Tag

Trafikkulukke

Geir Hagen, Garli, Fagernes, fødd 1968

Rett etter at eg fylte fem år, var eg ute for ei alvorleg ulukke. Eg var ute med akebrettet mitt heime i Reinli, og ok ned til vegen. Der kom det ein bil i stor fart, og køyrde på meg. Resultatet vart eit stort brot i hovudskallen, fleire operasjonar, og mange turar på sjukehus. Skadane førte til at eg vart plaga med øyresus, store smerter og søvnproblem gjennom heile oppveksten. Eg fekk bort noko av fokuset frå øyresusen, ved å høyre på musikk. Og då eg i 12-årsalderen høyrde AC/DC for fyrste gong, fekk eg heilt dilla på gitar! Eg måtte lære å spele gitar, og byrja å mase på foreldra mine om dei ikkje kunne kjøpe ein til meg. Gleda var derfor stor då eg fekk gitar til jul, og eg tok til å spele med det same. Dei neste åra øvde eg kvar dag, somme gonger opp mot åtte timar om dagen. Det tok ikkje lange tida før eg vart med i eit band. Vi spelte rock og kalla oss Pegasus, og heldt det gåande i mange år. Så vart eg med i Jupedalen Pøbb Ensemble på midten av 1990-talet, før eg var med å starte gruppa Spinning Coins få år seinare. Spinning Coins var på god veg til å bli noko, men i 2004 la eg vekk musikken ei tid, for å prioritere familie og bygging av hus. Men musikken er ein stor del av meg, og det var ei sjølvfølgje at det skulle vere lydstudio i det nye huset. Eg hadde hatt lydstudio sidan 1997, der mellom anna opptaka til den fyrste plata til Jupedalen vart gjort. Det var likevel fyrst for fire-fem år sidan at eg starta å spele att, no med gruppa Jowana. Elles har eg jobba mykje med Rune Glimsdal, og eg byrja å spele med Mø Tre i fjor. Saman har vi spelt inn ein del låtar i lydstudioet heime. Dessutan har Spinning Coins lufta planane om eit comeback, men vi får sjå kva det blir til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Rune Fremgaard, Hagagrendé, Reinli, fødd 1974

Eg er utdanna byggmeister, og vekependla til Bærum i 15 år, før eg byrja for meg sjølv. Men dei siste fire åra har eg jobba som avdelingsleiar for eigedom i kommunen. Elles er eg med i brannvesenet, og er leiar for Raudekrossen i Bagn, der eg brukar mykje av fritida mi. Ved sida av fyrstegongstenesta, tenestegjorde eg i Kosovo i 15 månader, der oppgåvene var mangfaldige. Vi var over alt der det var bruk for oss, men det var i hovudsak politioppdrag vi vart sette til, som til dømes vaktteneste, husransakingar og vegkontrollar. Det var ei fin tid, som eg er stolt av å ha vore med på. Av interesser, ragar musikk, film og fotball høgst. Favorittlaget er Manchester United, og den største fotballopplevinga var under Solskjær sin testimonialkamp på Old Trafford, med om lag 15 000 nordmenn på tribunen. Og då Jokke – ein av mine og Solskjær sine favorittartistar – runga over høgtalaranlegget, kom det nok ei tåre i augekroken. Medan eg var ute på den siste motorsykkelturen for sesongen – ein oktoberdag i 2005 – vart eg påkøyrt av ein bil då eg var på veg heimatt. Det var ein kraftig smell, der eine foten vart riven tvers av, og eg knekte ein arm. Eit par dagar etter at eg vart innlagd på sjukehuset svikta lungene, og like etter svikta nyrene. Det vart over 20 operasjonar, og eg heldt på å miste livet eit par gonger. Heldigvis berga eg livet, og legane klarte å redde foten min. Og då kan eg leve med at eg kjem til å ha kroniske smerter resten av livet. Med tida har eg lært å tenkje positivt, for eg trur at positive ting skjer med dei som har ei positiv innstilling. Dessutan er det berre ein sjølv som kan gjere noko med det livet ein lever, så det er lita hjelp i å leggje skulda på andre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Svendsen, Røsshaugen, Skammestein, fødd 1956

Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gullborg Berge, Bøaflata, Mjøsvang, fødd 1958

Den 18. desember 1982, var eg og familien min på biltur over fjellet mellom Tyin og Årdal. Det snødde og føret var dårleg, og vegen var nett opna for fri ferdsel. Ut av snøføyka kom plutseleg snøfresaren til Vegvesenet midt i vegen, og samanstøyten var ikkje til å unngå. Kollisjonen førde til at eg vart ryggmergsskadd, og lam frå hoftene og ned. Eg vart fyrst floge til Haukeland, der eg var ein månad, og var deretter eit halvt år på Sunnaas. Det gjekk heldigvis betre med dei andre. Mannen min og sonen vår vart sendt til sjukehuset i Lærdal, og vart utskrivne med mindre fysiske skadar etter kort tid. Dottera vår vart sendt heim med det same. Tida etter ulukka var tøff. Livet vart snudd på hovudet for heile familien, og det var ikkje lett å akseptere at eg skulle bli sitjande lenkja til rullestolen, 24 år gamal. Dessutan gjekk eg gjennom ein tøff habiliteringsprosess: Gjeremål som tidlegare hadde vore ei sjølvfølgje måtte lærast på nytt, slik som å gå på do og av- og påkleding, og eg måtte lære mange andre, heilt nye ting, sidan eg no sat i rullestol. No, snart 35 år seinare, prøver eg å vere mest mogleg sjølvhjelpen. Eg gjer alt av husarbeid inne og ute, eg steller meg sjølv, køyrer bil, og er i fast arbeid i kommunen. Elles brenn eg for at tilhøva skal bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemja, og at dei skal bli behandla med respekt. For det er dessverre ofte dei svakaste det går ut over når det er økonomiske innstrammingar, og mange av dei greier ikkje å seie frå. Men så lenge det er mål i meg, skal i alle fall eg gjere mitt for at denne urettvisa ikkje skal halde fram!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roald Rogne, Rogne/Fagernes, fødd 1954

For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft, etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar. Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sida av dette, har eg dei siste tjue åra eller så, teke vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med. Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp, i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp og langbord, og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑