorte mykje mindre av det. Når det gjeld tægerarbeidet, er det ein tidkrevjande prosess. Det er likevel verd det, for korgene blir fine. Tæger er dei tynne greinene som ein finn på røtene til eit bjørketre, og for å få tak i dei, må ein grave dei opp av bakken. Det er om å gjere at tægene er så lange som råd, så ein må vere varsam når ein grev dei opp, så ein ikkje slit dei av. Når ein har fått tægene opp av jorda, blir dei fyrst reinska for jord og bork, og deretter lagt til tørk. Så blir dei bløytt opp, før ein endeleg kan ta til med sjølve bindinga. Så det går mange timar på å lage sjølv ei lita korg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Randi Hamre Berge, Fagernes, fødd 1940

Eg gjekk av med pensjon i 2005 etter vel 30 år som lærar. Rett før eg vart pensjonist hadde eg mange hyggelege samtaler med folk, som etterkvart vart til fire bøker med ulike livshistorier. Eg er glad for at eg fekk lov å skrive ned historiene deira, så dei kunne bli bevara for ettertida. Eg likar òg å måle, både akvarell og akryl, og kvar veke er eg med på seniordans på Vikatunet. Vi er meir enn 30 stykke på seniordansen, og det gjer god trening både fysisk og mentalt. Dessutan er det veldig triveleg og sosialt. Elles er eg glad i å reise. Diverre vart eg enkje for tjue år sidan, men eg har heldigvis ei trufast reisevenninne. Vi prøver å få til to utanlandsturar kvart år. Ei anna stor interesse eg har er sykkelturar. Eg fekk meg elsykkel for 5-6 år sidan, og den kan eg ikkje få skrøytt nok av!  Det gjev meg ei enorm fridomskjensle når eg susar opp bakkane, fleire gonger raskare enn eg kunne fått til med ein vanleg tråsykkel. Eg har hatt mange fine turar med sykkelen. Her til lands har eg mellom anna sykla Rallarvegen, på Mørekysten og Helgelandskysten, og eg har hatt fleire fine turar på fjellet. Utanlands har eg sykla i Berlin, Italia, Kreta og Mallorca, og eg har vore på tre turar langs Donau. Men det er ikkje så lett å få med nokon på min eigen alder på sykkeltur, så då eg sykla i Dolomittane i fjor, tok eg med meg son min! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑