Det var då eg fekk sumarjobb som budeie i Gudbrandsdalen som 16-åring, at eg fann ut kva eg skulle ta meg til i livet: Eg ville bli gardkjerring på ein gard med stølsdrift! Dette var den sumaren då eg flytte frå Vallset på Hedmarken, der eg vaks opp, for å byrje på vidaregåande på Ottestad utanfor Hamar. Etter vidaregåande gjekk eg på folkehøgskule eitt år, før eg drog på ein åtte månader lang ski- og kanoekspedisjon nordaust i USA, noko som var eit eventyr! Sidan byrja eg på Sogn jord- og hagebruksskule, og der møtte eg kjærasten min, Sigmund, i 2010. Etter skulen flytte vi til Vang – der Sigmund er oppvaksen – og leigde garden til Nils og Liv Leine på Vennis. Her har vi 11 mjølkekyr av rasen Vestlandsk fjordfe, som er ein av seks utryddingstruga norske kurasar. Vi leiger også Ryssenstølen på Slettefjell, og stortrivst med å vere til fjells med kyrne! Men no skal vi ta over garden der Sigmund er oppvaksen. Her var tidlegare sauedrift, så vi må byggje om slik at det blir eit funksjonelt fjøs for mjølkeproduksjon. Dessutan drøymer eg om at vi skal få nytt ysteri på garden. Eg var mykje meir rastlaus før, men no når eg har funne meg kjærast og har vorte mor, er eg rolegare. Eg er veldig godt nøgd med livet slik det er no, og eg har kome dit eg har lyst til å vere. Livet vart slik eg drøymde om då eg var budeie i ungdomen, med gardsdrift, mjølkeproduksjon, støling og ysting. Eg kosar meg kvar dag eg er på jobb, med den store variasjonen i arbeidsoppgåver, med mykje utetid, og der eg styrer min eigen kvardag. Og når eg er ferdig med fjøsstellet, og set meg utandørs med ein kopp nykokt kaffe, der eg ser på utsikta og på kyrne som kosar seg i fjellheimen, då berre nyt eg, og kan ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er fødd i Valdres, men flytte til Oslo for å ta lærarskulen, og jobba deretter ti år som lærar utanfor dalen. Men så vart eg tipsa om ei ledig lærarstilling i Vang, så eg søkte, og fekk jobben. Etter til saman 40 år i læraryrket, har eg mange gode minne å sjå tilbake på. Mellom anna brukte eg å ta med meg klassen min til Hugakollen. Dette var ei årviss hending rett før skuleavsluttinga, og vi overnatta der, under open himmel. Og det å få liggje ute, med himmelen som einaste tak, og sjå solnedgangen og -oppgangen over Slettefjell, det veit eg at mange av elevane ser tilbake på som eit kjært minne. Etter at eg flytte heim til Valdres for over 50 år sidan, vart eg meir oppteken av lokalhistorie, og har gjennom åra gjeve ut nokre bøker med ulike tema frå Vang. Noko anna eg har hatt stor glede av, er «lesarmøtene» på Vangsheimen kvar fredag, der eg les småstubbar av ymse slag. Når eg kjem inn i rommet, sit dei som har vorte gode vener av meg i ein ring og ventar på meg, og dei er så takksame for at eg kjem, at det er reint rørande. No er eg vel vaksen sjølv, og har nådd ein alder der helsa betyr alt. Derfor prøver eg å halde meg i form, og er mellom anna særs glad i å kome meg ut på ski. Sidan 1952 har eg måla landskapsbilete, og det har vore ein fin hobby å ha. Det er natur, gamle hus og gardstun som er dei motiva eg likar best. Eg er nok ein typisk naturalist, og er fødd eit par hundre år for seint til å bli berømt. Det har eg no aldri gjort noko for å bli heller, men i fjor haust viste eg fram nokre av måleria mine for eit publikum for fyrste gong, under ei utstilling på biblioteket i Vang. Og no har et fått i oppdrag å levere 25 bilete til Valdreskalenderen neste år, og det synest eg er artig! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har utdanninga mi frå Oslo lærarskule og musikkonservatoriet i Oslo, og fekk etter studiane jobb i Kautokeino, med ansvar for musikkundervisninga ved ein internatskule. Her var eg i tre år; frå 1960 til 1963. Før eg tok til ved internatskulen, hadde skulestyret vedteke at det skulle vere joikeforbod ved skulane i Finnmark, noko eg var sterk motstandar av. Men det var lite hjelp i å protestere, for forbodet vart handheva like til 1987. I Finnmark vart eg kjend med Regine og Frank Juhls, som hadde ei sylvsmie i Kautokeino, og interessa mi for det gamle handverket vart vekt. Derfor byrja eg på metall-lina ved kunst- og handverkskulen i Oslo hausten 1963, før eg flytte til Valdres og starta eigen sylvsmedverkstad i 1964. Men etter nokre års drift steig sylvprisane så mykje, at vi mista heile eksportsalet vårt. Så i 1980 valde eg å etablere ein keramikkverkstad i same bygget som sylvsmia, slik at eg skulle få fleire bein å stå på. Verksemda fekk namnet «Valdres sølvsmie og keramikkverksted», og ligg i Hyggjande i Vang kommune. Eg kan òg nemne at eg på same tomta opna Hyggjande vogn- og sledesamling i 1997, der det no står utstilt 50 gamle hestevogner og sledar. Ein av dei store lidenskapane mine er islandshestar, og eg rir så ofte eg kan. Eg har vore eigar av 25 hestar gjennom livet, og har no to. Sidan 1978 har hestane hatt beite ved foten av Slettefjell, der eg har ei lita hytte. Eg set stor pris på alle dei fine stundene eg har hatt her, for livet er godt på Slettefjell, både for hestane og meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑