Dei fyrste 14 åra av livet budde eg på Oppsal i Oslo. Fordi eg var liten og rund vart eg mobba frå eg gjekk i andre klasse, og då det endeleg tok slutt etter fire–fem år og eg hadde fått mange vener, ville foreldra mine ut av byen. Det var eg ikkje veldig glad for! Vi flytte til Elverum. Eg måtte byrje på nytt og få nye vener, men vart mobba den fyrste tida – denne gongen fordi eg var ein «Oslo-soss». Heldigvis gjekk det fort over, og eg fekk mange gode vener etterkvart. Opplevingane mine frå oppveksten inspirerte meg til å skrive boka Petter fra Oslo då eg var 16, som kom ut i 2013. To år seinare vart Utskudd gjeven ut, som er ei spenningsbok for ungdom, og i fjor kom kriminalromanen Selvmordet ut. No i år kjem det ut ein bokserie i tre delar som har fått tittelen Biobrikken. Dette er ein dystopisk thriller som går føre seg i nær framtid, der makteliten har bestemt at alle skal ha biobrikker under huda. Den fyrste boka i serien er nyleg utkomen, dei to siste kjem i april og mai. Eg og dama mi hadde akkurat flytt til Valdres då Petter fra Oslo kom ut. Sjefredaktøren i avisa Valdres intervjua meg i samband med utgjevinga, og då det kom fram at eg ikkje hadde jobb, fekk eg tilbod om jobb i avisa – noko eg takka ja til. Etter tre og eit halvt lærerike år i avisa, byrja eg hjå Tala for to år sidan, som er eit av dei største marknadsføringsbyråa i Valdres. Av utdanning har eg ein bachelor i psykologi, og ei utdanning innan 3D speldesign. Når det gjeld speldesign har eg ein YouTube-kanal med vel 10 000 abonnentar, der eg legg ut videoar som mellom anna viser korleis ein kan lage spel. Videoane er sett meir enn ein million gonger. Dette med speldesign og skriving er berre hobbyar. Men eg har eit mål om å utgje fleire bøker kvart år, for draumen er å ein dag kunne leve av skrivinga. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Vi flytte frå Gol til Valdres då eg skulle byrje i andre klasse på barneskulen. Tidlegare hadde vi også budd på Hareid på Sunnmøre, der mora mi er frå. Far min var glad i fiske og friluftsliv, og var flink til å ta oss med ut på turar. Dermed lærte han også meg å setje pris på natur og friluftsliv, som no er av mine største gleder i livet. Eg var veldig glad i pappa, så det var eit hardt slag då han døydde av kreft i fjor. Og for å heidre han og minnet om han, har eg tatovert eit naturmotiv på armen min. Foreldra mine hadde hund, men eg ville ha ein som var berre min, så eg byrja å mase. Etter å ha venta i noko som kjendest ut som ei eve, fekk eg endeleg min eigen hund då eg var 15, og eg var så lykkeleg at det berre brusa i heile meg. Sidan har eg hatt hund, og har no ein Alaskan malamute, som eg valde fordi han taklar fjell- og skogsturar i all slags vêr. Eg har sete i styret i Valdres Hundeklubb nokre år. Vi tilbyr mellom anna ulike kurs, og har arrangert fleire meisterskap i smeller. Som medlem i hundeklubben kan du dele hundeinteressa di med fleire, og det er både sosialt, triveleg og lærerikt! Skriving er ei anna av mine store interesser. Eg skriv litt på frilanse for eit par nettredaksjonar og aviser, der temaa oftast er born og hund. Eg har også hatt nokre krimnoveller på trykk i ulike vekeblad. Men det eg likar aller best å skrive om, er ei blanding av fantasy og krim. For så lenge eg kan hugse, har eg likt magi. Magi pirrar fantasien og rokkar ved ein del førestillingar, og som skribent står ein mykje friare til å utfalde seg. Draumen er å kunne leve av skrivinga, og om nokre månader får eg min bokdebut. Då blir den fyrste boka i ein serie på tre eller fire bøker gjeven ut, så eg går ei spennande tid i møte! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Då eg kom til verda låg telefonsentralen i huset vårt, og det var mor mi som var styrar på sentralen. Sjølv byrja eg å ekspedere ved sentralbordet frå eg gjekk i småskulen, noko eg held fram med til automatiseringa den sjuande mai 1981. Sentralen fungerte også som ein vaktsentral, der vi skaffa så vel lege, jordmor, lensmann og dyrlækjar, og det var endatil dei som ringte for å høyre om kjøpmannen hadde fersk sild! Under krigen sytte vi for å vidareformidle beskjedar til heimestyrkane, og eg fekk kongens medalje for innsatsen. Eg har reist ein god del, og i august 1970 opplevde eg ei spesiell hending i Central Park i New York. Her var det ein velgjerdskonsert, der eit janitsjarorkester spelte. Og medan eg sat der, i 42 graders varme, tok dei til å spele «Valdresmarsjen», noko som var ei stor oppleving. Eit par månader seinare reiste eg til Spania for fyrste gong, der eg tapte mitt hjarte. Året etter kjøpte eg ei tomt i Costa del Sol, og bygde ein villa som eg nytta dei neste 34 åra. Dei siste godt og vel 20 åra er det to ting som har halde meg oppe, og det er humanitært arbeid i Estland, og innlegga eg skriv i «valdresen». Fyrste gong eg reiste til Estland var i 1995, der eg fekk sjå folk som ikkje åtte nokon ting. No har eg vore der meir enn 100 gonger, og har brukt rundt fire millionar av eigen lomme. Ein gong eg var der, var det ei beskjeden lita jente som snart hadde fødselsdag. Då eg spurde henne kva ho ynskte seg, var det så vidt eg høyrde henne då ho kviskra: «eit ullteppe». Dette var eit svar eg ikkje hadde venta frå ei ni år gamal jente, og er berre ein av tallause episodar som har gjort sterkt inntrykk på meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Bestefar min var frå Sebuødegård i Skrautvål, og frå eg var liten reiste vi til Valdres i feriane. Då fekk eg vere med på onning, turar i fjellet, gjeting, fisking og bærsanking. Slik fekk eg tidleg eit nært og varmt forhold til Valdres og valdrisar, noko som har ført til at eg no har busett meg i ei timbre i Skrautvål, sett opp i 1974 av Torleif Skaar. Ein gong eg var oppe ved St. Thomas kyrkja på Filefjell, sat eg og undra meg over kva eg skulle ta meg til i livet. Med eitt sto det klårt for meg at eg skulle byrja å lage videoar og skrive. Eg vart fylt av ei voldsom glede, ja det var nærast som ein rus, då eg fekk denne openbaringa. Fram til då hadde eg aldri teke i ein penn eller eit videokamera før. No, 8-9 år seinare har det vorte 7000 artiklar, og videoane mine har hatt 600 000 visningar på YouTube. Med videoane ynskjer eg å vise fram, og fortelje om Valdres og mangfaldet her, og du må få fram at eg har møtt utruleg mange flinke og trivelege folk! Det som er genialt med å leggje ut videoar på internett, er at dei blir sett også utanfor Valdres. Dette veit eg har ført til at folk har flytt hit, og det har gjeve kundar til næringslivet i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑