Tag

Tømrar

Øyvind Magistad Berge, Øvre Røn, fødd 1945

Eg vaks opp på ein gard som éin av 11 sysken. Vi låg fleire på same rom, i eit hus som var gamalt, trongt og kaldt, men vi vart ein samansveisa gjeng som har vore der for kvarandre heile livet. Etter å ha jobba for Per Sælid eit par år i ungdomen, flytte eg til Gjøvik og tok tømrarutdanning. Så avtente eg fyrstegongstenesta, tok meisterbrev i tømrarfaget og flytte til Oslo. Her budde eg i 20 år, og dreiv sjølvstendig som snikkar frå 1968. Men då den eine broren min tipsa meg om ein gard som var til sals, slo eg til og flytte heim. På garden har eg sett opp tre timbrer: To stover og eit stabbur – og ein stor garasje der mellom anna det store vasshjulet utanfor Gjestegården på Fagernes vart laga. Og sidan eg synest at skifer er eit fantastisk materiale, har eg lagt skifertak på stovene, og no står stabburet for tur. Dei fyrste åra etter at vi kjøpte garden pendla eg til Oslo, medan eg rusta opp våningshuset på garden. Og etter at vi flytte heim dreiv eg litt som snikkar, og jobba også deltid som takstmann. Dessutan dreiv eg «BP» i Røn i seks år, og har dei siste 25 åra drive med produksjon av juletre. Eg var også med å starte Vestre Slidre Frp i si tid, og var mellom anna formann i Oppland Frp i to periodar. Elles er eg interessert i hagearbeid, eg likar å gå i skogen og plukke bær, og er ein ivrig fiskar. Dessutan likar vi å reise. Eg må nemne ein tur til USA der vi var innom eit par farmar. På den eine hadde dei 8 000 mjølkekyr, og på den andre var det ein million kyllingar, så det var ikkje akkurat småbrukarar som dreiv der! Men det er byggjeverksemda som har stått hjartet mitt nærast, og det likaste av alt, var då eg i 1976 teikna og bygde nytt hus på garden der eg vaks opp. For endeleg fekk dei gamle eit betre hus, og det å få sjå kor glade og takksame dei vart, er den beste løna eg kunne fått. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Edvard Gulsrud, Begna, fødd 1998

På fritida er det skyting, jakt og fiske som er dei store hobbyane mine. Når det gjeld skyting, har eg vore med som deltakar på landsskyttarstemnet sidan eg var 11 år. Det har vorte finaleskyting fleire gonger, og eg har også fått medalje. For konkurranseinstinktet er det ikkje noko å seie på! Når hausten kjem, er det elgjakt som gjeld. Eg er med på jaktlaget til far min, og i fjor haust skaut eg min fyrste elg, noko som var ei stor oppleving! Sidan eg har vakse opp med elva Begna som næraste nabo, har eg ikkje reint få fisketurar bak meg, sumar som vinter. Det har naturleg nok vorte mest fisking i Begna, men eg likar også godt å reise opp på åsen for å fiske. Vi har hytte i Hedalen, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn når eg tidleg ein fin sumarmorgon dreg ut til Buvassfaret eller Øyvassfaret for å fiske. Då har eg heile dagen heilt for meg sjølv, og alt eg høyrer rundt meg er naturens eigne lydar. Det er ikkje mykje som kjem opp mot det! Eg må likevel vedgå at eg ikkje er så begeistra for å ete fisk, men fiskepinnar går greitt! I fjor haust fekk eg fagbrev som tømrar. Læretida er på to år, og eg var så heldig å få lærlingplass hjå Valdresbygg, der eg også fekk fast jobb etterpå. Den største jobben eg har vore med på var bygginga av NAUS, og akkurat no held vi på å setje opp ein tomannsbustad på Heggenes. Når vi er ferdige der, skal vi til med bygginga av Øystre Slidre helsetun. Det er langt frå den sørlegaste delen av Begnadalen til Øystre Slidre, så eg leiger ein stad i Rogne for å unngå all køyringa. Men eg reiser stort sett heimatt kvar helg, for å slappe av saman med familien. Og foreldra mine synest nok at det kan bli vel mykje avslapping, for eg synest det er godt å sove ut når helga kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Per Kristian Tvenge, Slidre, fødd 1948

Far min var snikkar, og hadde 8-10 karar i arbeid. Sjølv gjekk eg eitt år på møbelsnikkar-lina på yrkesskulen på Leira, før eg flytte til Dovre, og tok tømrarutdanning der. Eg avtente også fyrstegongstenesta og jobba litt med Tor-Erik Ranheim i Oslo, før eg tok til å jobbe for far min. I 1979 tok eg og bror min, Terje, over drifta, og starta opp Slidrebygg i 1997, i lag med nokre andre. Av jobbane eg har vore med på, kan eg nemne ombyggjinga av banken i Slidre i 1972/-73 og Ølken Hotell i 1974, dessutan bygde vi mange fjøs, mellom anna fjøset til Knut Hauge, som vart sett opp i 1970. Elles byrja eg å sparke fotball i åtte-ni årsalderen, då vi var nokre kompisar som møttest nesten kvar kveld på Slidrebrenno. Eit par år seinare vart eg «headhunta» av Olle Rosendal, som overtala meg til å spele for Røn. Olle skulle vise seg å bli ein goalgetter for Røn, men då han stod i fare for å bli keeper – noko han ikkje ville – fekk han overtala meg til å vakte buret. På den tida trena smågut-, gute- og A-laget saman, og eg var ganske redd når dei store stjernene på A-laget skulle skyte på meg! På bortekampane vart det sett krakkar i meieribilane, som vart fylte opp av vestreslidringar. Det var ei artig tid! Så byrja eg å spele for Slidre 28 år gamal, samstundes som Per Eidsvik vart spelande trenar. Då starta «gullalderen» for fotballen i Slidre, og vi var oppe på fjerde høgste nivå i serien. For tida er eg med i styret på Plassen, som er ein samlingsstad for eldre i kommunen. Her er ei rekkje tilbod og aktivitetar, mellom anna boccia, dans, trening, høgtlesing, loddsal og grilling. Vi har det veldig triveleg, men har plass til mange fleire! Har du lyst til å kome, men har problem med skyss? Ta kontakt, så ordnar vi det!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑