Tag

Skiløyper

Ottar Haugen, Ringjarhaugen, Skrautvål, fødd 1926

Det var mykje slit då eg vaks opp, og knapt med pengar. I ungdomsåra dreiv eg i skogen, og jobba som tenestegut på eit par gardsbruk om sumaren. Dette var før krigen, og eg tente mellom ei og to kroner dagen, men spedde noko på inntekta ved å setje ut rypesnarar. Etter krigen var eg mellom anna i tysklandsbrigaden, og jobba deretter eit par år som snikkar i Oslo. Då var lønningane mykje betre, og eg tente ni kroner timen då eg byrja, og hadde 13 kroner timen på slutten. Så tok eg over heimgarden på midten av femtitalet, og dreiv med mjølkekyr fram til sonen vår tok over i 1991. No har helsa vorte dårlegare, men eg var med i fjøset fram til for tre–fire år sidan, og køyrde møkk til eg var 88. Ei stund på 1940– og –50-talet dreiv eg med skiskyting. Vi gjekk ei hard løype; frå skulehuset, ned til isen på fjorden og oppatt. Skytinga føregjekk med Krag, og blinkane var figurar som stod gøymt på vilkårlege plassar i skogen, så det gjaldt å ha augene med seg! Elles brøytte eg skiløyper frå borna våre var små og fram til eg vart 86, og var dessutan tidtakar på klubbrenn. Den fyrste tida laga eg skispora ved å gå tre runder rundt løypa på ski, så det var ei stor lette då det vart kjøpt snøskuter i 1978. For innsatsen eg la ned, vart eg valt til æresmedlem i Skrautvål idrettslag i 2007. Jakt og fiske har vore to av dei store lidenskapane mine i livet. Eg gjekk på elgjakt fram til eg var 85 år, og hadde då jakta i 63 år, og felt meir enn 70 elgar. Men dei turane eg hugsar best, var når eg reiste til fjells med fiskestonga midtsumars. På turen gjennom skogen kunne eg høyre gauken som gol, og orrfuglen spele. Vel framme ved vatnet gjorde eg opp eit bål, og kokte meg kaffi. Då skal eg seie deg at eg kosa meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Mona Gottenborg Stavedal, Aurdal, fødd 1971

Eg og mannen min, Vidar, har sidan 2005 drive Stavadalen skisenter, som ligg før bommen til Nordre Fjellstølen, om lag fire km ovanfor Reinli stavkyrkje. Det var etter at Vidar var med å setje opp ein heis i Reinli, at han fekk idéen om skiheis i Stavadalen. Heisanlegget og kafeen vart finansiert ved sal av hytter og hyttetomter, og vi investerte 24 millionar den gongen vi starta opp. Då vi byrja på jobben med skisenteret, var det veldig få hytter her, og berre enkelte fastbuande. Til no har vi selt 99 einingar, og Stavadalen har vorte ei levande bygd med mange fleire hytter. Etter kvart som det har vorte fleire hyttefolk i området, har også skisenteret vorte meir besøkt. Derfor har vi dei siste åra bygd på kafeen, vi har fått ny heis i familieanlegget, og har investert i eit snøproduksjonsanlegg. I kafeen har vi lagt om til ein sunnare meny, og etter utvidinga har vi hatt dåp, konfirmasjon og catering i lokala våre. Dessutan arrangerer vi kvart år rakfiskhelg, der vi er vel 50 til bords, men på festen etterpå er det opp til 100 menneske til stades. Då er det levande musikk, og fullt kjør! Elles har vi snøskuterkøyring for born, karusell med tube, kanefart og langrennsløyper, og det er eit fantastisk fint turområde i fjella rundt. Til sumaren skal vi lage til ein aktivitetspark, der vi tenkjer det skal vere mellom anna zip-line, gullgraving, hopping i høy, kanskje nokre vassaktivitetar, og traktor- eller sykkelbane. Det er rett og slett eit eldorado for borna her oppe, og når aktivitetsparken blir ferdig, blir det nok ikkje mindre populært! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑