Tag

Slidre

Ola Døhl, Slidre, fødd 1965

Foreldra mine var ikkje religiøse, og gjekk ikkje i kyrkja anna enn når det var dåp, bryllaup og andre hendingar i familien. Men då eg byrja i tredje klasse vart eg med i speidaren – som var i regi av KFUK–KFUM – og eg byrja å be kveldsbøn kvar kveld. Etter kvart vart eg meir nysgjerrig, og ville finne ut meir. Så kvar kveld låste eg døra til rommet mitt, og las i Det nye testamentet. Og då eg vart med på eit pinsemøte, og fekk ei sterk religiøs omvending, vart min veg til ei fast tru forsegla. Etter gymnaset gjekk eg bibelskule i Trondheim og på Livets Ord i Uppsala, der eg forresten vart litt kjent med Carola, som også var elev her. Bibelstudiane førte til at eg fekk lyst til å lære meir, og etter seks og eit halvt år på meinigheitsfakultetet, vart eg ordinert til prest i 1997. Noko seinare kjøpte vi oss hytte på Vaset, og alle turane hit gjorde at vi fekk smaken på Valdres. Så vi døypte dottera vår i Slidredomen i 2011, og då det vart lyst ut stilling som prest i Vestre Slidre eitt år seinare, fann vi ut at vi skulle gjere valdrisar av oss. Og det har vi ikkje angra på, for her trivst vi utruleg godt! Men livet har ikkje vore like lett heile tida. Eg vart skild for ein del år sidan, noko som skuffa mange rundt meg, og som var eit stort nederlag for meg personleg. Likevel har det kome noko godt ut av det, for eg har vorte rausare og fått ei større forståing for at alle kan gjere feil, så no møter eg menneske som slit på ein betre måte. Utanom jobben likar eg å gå i fjellet. Målet er å gå opp på alle 2000-meterstoppane, og eg er no oppe i vel 130. Etter at vi kom til Valdres har eg byrja å fotografere, og er ein over middels ivrig hobbyfotograf. Det er landskap som helst blir festa til minnebrikka, og flotte motiv er i alle fall ikkje noko mangelvare her omkring! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Harald Andris Hamre, Slidre, fødd 1945

Då eg var 15 forlét eg Slidre for å ta utdanning, og det skulle gå 47 år før eg flytte tilbake. Fyrst vart det realskule og gymnas, før eg gjekk på Norges Handelshøgskule og avtente fyrstegongstenesta. Deretter flytte eg til Oslo, og jobb i det som no heiter Innovasjon Norge. Det var i Oslo eg møtte kona mi. Ho var frå Fauske, så i 1971 flytte vi til Bodø. Etter kvart flytte vi til Austlandet att, der eg mellom anna hadde jobbar som kontorsjef i Gausdal kommune, og viseadministrerande direktør i det som no heiter SpareBank 1 Østlandet. Dei siste 27 åra i yrkeslivet jobba eg i bank, og var sterkt involvert i datautviklinga. Eg reiste mykje i Europa og USA for å følgje med på det som skjedde, og vi vart faktisk den fyrste banken i Norge som fekk nettbank. Men 47 år etter at eg reiste frå Slidre, flytte eg tilbake saman med kona mi. Vi fekk 11 år saman på mine barndomstrakter, før ho døydde frå meg i januar 2018. Vi heldt saman i nær 50 år, og det er useieleg vondt at ho ikkje lenger er hjå meg. Etter at ho vart borte, har eg reist veldig mykje. Både til vener og til stader der det kan vere fine motiv å forevige med kamera, for eg er ein over middels ivrig fotograf. Interessa for fotografering fekk eg som smågut, og eg laga meg endatil mørkerom på soverommet. Men etter at eg vart pensjonist, og særleg etter at eg vart åleine, har fotograferinga vorte noko meir enn ein hobby. Eg har vorte flinkare, og har også fått eit par–tre av bileta mine vist på NRK si vêrmelding – no sist eit fotografi frå Nøsen den 8. desember. Det var trist å bli åleine, men livet må gå vidare. Og fotograferinga syter for at eg har noko å finne på, og får fine opplevingar i naturen. For sjølv om eg har mange fine minne å sjå tilbake på, er eg ikkje metta på opplevingar enno. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Olaug Oldre, Garberg, Slidre, fødd 1974

Den siste dagen eg gjekk i barnehagen, såg eg at ei av dei tilsette var lei seg når ho skulle ta avskil med meg. Så eg sa til henne at ho ikkje skulle vere lei seg, for når eg blir stor skal eg byrje å jobbe her, så eg kjem att! Og slik vart det. Etter å ha jobba tre år i barnehagen i Volbu tok eg førskulelærarutdanning, og dei siste åra har eg vore i barnehagen i Slidre. Heilt sidan eg lærte å skrive, har eg skrive dikt. Eg gav ut ei bok saman med bestefaren min i år 2000, med risper, segn og dikt som han kunne, samt dikta mine. Han bestefar var ein klok og fornuftig mann, og eg sette stor pris på å vere i lag med han. Noko av det han lærte meg, var trearbeid av ulikt slag. Eg lagar mellom anna hjørneskåp som eg målar trollmotiv på, og har selt ein del av desse. Dessutan har eg sett opp ein gapahuk rett opp for huset, der eg og ungane har mange timar saman. Til dømes er vi her mykje i adventstida, og då er det bålkos med eventyrstund og kakao. Elles er eg ein ivrig fotograf, og knipsar i hovudsak naturbilete. Eg prøver å få fram heilskapen i bileta mine, og er særleg glad i levande motiv der ein nesten kan kjenne at ein er til stades, og kan «gå» innover i biletet. For meg er det også viktig at bileta er så naturlege som råd, og at dei er mest mogleg uredigerte. Eg legg ut mange av fotografia mine på mi eige side på Facebook, men også på den sida som heiter Valdres i bilder. Det er nok ganske mange som er inne og tittar, og somtid er det nokon som tek kontakt for å kjøpe eit bilete av meg. Om ikkje så lenge skal den nye boka mi, På livets reise, gjevast ut, der kvart dikt blir illustrert med eit naturbilete. Dikta tek føre seg ulike sider ved livet, og det å ta seg tid til å sjå, høyre og kjenne. Alle dikta er skrive på valdresdialekt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gudbrand Silvet Heiene, Slidre, fødd 1968

Eg vaks opp i Hedalen, og måtte flytte på hybel for å gå skule. Og sidan eg var ein ivrig skihoppar, søkte eg meg til skular med hoppbakke i nærleiken. Fyrste stopp var folkehøgskulen i Hurdal, så eit år på maskin og mek. på Raufoss, før eg gjekk tre år på idrettslina på Fagernes. Men eg var også interessert i musikk og song, og medan eg gjekk på idrettslina var eg med og fekk liv att i Arken Ten Sing. Dette gav meirsmak, så eg søkte meg inn på musikklina på bibelskulen i Oslo, og dirigerte også eit par kor medan eg budde i byen. Etter Oslo vart det ein del flytting og fleire studiar innan song, samt arbeid som dirigent både her heime og på Vestlandet, før eg kom attende til Valdres for godt. No er eg busett i Slidre, og har ei halv stilling som rektor på kulturskulen, og ei halv stilling som leiar for kultursektoren i kommunen. Eg syslar også med eit spennande prosjekt for å finne ut korleis vi kan få meir kompetanse på moderne teknologi i Valdres. Kort tid etter at eg kom heim til Valdres starta eg opp koret Kurve, som er eit av hjarteborna mine. Vi skal ha to konsertar no i september, ein på Svalbard og ein i Hedalen. Elles er eg glad i friluftsliv, og eg har tidlegare drive med klatring. Av turane eg hugsar best, var klatreturen opp sydpilaren på Stetind, og då eg hoppa frå det eine til det andre «hornet» på Svolværgeita. Eg har også vore oppteken av den globale situasjonen sidan byrjinga på 1990-talet, og er engsteleg for utviklinga. Eg håpar verkeleg ikkje at det går så langt at vi må slåst for maten. No som ungane våre har byrja på skulen, har eg eit håp om at det skal bli meir tid til sosialt samvære og friluftsliv framover. Og skal eg vere ærleg, drøymer eg om å kome i så god form, at eg kan ta til å hoppe litt på ski att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Per Kristian Tvenge, Slidre, fødd 1948

Far min var snikkar, og hadde 8-10 karar i arbeid. Sjølv gjekk eg eitt år på møbelsnikkar-lina på yrkesskulen på Leira, før eg flytte til Dovre, og tok tømrarutdanning der. Eg avtente også fyrstegongstenesta og jobba litt med Tor-Erik Ranheim i Oslo, før eg tok til å jobbe for far min. I 1979 tok eg og bror min, Terje, over drifta, og starta opp Slidrebygg i 1997, i lag med nokre andre. Av jobbane eg har vore med på, kan eg nemne ombyggjinga av banken i Slidre i 1972/-73 og Ølken Hotell i 1974, dessutan bygde vi mange fjøs, mellom anna fjøset til Knut Hauge, som vart sett opp i 1970. Elles byrja eg å sparke fotball i åtte-ni årsalderen, då vi var nokre kompisar som møttest nesten kvar kveld på Slidrebrenno. Eit par år seinare vart eg «headhunta» av Olle Rosendal, som overtala meg til å spele for Røn. Olle skulle vise seg å bli ein goalgetter for Røn, men då han stod i fare for å bli keeper – noko han ikkje ville – fekk han overtala meg til å vakte buret. På den tida trena smågut-, gute- og A-laget saman, og eg var ganske redd når dei store stjernene på A-laget skulle skyte på meg! På bortekampane vart det sett krakkar i meieribilane, som vart fylte opp av vestreslidringar. Det var ei artig tid! Så byrja eg å spele for Slidre 28 år gamal, samstundes som Per Eidsvik vart spelande trenar. Då starta «gullalderen» for fotballen i Slidre, og vi var oppe på fjerde høgste nivå i serien. For tida er eg med i styret på Plassen, som er ein samlingsstad for eldre i kommunen. Her er ei rekkje tilbod og aktivitetar, mellom anna boccia, dans, trening, høgtlesing, loddsal og grilling. Vi har det veldig triveleg, men har plass til mange fleire! Har du lyst til å kome, men har problem med skyss? Ta kontakt, så ordnar vi det!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Dorthe Marie Høyme, Slidre, fødd 1936

Det viktigaste for meg er å vere aktiv og ha noko å gjere, elles er eg ikkje tilfreds. Ved sida av ulike jobbar, gards- og hagearbeid, synest eg det har vore gjevande å vere med i lag og foreiningar. Eg har mellom anna vore styreleiar i husmorlaget og Folkeakademiet, samt medlem av sanitetsforeininga sidan eg var 15 år. Elles driv eg med porselensmåling og skinnfellarbeid, der eg også har halde ei rekkje kurs. Men det som står mitt hjarte nærast, er tida i viseklubben Busserullen, og dei 19 åra eg var leiar for grendehuset Ristetun. Når det gjeld Busserullen, tok vi til å spele i 1976, og heldt det gåande fram til 2015. Vi hadde det utruleg artig i lag, og spelte jamvel inn ei plate i 1996. Etter at vi vart oppløyst, har tre stykke av oss gått saman med to andre songarar, og laga ei ny gruppe som vi kallar Restidn. Vi syng og spelar trekkspel, der hovudsaka er å lage hyggje for andre. Ein gong i månaden er vi på sjukeheimen og på Bergtun for å syngje. Dagane kan bli lange på ein heim, der mange har mista sine næraste, og av ulike årsakar kan slite med tunge tankar. Då kan musikk og song vere eit lyspunkt, som jagar vekk dei mørkaste skyene. Eg har sjølv fått kjenne kva det vil seie å miste nokon av dei næraste. Det var ille nok då mannen min døydde i 1993, men det verste var likevel då dottera mi, Anne Randi, døydde i fjor, etter å ha vore kreftsjuk i to og eit halvt år. Ho klaga ikkje, men eg så kor store smerter ho hadde, og kor mykje ho leid. Det var grusomt å vere vitne til. Det gjeld å ta vare på dei ein er glad i, for ein veit ikkje kor lang tid ein får saman. Og så lenge ein har helse til å vere sosial og ha det kjekt med familie og vener, ja då kan ein få oppleve det som verkeleg er noko verdt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Leiv Hamre, Slidre, fødd 1943

Eg kom til verda i Etnedal, for far min var kjøpmann på Bruflat på denne tida. Så flytte vi til Hønefoss-kanten i 1948, men kom heimatt til Valdres to år seinare, då han far fekk jobb som bestyrar på Samvirkelaget i Røn. Etter at eg var ferdig på realskulen i 1960 flytte eg til Kristiansund, der eg gjekk på økonomisk gymnas, som det heitte den gongen. Etter tre år i Kristiansund vart det eitt år i militæret, og eit par år i Oslo. Men så fekk eg jobb som likningssjef i Slidre i 1967, og dermed vart det ein ny runde med pappaskar, og flytting. Jobben som likningssjef var midt i blinken, for eg har bestandig likt å drive med tal. Eg gjekk av med pensjon i 2005, men eg held framleis på med tal, for no er eg heilt hekta på sudoku! Etter at eg vart pensjonist har eg også vore jamleg på Plassen aktivitetssenter, der eg les små stubbar for dei frammøtte. Det går i lokalhistorisk stoff, og det er O. K. Ødegård og Mons G. Hagen som er favorittane. Elles er fotball viktig for meg. Eg kom med på A-laget til Røn som sekstenåring, og spelte for Kristiansund dei tre åra eg studerte der. Men då eldstesonen vår, Gjermund, vart fødd i 1967, la eg opp. Då vart det ikkje like kjekt å reise ut på kampar i helgene. Men etter at eg gav meg som spelar, vart eg etterkvart trenar for laga til sønene mine, og det var veldig gjevande. Eg og kona har vore saman i godt over 50 år, og har to barn og åtte barnebarn. Dessverre døydde Gjermund av kreft for snautt tre år sidan. Det var sjølvsagt eit hardt slag, men eg er oppteken av at ein ikkje skal grave seg ned i tunge tankar, for livet må gå vidare, trass alt. Heldigvis har eg heile tida hatt eit godt humør, og eg synest humor er viktig. Det har vore ei god hjelp i ei elles vanskeleg tid. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tony Arbøll Olsen, Midtre Hansegarden, Slidre, fødd 1967

Far min var fascinert av den amerikanske kulturen, av amerikanske bilar, av countrymusikk og dessutan rock´n´roll frå 1950 og -60 talet. Så då eg som smågut var med når vi duva rundt i eit flak av ein amerikanar, med god musikk på stereoanlegget, vart det sjølvsagt til at også eg vart hekta. Eg vaks opp i Nedre Eiker, og vart tidleg med i amcarmiljøet i Buskerud. Den fyrste amerikanaren eg åtte kjøpte eg då eg var 16, ein 1964-modell Chevrolet Chevelle, og sidan har det vorte mange fleire. Då eg var 23 år gamal, vart eg intervjua på radioen av ein amcarentusiast som hadde sitt eige program, og det gjekk så bra at han ville ha meg med som medprogramleiar. Seinare fekk eg eige radioprogram, fyrst «Shake rattle´n´roll» på Skedsmo radio, og seinare «Tony´s hillbilly heaven» på Østfold nærradio. Som radiovert fekk eg intervjue mange kjende countryartistar, mellom andre Tanya Tucker og Bobby Bare, noko som sjølvsagt var store opplevingar. Det var gjennom radioen eg møtte kona mi også. Ho likar countrymusikk, og var fast lyttar til programmet mitt. Ein dag sa ho at ho ville møte meg, og det vart full klaff. Vi gifta oss kort tid etter, i 2001. Eg har jobba vel 25 år i kriminalomsorga, og då eg fekk tilbod om jobb ved Slidreøya i 2009, flytte vi til Valdres. Tidlegare har eg flytt ein del rundt, men då vi kom hit, kjende vi at vi hadde funne ein plass der vi kunne slå oss til ro. For her stiller folk opp for kvarandre, og vi vart  inkluderte frå fyrste stund. Sidan vi dessutan fekk gode naboar og hyggelige kollegaer, vart det eit enkelt val; her vil vi bli værande! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jeanette Karlsen, Slidre, fødd 1988

Eg er fødd og oppvaksen i Oslo, men sidan familien min har hytte i Hemsedal, vart eg tidleg glad i fjellet. Så då eg fekk tilbod om ei stilling som kiropraktor ved Valdres kiropraktikk i fjor vår, flytte eg på flekken! Dessutan har eg tre hundar, mellom anna to engelsksetterar som krev mykje mosjon, og dei set sjølvsagt også stor pris på å kome til fjells, der det er rikeleg av boltreplass. Eg tok utdanninga mi som kiropraktor i England. Fyrst gjekk eg fem år på skule før eg flytte heim og tok eitt års praksis, og fekk master i kiropraktikk. Dernest tok eg ei tilleggsutdanning på eitt år, slik at eg også kunne behandle dyr. Kiropraktikk på dyr er ganske nytt, og er eit tilbod mange ikkje veit om. Men sidan også dyra har musklar og skjelett, kan dei få dei same plagene som oss. Det er flest hundar og hestar eg får inn til behandling, men eg kan ta imot alle dyr som har ryggrad, alt frå papegøyar til elefantar. Eg samarbeider naturleg nok tett med veterinærar, og vurderer frå gong til gong om eg kan behandle dyret sjølv, eller om det må tilvisast vidare. Likeeins har det hendt at eg har fått inn kompliserte tilfelle der veterinær har vore inne, men der det ikkje er funne nokon årsak til plagene. Og når eg då har klart å hjelpe dyret til å blir friskt att, er det sjølvsagt gledeleg. På det personlege plan har eg ein draum om å kjøpe eit småbruk saman med kjærasten min, der vi kan halde hestar, hundar og geiter. Eg har tidlegare drive med mellom anna sprangriding, og eitt av dei største ynska mine er å byrje å ri igjen, for det saknar eg veldig.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ola Rogn, Slidre, fødd 1972

Eg er med på den årlege kabareten i regi Røn musikklag, der eg denne vinteren var med for nittande gong. Dessutan er eg med på revyane som bygdekvinnelaget skipar til, kvar syttande mai på samfunnshuset i Røn. Eg må seie at særleg revyane syttande mai er artige å vere med på. Då er det fullt hus, stemninga er høg, og latteren sit laust. Førestillinga blir sett opp to eller tre gonger, men ingen av førestillingane er heilt like. Dette kjem av at vi likar å improvisere, med fleire spontane replikkar som ikkje er avtalt på førehand. Og eg kan love deg at det mange gonger er vanskeleg å halde seg alvorleg! Sist haust var eg så heldig å få vere mellom dei utvalde valdrisane som vart inviterte til kongeparet sin hagefest i Slottsparken. Det var veldig høgtideleg, og det var flott å sjå alle bunadane, samedraktene og dei festkledde menneskja. Det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med, og ei oppleving eg seint vil gløyme. Elles er eg oppteken av politikk, og sit no mi fjerde periode i kommunestyret, der eg representerer bygdelista. Eg har eit gardsbruk der eg driv med grasproduksjon, dessutan likar eg å gå på elgjakt om hausten. Vi er sju stykke som jaktar i åsen ovanfor Slidre, og her er det så godt med dyr, at vi ikkje har problem med å fylle kvota vår. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg å miste syster mi i 1992. Ho døydde av kreft, 30 år gamal.  Ein gjer seg naturleg nok opp nokre tankar når nokon av eins næraste døyr, særleg når dei går bort så unge. For det er ingen sjølvfølgje at ein skal leve lenge, så ein får gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Olav Rødningen, Slidre, fødd 1968

På barneskulen byrja eg å interessere meg for fuglar. Interessa held eg ved like til etter ungdomsskulen, men då dabba det av. Men for 4-5 år sidan skaffa eg meg fotoutstyr, og då vart interessa vekt på ny. Våren er nok favorittårstida mi når det gjeld fotografering, for då kjem alle trekkfuglane tilbake. Då er det eit yrande fugleliv, og ein draum for meg som likar å ta bilete av fuglar. Men det er vanskeleg å fotografere fuglar, for dei sit sjeldan lenge i ro. Og sidan mange av fuglane er små, og ein ikkje kjem så nært innpå dei, treng ein eit objektiv med kraftig zoom for å fange dei inn. Dessutan er det naudsynt med ein viss kvalitet på utstyret for å få skarpe bilete, så det er ein ganske dyr hobby. Eg er medlem av Norsk Ornitologisk Forening si avdeling i Valdres; «Ørrin». Her kjem eg i kontakt med andre som deler same interesse, og det hender vi dreg på turar for å sjå andre fuglar enn vi er vande med, eller for å sjå meir sjeldne artar. Vi reiste til dømes til Runde på Mørekysten i fjor sumar for å sjå den store fuglekolonien der, og for nokre månader sidan vart det observert isfugl på Gjøvik, noko som er sjeldan så langt nord. Men det hender det dukkar opp meir sjeldne fuglar i Valdres òg; eg har til dømes sett både mandarinand og stripegås her. Det er uansett artig å reise ut av distriktet, slik at ein kan sjå andre fugleartar enn dei vi har her heime. Og det å få høve til å gjere det i lag med andre, gjer opplevinga enno større. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Lise Hamre Husby, Slidre, fødd 1949

Far min dreiv med friidrett så å seie heile livet, og det var han som sytte for at også eg byrja. Eg flytte til Gjøvik og Oslo ein periode i ungdomstida for å gå på skule, men kom heimatt til Valdres med ein gong eg var ferdig med utdanninga. Sidan har eg teke idrettsmerket kvart år, og i 2003 fekk eg heidersprisen for å ha teke idrettsmerket i 35 år på rad. Idrettsmerket får ein ved å klare fastlagte krav innan spenst, styrke, det å vere uthaldande og rask, samt at ein må drive fast med ein fysisk aktivitet, eller trene aktivt gjennom heile året. Innan friidretten har vi vore på tallause klubbstemner, krinsmeisterskap og NM for veteranar, og eg har delteke på Holmenkollstafetten 15-16 gonger, og Det Norske Fjellmaraton 20 gonger. Dette har gjeve oss mange fine turar rundt om i heile Norge, i lag med gode vener frå idrettsmiljøet. Nokon av dei har vore med like lenge som oss. Hausten 2016 vart eg pensjonist, men eg får tida til å gå likevel. Eg likar å halde meg i form, og trenar tre–fire gonger i veka. Treninga har nok vore ein avgjerande årsak til at eg på mine vel 40 år som sekretær i heimesjukepleia i kommunen, ikkje hadde ein einaste fråværsdag. Og det er noko eg er både stolt av og glad for!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑