Tag

Skinnfell

Siri Ødegaard, Øygarden, Etnedal/Begnadalen, fødd 1971

Eg hadde ein trygg og god oppvekst på eit mjølkebruk i Etnedal. Det var mykje å gjere, og mange ulike arbeidsoppgåver å løyse. Eg og dei tre syskena mine hjelpte sjølvsagt til, noko som gav god læring til seinare i livet. I tenåra var eg au pair i Sveits eitt år, før eg tok utdanning innan språk, filosofi og religion, og var lærar i Trondheim, Nordre Land og heime i Etnedal dei neste åra. Så overtok eg garden i 2010, tok agronomutdanning, og byrja med mohairgeiter – for eg ville drive garden på min måte. Ved sida av garden, hadde eg ein fantastisk jobb i kommuneadministrasjonen, og var assisterande rådmann på slutten. Men eg slutta til nyttår i fjor, og valte å gje slepp ein sikker jobb for å satse på gründerdraumen på Piltingsrud gard i Begnadalen. Eg hadde nemleg møtt ein kar med dei same verdiane og ambisjonane som meg, og vi var einige om at vi skulle satse på denne tradisjonsrike storgarden ved elvebreidda til Begna. Her på Piltingsrud er det skogsdrift og kjøtproduksjon, og frå sumaren blir vi også ein overnattings- og opplevingsgard. Eg tok med meg dei 40 mohairgeitene mine frå Etnedal, og sel skinnfellar, garn og ulike strikka produkt av mohairull i gardsbutikken vår, der vi også har ulike kjøtprodukt av vilt og storfe til sals. Vi har 200 aberdeen angus storfe, eit par dølahestar og ein lama som vaktar geitekillingane, og skal også få oss eit par grisar for å gjere garden endå meir barnevenleg. Det er lange dagar med mykje jobbing, for vi må ruste opp garden slik at vi kan gje gjestene ei best mogleg oppleving. Det som driv oss, er å ta vare på dei ressursane vi har, både i oss og rundt oss, og skape noko som kan glede andre menneske. Sidan dette i tillegg gjev arbeidsplassar til bygda, kan vi leve godt i vissheit om at vi har skapt noko bra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bjørg Elisabeth Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1946

Besteforeldra mine var hedølar, og bygde seg hytte på Teinevassåsen allereie i 1913. Eg nytta meg ein del av hytta i åras løp, og vart tidleg glad i Hedalen. Sjølv er eg fødd i Drammen, men flytte til Oslo i 1964, der eg tok lærarskulen, og gjekk eitt år på idrettshøgskule. Så vart eg gift med ein hedøl i 1968, men vi flytte ikkje til Hedalen før sankthans 1980. Same haust byrja eg som lærar ved Hedalen barne- og ungdomsskole, der eg var i 28 år. Skulane her til lands har nær radert bort formingsfaga, og det gjer meg bekymra: Korleis skal ungane lære seg handlag, og løyse praktiske oppgåver no? All fokus er på teori, og ein må vel snart teikne pannekakene på skulekjøkenet! Sjølv har eg bestandig hatt glede av handverksarbeid, og har også arrangert skinnfellkurs gjennom  mange år. Så det gler meg stort at vi har eit husflidslag som arrangerar strikkekaféar, kurs i knivmaking, teger- og skinnfellarbeid, for eg brenn for å ta vare på dei rike handverkstradisjonane våre. Elles er eg aktiv i foreiningslivet i Hedalen, mellom anna i Bautahaugens venner, som har hatt ei rekkje utstillingar der hedalskulturen blir vist fram. Eg synest det er viktig at vi kjenner våre tradisjonar og historie, for blir det gløymt, mistar vi mykje av identiteten vår. Eg er glad i å reise, og av store opplevingar kan eg nemne turane til høvesvis Sør-Afrika før jul, og til Nord-Norge i fjor sumar. Sør-Afrika var fylt av kontrastar, med alt frå stor fattigdom, til safari og mykje fint å sjå. Nord-Norge var fantastisk, med vakker natur, midnattssol, og store reinflokkar. Så i fjor var eg både på Nordkapp og Kapp det gode håp, og vart mange gode minner rikare! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marianne Bakke Bjørnstad, Hedalen, fødd 1962

Strikking og skinnfellarbeid, er to av mine store lidenskapar. Eg lærte å strikke av naboen då eg var seks år gamal, og det fyrste eg skulle strikke, var ein firkanta gryteklut. Det gjekk bra det, bortsett frå at grytekluten ikkje vart firkanta! Skinnfellarbeidet tok eg til med for om lag seks år sidan. Eg kjøper ferdige saueskinn som eg syr saman, og ved hjelp av trykkblokker og tekstilfargar, lagar eg mønster på kjøtsida av skinna. Vi er ein gjeng på 10-12 stykke som held på med dette, og som møtest ein gong i månaden. Nokon reiser endatil heilt frå Horten for å vere med. Den dagen eg fylte 30 år døydde far min, etter kort tids kreftsjukdom. Eg vart sint, og syntest det var urettferdig at eg skulle miste han så tidleg. Men sjølv om han var sjuk berre ei kort stund, fekk vi likevel snakka ein del saman. Vi fekk teke farvel, og det er eg glad for. Mannen min vart òg råka av sjukdom, då han vart hjartesjuk for nokre år sidan. Ei tid seinare var eg redd eg skulle miste han. Han vart innlagd på sjukehuset for eit rutineinngrep, men hjartet hans stoppa, og dei fekk så vidt liv att i han. Då han vakna til att, sa han at han hadde vore på den andre sida. Han sa at han hadde sett eit lys, og at han hadde høyrt stemmer. Eg er ikkje personleg kristen, men eg trur at det er noko meir. Det har denne hendinga som mannen min opplevde bidradd til, og det har ført til at eg har fått ei litt anna perspektiv på livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑