Tag

Stølsidyll

Liv Vingdal, Gosen/Volbu, fødd 1959

Eg vaks opp på ein gard på vestsida av Volbufjorden, der vi hadde mjølkekyr. Vi hadde støl på Sørre Trollåsen, og det å få kome hit var årets høgdepunkt. Her var vi heile sumaren, og vi ungane hjelpte til på ulikt vis, men hadde mange fristunder der vi mellom anna sykla inn til Etne for å bade og kose oss. Som småjente dreiv eg med langrenn og handball, byrja seinare med fotball og volleyball, og spelte mellom anna for Valdres volleyballklubb i 2.-divisjon. Som mosjonist spelte eg volleyball til eg var 40 år, og eg er framleis ofte ute på ski. Denne idrettsgleda førte til at eg tok ei fire år lang utdanning innan idrett. Deretter jobba eg som idrettslærar på det som då heitte Fagernes vidaregåande skule, og treivst veldig godt med å få jobbe med ungdom og idrett. Men etter 22 år som idrettslærar fekk eg lyst på nye utfordringar, og byrja som dagleg leiar på Friskgården Tyin, før eg vart leiar for folkehelse, frisklivs- og frivilligsentralen i Øystre Slidre kommune for ni år sidan. Dette er ein jobb eg verkeleg brenn for, for eg ser at det å få med menneske på trim og trivselstiltak, er med på å gje dei eit meiningsfylt liv. Vi utgjer også ei motvekt til all skjermbruken som no florerer, med vårt fokus på å dyrke det sosiale og få til møteplassar der vi kan treffast og ha det kjekt. Ei av mine store interesser er å gå i fjellet, og det er nok alle dei fine sumardagane eg fekk oppleve på stølen, som førte til at eg vart så glad i fjellet. No nyleg var eg på ein flott tur i Himalaya, der eg var oppe på 5000 meter. Det var spennande å få oppleve dei flotte fjella, men også Katmandu, med sitt yrande folkeliv, og alle dei eksotiske og framande duftene. Så eg drøymer om at eg ein gong kanskje kan kome tilbake, eller at eg kan få oppleve nye og spennande turmål i andre land. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ida Østvold, Nørsvingardane, Vang, fødd 1988

Det var då eg fekk sumarjobb som budeie i Gudbrandsdalen som 16-åring, at eg fann ut kva eg skulle ta meg til i livet: Eg ville bli gardkjerring på ein gard med stølsdrift! Dette var den sumaren då eg flytte frå Vallset på Hedmarken, der eg vaks opp, for å byrje på vidaregåande på Ottestad utanfor Hamar. Etter vidaregåande gjekk eg på folkehøgskule eitt år, før eg drog på ein åtte månader lang ski- og kanoekspedisjon nordaust i USA, noko som var eit eventyr! Sidan byrja eg på Sogn jord- og hagebruksskule, og der møtte eg kjærasten min, Sigmund, i 2010. Etter skulen flytte vi til Vang – der Sigmund er oppvaksen – og leigde garden til Nils og Liv Leine på Vennis. Her har vi 11 mjølkekyr av rasen Vestlandsk fjordfe, som er ein av seks utryddingstruga norske kurasar. Vi leiger også Ryssenstølen på Slettefjell, og stortrivst med å vere til fjells med kyrne! Men no skal vi ta over garden der Sigmund er oppvaksen. Her var tidlegare sauedrift, så vi må byggje om slik at det blir eit funksjonelt fjøs for mjølkeproduksjon. Dessutan drøymer eg om at vi skal få nytt ysteri på garden. Eg var mykje meir rastlaus før, men no når eg har funne meg kjærast og har vorte mor, er eg rolegare. Eg er veldig godt nøgd med livet slik det er no, og eg har kome dit eg har lyst til å vere. Livet vart slik eg drøymde om då eg var budeie i ungdomen, med gardsdrift, mjølkeproduksjon, støling og ysting. Eg kosar meg kvar dag eg er på jobb, med den store variasjonen i arbeidsoppgåver, med mykje utetid, og der eg styrer min eigen kvardag. Og når eg er ferdig med fjøsstellet, og set meg utandørs med ein kopp nykokt kaffe, der eg ser på utsikta og på kyrne som kosar seg i fjellheimen, då berre nyt eg, og kan ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑