Tag

Sjukepleie

Hans Enger, Fagernes, fødd 1947

Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar. Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni. Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne. Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger! No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv. Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Shiela Joy Betinala, Lundsmarké, Vang, fødd 1977

Eg vaks opp i Davao City, som ligg i det sørlegaste området på Filippinane. Her utdanna eg meg til sjukepleiar, og jobba fyrst ved ei kreftavdeling, og sidan som lærar innan sjukepleiefaget. Og sjølv om det var ein del uro her, var det fyrst og fremst eit ynskje om forandring i jobben som gjorde at eg flytte til Norge i 2008: Jobben som lærar var ikkje utfordrande nok. Fyrst var eg au pair hjå ein familie i Akershus, før eg fekk jobb på Vangsheimen i juni 2011. Året etter var eg i Moss ein tur, der eg trefte han som skulle bli mannen min. Etter kvart fann vi ut at det skulle bli oss to, og han ville helst bli buande i Moss. Men eg trivst så godt i Vang, at han fekk grei beskjed om at dersom han ville at vi skulle vere saman, måtte han flytte oppover. Og slik vart det! No er eg med på frivilligsentralen, og dei siste fem åra har eg vore med i Vangskoret. Eg har lært mykje dialekt av å vere med i koret, noko som er bra både for meg og pasientane. På Vangsheimen har eg mest nattevakter, men når eg har tid, stikk eg innom og spelar gitar og syng for dei eldre. Då samlast alle, og av dei mest populære songane er Dei nære ting, Blåmann, Blåmann, og Den fyrste song eg høyra fekk. Eg synest det er trist at dei gamle får så lite besøk av familien, sjølv om dei bur i nærleiken. Og noko av grunnen til at eg syng for dei gamle og er med som frivillig, er for at dei ikkje skal ha det så einsamt og trist. Likeins vil eg vere til stades når eit menneske ligg for døden, for det er ikkje bra å vere åleine i ei slik stund. Nyleg søkte eg om norsk statsborgarskap. Ikkje dobbelt, berre norsk. For det er i Norge eg høyrer heime, og det er her eg vil bu. Eg et rakfisk og sursild, og når eg dreg til Filippinane for å besøkje familien, må eg ha med meg brunost! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jon Holden, Belgji, Ulnes, fødd 1942

Då eg var 24 år tok eg over garden i Røn, etter at far min vart sjuk. Etter kvart kom eg borti homeopati, og eg brukte det på kyrne. Fordelane med homeopati jamfør til dømes antibiotika var openberre, og etter denne oppdaginga hadde eg ikkje lenger bruk for veterinæren sine tenester. Så då eg etter 25 års gardsdrift gav meg som bonde, valde eg å satse på homeopati og naturmedisin som mitt levebrød. Då fjøskleda vart hengt bort for godt, tok eg ei tre år lang utdanning innan homeopati. Dessutan studerte eg psykoterapi i fire år, samt kvantemedisin, og eg har også medisinutdanning som sjukepleiar, og grunnfag i medisin. Eg har drive praksis i Oslo, Spania og på Hamar, og våren 2013 flytte eg tilbake til Valdres, der eg starta opp butikk og praksis på Fagernes. Butikken går godt, og frå nyttår har eg tilsett ein leiar, for eg vil ha tilbake tida mi. Dessutan har eg lyst til å satse meir på kvantemedisin, som går ut på å måle og justere dei ulike frekvensane som vi alle har i kroppen. For kjem ein frekvens ut av takt, blir vi sjuke. Men ved hjelp av eit særskilt apparat kan desse frekvensane justerast, slik at pasientane kan bli friske. Døme på det ein kan gjere er å fjerne feitt frå blodårene, og dermed senke blodtrykket. Elles har eg vore involvert i eit par prosjekt i Afrika; «Better Globe», og «Child Africa». Når det gjeld «Better Globe», har vi planta 1 million mahognitre i ein halvørken i Kenya. Trea er rasktveksande og blir brukte i møbelproduksjon, noko som kjem lokalbefolkninga til gode. «Child Africa» er ei skule for born som har foreldre utan midlar, der borna får utdanning til og med vidaregåande skule. Interesserte kan kontakte meg for meir informasjon om prosjekta. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Brenna, Skrautvål, fødd 1997

Då eg var lita, syntest eg det var veldig artig å få ansvaret for fjøsstellet åleine, og kjenne at eg vart tiltrudd eit så stort ansvar. Det var også artig å leike med kalvane, og lære dei opp til mellom anna å hoppe hinder. Dessutan var det stor stas med alle hyttefolka og ungane deira, som kom innom på stølen for å sjå på dyra våre, og då særleg kalvane. Oppgåvene på ein gard er mangfaldige, og ein lærer noko nytt heile tida. Eg fekk også vere med far min på mange av oppdraga hans som snikkar, så eg lærte meg tidleg å arbeide. Eg set veldig stor pris på at eg fekk ein slik oppvekst, for eg har fått med meg gode verdiar heimanfrå, og har mange fine minner å sjå tilbake på. For tida er eg student ved høgskulen på Gjøvik, der eg går andre året på sjukepleiarutdanninga. Når eg er heimatt i helger og feriar, jobbar eg på VLMS og ved eit barneavlastingstilbod på Leira. Dessutan hjelper eg til på garden, og eg trenar ein del, så det er ikkje vanskeleg å få tida til å gå. Sidan tida no har vorte knappare, såg eg meg nøydd til å leggje langrennssatsinga på hylla i fjor. Eg vann fleire krinsmeisterskap, men det som var gjevast å vere med på, var hovudlandsrennet, der dei beste 15- og 16-åringane i landet konkurrerer. Her fekk eg ein fjerdeplass som den beste individuelle plasseringa mi, dessutan var eg med og tok gull i stafett for laget til Oppland. Etter studiane har eg lyst til å arbeide med barn/ungdom, aller helst førebyggjande. Men eg er òg glad i dyr, og er ikkje framand for å ta over garden. Uansett kva som skjer, vil eg helst bli buande i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2021 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑