Tag

St. Thomaskyrkja

Hans Enger, Fagernes, fødd 1947

Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar. Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni. Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne. Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger! No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv. Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Berit Bang Thorsrud, Nørre Bangsøygarden, Bagn, fødd 1953

Det er nok fleire hendingar som har gjort inntrykk på meg dei siste åra, men skal eg velje ut ein ting, vil eg trekkje fram turane eg har hatt på pilegrimsvegen gjennom Valdres, som eg gjekk fyrste gong for 10-12 år sidan. Turen går frå Hedalen stavkyrkje til St. Thomaskyrkja på Filefjell, og vi går om lag 20 kilometer kvar dag, og brukar åtte dagar frå vi startar til vi kjem fram. Ein blir ikkje tvinga på nokon kristen bodskap, men kjensla når ein bevegar seg sakte oppover den vakre dalen vår, der vi ser han når han er på sitt mest blømande rett etter sankthans, kan nok få ein til å undre seg om det ikkje står ei skapande kraft bak alt dette storslagne, trass alt. Dessutan vil det å gå slik i stille, utan å prate, gjere at ein tømmer hovudet for alle tankar, og det ein opplever her og no, blir veldig stort. Ein kan sjølvsagt ikkje prate om pilegrimsvegen utan å nemne Jahn Børe Jahnsen, som er ein bauta å rekne i denne samanhengen. Ikkje berre har han stor kunnskap om Valdres si historie, han er også ein utruleg flink formidlar, og fortel levande om dei plassane og kyrkjene vi kjem til. Dessutan er pilegrimspresten som er med, Anne Hilde Øigarden, flink til å fortelje om det som angår pilegrimshistoria. Historiene, og nærværet deira, syter for at turen blir enno meir meiningsfull, og at ein endatil lærer noko. Dei som er med på turane kjem frå alle lag av folket, med alder frå ca 10 til 80 år. Men det som undrar meg, er at det er så få valdrisar som er med. Så eg vil oppmode flest mogleg valdrisar til å ta turen, for eg kan garantere at dersom du blir med, vil du ikkje angre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roy Myrland, Skrautvål, fødd 1958

Bestefar min var frå Sebuødegård i Skrautvål, og frå eg var liten reiste vi til Valdres i feriane. Då fekk eg vere med på onning, turar i fjellet, gjeting, fisking og bærsanking. Slik fekk eg tidleg eit nært og varmt forhold til Valdres og valdrisar, noko som har ført til at eg no har busett meg i ei timbre i Skrautvål, sett opp i 1974 av Torleif Skaar. Ein gong eg var oppe ved St. Thomas kyrkja på Filefjell, sat eg og undra meg over kva eg skulle ta meg til i livet. Med eitt sto det klårt for meg at eg skulle byrja å lage videoar og skrive. Eg vart fylt av ei voldsom glede, ja det var nærast som ein rus, då eg fekk denne openbaringa. Fram til då hadde eg aldri teke i ein penn eller eit videokamera før. No, 8-9 år seinare har det vorte 7000 artiklar, og videoane mine har hatt 600 000 visningar på YouTube. Med videoane ynskjer eg å vise fram, og fortelje om Valdres og mangfaldet her, og du må få fram at eg har møtt utruleg mange flinke og trivelege folk! Det som er genialt med å leggje ut videoar på internett, er at dei blir sett også utanfor Valdres. Dette veit eg har ført til at folk har flytt hit, og det har gjeve kundar til næringslivet i Valdres.   (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑