Tag

Trearbeid

Per Valland, Hølera/Bjørgo, fødd 1950

Frå eg var 12 år gjekk eg med morgonavisa på Paradis i Bergen, og når kong Olav var på Gamlehaugen, var eg også innom der. Eg fekk helse på han nokre gonger, og det var bestandig spennande! Eg vaks opp nær sjøen, og syntest det var stor stas å vere med mor og far i båt. Vi fiska, bada og gjekk i land på holmar og skjer, og kosa oss med maten som mor hadde med. Eg var også ofte i Fana roklubb, der tre av onklane mine var medlemar. To av dei, Carl Henrik og Sigurd Monssen, tok bronse i åtter under OL i London i 1948, så det var stor stas å vere i lag med dei! Som ung vart eg med i Raudekrossen, og har 50 år seinare gått dei fleste gradane. Eg har hatt samarbeidspartnarar frå heile verda, og har teke del i utviklingsprosjekt og internasjonale kontaktleirar. Det har vorte sterke møte med menneske i vanskelege livssituasjonar, men også møte med ressurspersonar i organisasjonen, samt politikarar og andre samfunnstoppar. Eg kom til Merket i 1982, fyrst som nestleiar og seinare som leiar i 19 år. Men dei siste seks–sju åra har eg vore verksemdsleiar for innvandringstenesta i Sør-Aurdal. Og eg må seie eg blir lei meg når eg ser kor lett vi set framande i bås, for når vi fyrst blir kjent, er vi ikkje så fordømande. Elles har eg klimpra på gitar sidan eg var 11–12 år, og spelte med ein del kjende musikarar i Bergen på 1970-talet, mellom andre Ove Thue. No spelar eg mest for funksjonshemja – oftast på Merket – og det er eit fint publikum å spele for! Eg likar også å jobbe med tre, og synest det er artig å vøle på gamle hus, og drive med treskjering. Heime har eg bygd ei smie, og har også planar om å setje opp eit lite vikinghus. For eg har særleg stor interesse for gamalt handverk, og har dei ti siste åra vore på vikingmuseet på Borg og undervist i gamalt handverk og byggeskikk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Olaug Oldre, Garberg, Slidre, fødd 1974

Den siste dagen eg gjekk i barnehagen, såg eg at ei av dei tilsette var lei seg når ho skulle ta avskil med meg. Så eg sa til henne at ho ikkje skulle vere lei seg, for når eg blir stor skal eg byrje å jobbe her, så eg kjem att! Og slik vart det. Etter å ha jobba tre år i barnehagen i Volbu tok eg førskulelærarutdanning, og dei siste åra har eg vore i barnehagen i Slidre. Heilt sidan eg lærte å skrive, har eg skrive dikt. Eg gav ut ei bok saman med bestefaren min i år 2000, med risper, segn og dikt som han kunne, samt dikta mine. Han bestefar var ein klok og fornuftig mann, og eg sette stor pris på å vere i lag med han. Noko av det han lærte meg, var trearbeid av ulikt slag. Eg lagar mellom anna hjørneskåp som eg målar trollmotiv på, og har selt ein del av desse. Dessutan har eg sett opp ein gapahuk rett opp for huset, der eg og ungane har mange timar saman. Til dømes er vi her mykje i adventstida, og då er det bålkos med eventyrstund og kakao. Elles er eg ein ivrig fotograf, og knipsar i hovudsak naturbilete. Eg prøver å få fram heilskapen i bileta mine, og er særleg glad i levande motiv der ein nesten kan kjenne at ein er til stades, og kan «gå» innover i biletet. For meg er det også viktig at bileta er så naturlege som råd, og at dei er mest mogleg uredigerte. Eg legg ut mange av fotografia mine på mi eige side på Facebook, men også på den sida som heiter Valdres i bilder. Det er nok ganske mange som er inne og tittar, og somtid er det nokon som tek kontakt for å kjøpe eit bilete av meg. Om ikkje så lenge skal den nye boka mi, På livets reise, gjevast ut, der kvart dikt blir illustrert med eit naturbilete. Dikta tek føre seg ulike sider ved livet, og det å ta seg tid til å sjå, høyre og kjenne. Alle dikta er skrive på valdresdialekt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Hermundstad, Øvre Dalen, Øye, fødd 1946

For sju-åtte år sidan fann Ingeborg Wigdel og eg på at vi skulle starte opp att førjulsmarknaden i Øye. Det hadde vore førjulsmarknad ein gong før, men sidan arrangørane ikkje ville halde fram, spurde vi om det var greitt at vi tok over. Vi fekk med oss fleire gode hjelparar, og saman fekk vi i gang att marknaden. Førjulsmarknaden går føre seg på samfunnshuset i Øye, laurdag og sundag helga før advent, som i år blir den 25. og 26. november. Her blir det mogleg å sikre seg mange fine julegåver, for det er gode, handlaga produkt som blir selt; alt frå trearbeid til vovne og strikka produkt, mat- og bakevarer. Det er om lag 25 utstillarar som viser fram og sel varene sine, og publikum får høve til å stemme på den standen dei synest er best. Raudekrossen på Grindaheim sel kaffi og lappar, og den gode førjulsstemninga får du attpå. Til saman er det fleire hundre menneske innom marknaden kvart år, så dette er eit populært tilbod for så vel valdrisar som hyttefolk. Sjølv lagar eg lefsekling, som eg sel under marknaden. Dette er ein gamal tradisjonsbakst som opphavleg kjem frå Vestlandet, og det var svigermor mi, som kjem frå Hafslo i Sogn, som gav meg oppskrifta. Lefseklingen består av to leivar, der utanpåleiven blir pensla med eggeplommer, og inni er det smør, sukker og riven brunost. Ved sidan av at eg sel lefsekling under marknaden i Øye, reiser eg også til Lærdal på marknaden der to gonger i året. Eg har mange valdrisar og sogningar som kundar, og jamvel nokre frå Oslo og Molde. For lefseklingen har vorte veldig populær, og eg får mange bestillingar no før jul. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Leonardo Quezada, Heggenes, fødd 1956

Eg vaks opp i Viña Del Mar midt i Chile, om lag ein kilometer frå havet. Her var det fin natur, mange fjell og markerte årstider. Vi fiska og bada ofte, og syntest vi hadde det veldig fint. Men etter at president Allende vart styrta i eit militærkupp i 1973, vart Chile styrt som eit militærdiktatur fram til 1990. Det vart innført portforbod, soldatar patruljerte gatene, og det var mangel på nesten alle varer. Dette førte til stor ubalanse og mange protestar, for folket ville ikkje ha det slik. På grunn av den vanskelege situasjonen, flykta mange chilenarar ut av landet. Sjølv lånte eg pengar av bror min i 1988 og reiste til Stryn, før eg to år seinare flytte vidare til Øystre Slidre. Sidan har eg jobba som miljøarbeidar, og då kommunen hjelpte meg med utdanning slik at eg vart helsefagarbeidar i år 2000, var eg både stolt og takksam. Eg har hatt fibromyalgi i mange år, og er plaga med mykje smerter. Eg er flink til å trene og går fast til fysioterapi, men sjukdommen og smertene har likevel vorte verre. Smertene gjer at eg blir fort sliten, og eg har også vorte meir gløymsk. For å ikkje berre sitja inne og synast synd på meg sjølv, men heller prøve å få tankane over på noko anna, har eg laga meg til ei «furtebu». Her driv eg med treskjering og anna trearbeid, og lagar mellom anna veggklokker, blomsterkasser og fuglehus. Då får tankane flyte fritt, og i staden for mismot, kjenner eg på gleda over å skapa noko. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑