Tag

Skiskyting

Vegard Kjøs Egge, Ellestadbygdé, Lomen, fødd 1988

Fram til eg var 18 dreiv eg med skiskyting, men eg var for dårleg til å skyte, så eg gjekk over til langrenn i staden for. Og då eg var ferdig på vidaregåande flytte eg til Lillehammer, der eg dei neste fem åra satsa på langrenn for fullt. Som beste resultat fekk eg 25. plass i NM for seniorar. Ved sida av langrennssatsinga var eg student. Det vart ein bachelor i idrettsfag, eit årsstudium i økonomi, og eitt år med praktisk pedagogisk utdanning. Deretter vart det eitt år med studiar innan spesialpedagogikk på idrettshøgskulen i Oslo, før eg vende nasen heim, og byrja som idrettslærar på Valdres vidaregåande skule. På skulen underviser eg i langrenn og skiskyting. Eg har med meg nokre nyttige erfaringar i tida frå eg sjølv var aktiv, som eg tenkjer elevane mine kan dra nytte av. For eg lærte mykje om meg sjølv då eg trente regelmessig 10–12 økter i veka. Både om det reint kroppslege og kva som må til av trening, og at ein må evne å hente ut det siste av krefter, men også at ein må vere strukturert og ha evne til planlegging. Dessutan var eg for ivrig, og trente litt feil og for mykje. Eg ville for mykje for fort. Og når ein sjølv har kjent dette på kroppen, er det lettare å sjå teikna hjå andre. Elles er eg oppvaksen på gard, og skal ta over drifta om ikkje så lenge. Eg driv også med jakt og fiske, og unnar meg ein tre veker lang utanlandstur kvar sumar. Då reiser eg gjerne til Frankrike, der eg mellom anna har vore og sett Tour de France eit par gonger, men USA er også veldig fint.   Og sjølvsagt brenn eg for fysisk aktivitet. Eg ser at elevane trivst i aktivitet, og eg er sjølv ein ivrig mosjonist: Eg går mykje på ski, og spelar også fotball for FK Vang. Det er så rart med det; alt går så mykje lettare når ein kjem seg ein tur ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marte Døvre-Holdal, Skrautvål, fødd 1998

På idrettslina hadde vi mykje undervising om kroppen, og det syntest eg var så interessant, at eg ville lære meir. Men eg hadde inga erfaring frå helsearbeid, og var litt i tvil om det var det rette for meg. Så etter tre år på idrettslina byrja eg i staden på pedagogikk, for eg tenkte at det kunne eg uansett ha bruk for, sjølv om eg berre gjekk eitt år. Hadde eg derimot teke eit studium innan helse, måtte eg gå minst tre år for å kunne ha nytte av det. Studiet i pedagogikk gjekk føre seg i Oslo, og det var greitt nok. Men det var fyrst då eg kom til Oslo at eg verkeleg skjønte kor glad eg er i Valdres, og at det er her framtida mi skal vere. Eg fullførte skuleåret no i vår, og var heimatt kvar helg. Ikkje berre fordi eg lengta heim, men også for å hjelpe til på garden. Sidan mars i år har eg jobba ved korttidsavdelinga på VLMS, og har fått prøvd ut om ein jobb innan helse er noko for meg. Og det er det! Derfor søkte eg meg inn på sjukepleierskulen, der eg tok til no i haust. Studiet er 75% deltid, så eg må gå fire år i staden for tre. Det er heilt greitt, for då kan eg halde fram med å jobbe på VLMS, men også på G-Sport, der eg er på femte året. Tidlegare dreiv eg med ski, skiskyting og fotball, og no har eg så smått byrja å vere med på handballtreningane til Fagernes/Øystre Slidre. Eg er også veldig glad i friluftsliv, og då særleg fjellturar om sumaren, og skiturar vinterstid. Kva framtida har å by på veit ingen, men ein ting er sikkert, og det er at eg vil bu i Valdres! Eg vil også fullføre utdanninga mi, og kanskje ta vidareutdanning etterkvart. Og dersom alt blir lagt til rette, ynskjer eg å ta over garden. Men det ligg framleis eit stykke fram i tid, så vi får sjå korleis det blir når den tida kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ottar Haugen, Ringjarhaugen, Skrautvål, fødd 1926

Det var mykje slit då eg vaks opp, og knapt med pengar. I ungdomsåra dreiv eg i skogen, og jobba som tenestegut på eit par gardsbruk om sumaren. Dette var før krigen, og eg tente mellom ei og to kroner dagen, men spedde noko på inntekta ved å setje ut rypesnarar. Etter krigen var eg mellom anna i tysklandsbrigaden, og jobba deretter eit par år som snikkar i Oslo. Då var lønningane mykje betre, og eg tente ni kroner timen då eg byrja, og hadde 13 kroner timen på slutten. Så tok eg over heimgarden på midten av femtitalet, og dreiv med mjølkekyr fram til sonen vår tok over i 1991. No har helsa vorte dårlegare, men eg var med i fjøset fram til for tre–fire år sidan, og køyrde møkk til eg var 88. Ei stund på 1940– og –50-talet dreiv eg med skiskyting. Vi gjekk ei hard løype; frå skulehuset, ned til isen på fjorden og oppatt. Skytinga føregjekk med Krag, og blinkane var figurar som stod gøymt på vilkårlege plassar i skogen, så det gjaldt å ha augene med seg! Elles brøytte eg skiløyper frå borna våre var små og fram til eg vart 86, og var dessutan tidtakar på klubbrenn. Den fyrste tida laga eg skispora ved å gå tre runder rundt løypa på ski, så det var ei stor lette då det vart kjøpt snøskuter i 1978. For innsatsen eg la ned, vart eg valt til æresmedlem i Skrautvål idrettslag i 2007. Jakt og fiske har vore to av dei store lidenskapane mine i livet. Eg gjekk på elgjakt fram til eg var 85 år, og hadde då jakta i 63 år, og felt meir enn 70 elgar. Men dei turane eg hugsar best, var når eg reiste til fjells med fiskestonga midtsumars. På turen gjennom skogen kunne eg høyre gauken som gol, og orrfuglen spele. Vel framme ved vatnet gjorde eg opp eit bål, og kokte meg kaffi. Då skal eg seie deg at eg kosa meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Strand, Ryfoss, fødd 1968

Då eg vaks opp, var eg ein aktiv langrennsløpar og skiskyttar. Eg var veldig ambisiøs, og som så mange før meg, vart eg overtrena. Framgangen stoppa opp, eg mista motivasjonen, og la opp i tjueårsalderen. Som beste resultat var eg med å vinne stafetten for Oppland under NM i skiskyting, og det var eit høgdepunkt i karriera mi. På fritida synest eg det er koseleg å vere med vener, ta ein bytur no og då, og gå på teater eller konsert. Men eg set òg pris på å vere åleine, særleg når eg på vårparten kan ta på meg skia, og leggje i veg i storslegen fjellnatur, i ei skiløype eg trakkar opp sjølv. Ein kajakktur ein sumardag, når Slidrefjorden ligg blikstill, er heller ikkje å forakte. Foreldra mine var båe lærarar, men eg var sjølv veldig usikker på kva eg skulle bli, og eg ville iallfall ikkje bli lærar! Men det var fyrst då eg prøvde meg som lærarvikar at brikkene fall på plass; det å vere lærar, var slett ikkje så ille! Så eg søkte meg inn på lærarskulen, og vart utdanna lærar i 1994. Eg tok til på Åsvang skule og var deretter ved Høre skule, før eg tok montessoripedagogikk, og byrja som lærar på montessoriskulen i Ulnes i 2015. Frå 2016 har eg vore rektor her. Mange er stressa i dag, for det blir stilt høge krav, og vi veks opp i ei tid med forventingar om at vi skal prestere, og vere perfekte på alle måtar. Når vi ikkje opp til desse forventingane, kan det setje djupe spor i eit ungt sinn, i lang tid framover. Så eg jobbar for at borna skal få trua på seg sjølve, og at vi må hjelpe dei å setje realistiske mål ut frå kvar den enkelte står. Og eg må seie eg blir varm om hjartet når eg møter tidlegare elevar som seier at dei er glade for at eg såg dei og forstod dei, og at eg utgjorde ein skilnad i livet deira. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑