Tag

Skrautvål

Marte Døvre-Holdal, Skrautvål, fødd 1998

På idrettslina hadde vi mykje undervising om kroppen, og det syntest eg var så interessant, at eg ville lære meir. Men eg hadde inga erfaring frå helsearbeid, og var litt i tvil om det var det rette for meg. Så etter tre år på idrettslina byrja eg i staden på pedagogikk, for eg tenkte at det kunne eg uansett ha bruk for, sjølv om eg berre gjekk eitt år. Hadde eg derimot teke eit studium innan helse, måtte eg gå minst tre år for å kunne ha nytte av det. Studiet i pedagogikk gjekk føre seg i Oslo, og det var greitt nok. Men det var fyrst då eg kom til Oslo at eg verkeleg skjønte kor glad eg er i Valdres, og at det er her framtida mi skal vere. Eg fullførte skuleåret no i vår, og var heimatt kvar helg. Ikkje berre fordi eg lengta heim, men også for å hjelpe til på garden. Sidan mars i år har eg jobba ved korttidsavdelinga på VLMS, og har fått prøvd ut om ein jobb innan helse er noko for meg. Og det er det! Derfor søkte eg meg inn på sjukepleierskulen, der eg tok til no i haust. Studiet er 75% deltid, så eg må gå fire år i staden for tre. Det er heilt greitt, for då kan eg halde fram med å jobbe på VLMS, men også på G-Sport, der eg er på femte året. Tidlegare dreiv eg med ski, skiskyting og fotball, og no har eg så smått byrja å vere med på handballtreningane til Fagernes/Øystre Slidre. Eg er også veldig glad i friluftsliv, og då særleg fjellturar om sumaren, og skiturar vinterstid. Kva framtida har å by på veit ingen, men ein ting er sikkert, og det er at eg vil bu i Valdres! Eg vil også fullføre utdanninga mi, og kanskje ta vidareutdanning etterkvart. Og dersom alt blir lagt til rette, ynskjer eg å ta over garden. Men det ligg framleis eit stykke fram i tid, så vi får sjå korleis det blir når den tida kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ottar Haugen, Ringjarhaugen, Skrautvål, fødd 1926

Det var mykje slit då eg vaks opp, og knapt med pengar. I ungdomsåra dreiv eg i skogen, og jobba som tenestegut på eit par gardsbruk om sumaren. Dette var før krigen, og eg tente mellom ei og to kroner dagen, men spedde noko på inntekta ved å setje ut rypesnarar. Etter krigen var eg mellom anna i tysklandsbrigaden, og jobba deretter eit par år som snikkar i Oslo. Då var lønningane mykje betre, og eg tente ni kroner timen då eg byrja, og hadde 13 kroner timen på slutten. Så tok eg over heimgarden på midten av femtitalet, og dreiv med mjølkekyr fram til sonen vår tok over i 1991. No har helsa vorte dårlegare, men eg var med i fjøset fram til for tre–fire år sidan, og køyrde møkk til eg var 88. Ei stund på 1940– og –50-talet dreiv eg med skiskyting. Vi gjekk ei hard løype; frå skulehuset, ned til isen på fjorden og oppatt. Skytinga føregjekk med Krag, og blinkane var figurar som stod gøymt på vilkårlege plassar i skogen, så det gjaldt å ha augene med seg! Elles brøytte eg skiløyper frå borna våre var små og fram til eg vart 86, og var dessutan tidtakar på klubbrenn. Den fyrste tida laga eg skispora ved å gå tre runder rundt løypa på ski, så det var ei stor lette då det vart kjøpt snøskuter i 1978. For innsatsen eg la ned, vart eg valt til æresmedlem i Skrautvål idrettslag i 2007. Jakt og fiske har vore to av dei store lidenskapane mine i livet. Eg gjekk på elgjakt fram til eg var 85 år, og hadde då jakta i 63 år, og felt meir enn 70 elgar. Men dei turane eg hugsar best, var når eg reiste til fjells med fiskestonga midtsumars. På turen gjennom skogen kunne eg høyre gauken som gol, og orrfuglen spele. Vel framme ved vatnet gjorde eg opp eit bål, og kokte meg kaffi. Då skal eg seie deg at eg kosa meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Brenna, Skrautvål, fødd 1997

Då eg var lita, syntest eg det var veldig artig å få ansvaret for fjøsstellet åleine, og kjenne at eg vart tiltrudd eit så stort ansvar. Det var også artig å leike med kalvane, og lære dei opp til mellom anna å hoppe hinder. Dessutan var det stor stas med alle hyttefolka og ungane deira, som kom innom på stølen for å sjå på dyra våre, og då særleg kalvane. Oppgåvene på ein gard er mangfaldige, og ein lærer noko nytt heile tida. Eg fekk også vere med far min på mange av oppdraga hans som snikkar, så eg lærte meg tidleg å arbeide. Eg set veldig stor pris på at eg fekk ein slik oppvekst, for eg har fått med meg gode verdiar heimanfrå, og har mange fine minner å sjå tilbake på. For tida er eg student ved høgskulen på Gjøvik, der eg går andre året på sjukepleiarutdanninga. Når eg er heimatt i helger og feriar, jobbar eg på VLMS og ved eit barneavlastingstilbod på Leira. Dessutan hjelper eg til på garden, og eg trenar ein del, så det er ikkje vanskeleg å få tida til å gå. Sidan tida no har vorte knappare, såg eg meg nøydd til å leggje langrennssatsinga på hylla i fjor. Eg vann fleire krinsmeisterskap, men det som var gjevast å vere med på, var hovudlandsrennet, der dei beste 15- og 16-åringane i landet konkurrerer. Her fekk eg ein fjerdeplass som den beste individuelle plasseringa mi, dessutan var eg med og tok gull i stafett for laget til Oppland. Etter studiane har eg lyst til å arbeide med barn/ungdom, aller helst førebyggjande. Men eg er òg glad i dyr, og er ikkje framand for å ta over garden. Uansett kva som skjer, vil eg helst bli buande i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Magne Ulstølen, Skrautvål, fødd 1963

Vi tok over garden i 1989, og har no 26 mjølkekyr og om lag 30 ungdyr. Vi har óg leigd to kvoter. Stølen som høyrer til garden ligg på Etnesenn, men i 1999 fekk vi oss støl på Grøslien, som er berre om lag halvparten så langt som til Etnesenn. På Grøslien er det eit tun med 10 hus, der alle har skifertak. Vi har restaurert seks av husa, det eldste er frå 1860. På stølane har vi vore kvar sumar sidan vi tok over drifta, med unntak av det fyrste året. Eg er veldig sosial, og likar godt å «laupe». Elles prøver eg å vere til hjelp om eg blir spurt, og eg likar å vere med på det som skjer i bygda. Men det er garden som tek opp det meste av tida mi, den er både ein jobb og ein livsstil. Sidan vi tok over drifta for snart 30 år sidan, har vi berre vore på ein ferietur, og då var vi borte i tre dagar. På veggen bak meg heng nokre av dei prisane vi har fått av Tine for mjølka vår. Den lengst borte er 20-års merket, der kravet er at ein skal ha levert elitemjølk i minst 20 av 22 år. Men den gjævaste prisen er nok sylvtina vi har fått. For å få den må ein levere elitemjølk 15 år samanhengande, så den er eg nok litt ekstra stolt over.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roy Myrland, Skrautvål, fødd 1958

Bestefar min var frå Sebuødegård i Skrautvål, og frå eg var liten reiste vi til Valdres i feriane. Då fekk eg vere med på onning, turar i fjellet, gjeting, fisking og bærsanking. Slik fekk eg tidleg eit nært og varmt forhold til Valdres og valdrisar, noko som har ført til at eg no har busett meg i ei timbre i Skrautvål, sett opp i 1974 av Torleif Skaar. Ein gong eg var oppe ved St. Thomas kyrkja på Filefjell, sat eg og undra meg over kva eg skulle ta meg til i livet. Med eitt sto det klårt for meg at eg skulle byrja å lage videoar og skrive. Eg vart fylt av ei voldsom glede, ja det var nærast som ein rus, då eg fekk denne openbaringa. Fram til då hadde eg aldri teke i ein penn eller eit videokamera før. No, 8-9 år seinare har det vorte 7000 artiklar, og videoane mine har hatt 600 000 visningar på YouTube. Med videoane ynskjer eg å vise fram, og fortelje om Valdres og mangfaldet her, og du må få fram at eg har møtt utruleg mange flinke og trivelege folk. Det som er genialt med å leggje ut videoar på internett, er at dei blir sett også utanfor Valdres. Dette veit eg har ført til at folk har flytt hit, og det har gjeve kundar til næringslivet i Valdres.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑