Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Fram til eg var 18 dreiv eg med skiskyting, men eg var for dårleg til å skyte, så eg gjekk over til langrenn i staden for. Og då eg var ferdig på vidaregåande flytte eg til Lillehammer, der eg dei neste fem åra satsa på langrenn for fullt. Som beste resultat fekk eg 25. plass i NM for seniorar. Ved sida av langrennssatsinga var eg student. Det vart ein bachelor i idrettsfag, eit årsstudium i økonomi, og eitt år med praktisk pedagogisk utdanning. Deretter vart det eitt år med studiar innan spesialpedagogikk på idrettshøgskulen i Oslo, før eg vende nasen heim, og byrja som idrettslærar på Valdres vidaregåande skule. På skulen underviser eg i langrenn og skiskyting. Eg har med meg nokre nyttige erfaringar i tida frå eg sjølv var aktiv, som eg tenkjer elevane mine kan dra nytte av. For eg lærte mykje om meg sjølv då eg trente regelmessig 10–12 økter i veka. Både om det reint kroppslege og kva som må til av trening, og at ein må evne å hente ut det siste av krefter, men også at ein må vere strukturert og ha evne til planlegging. Dessutan var eg for ivrig, og trente litt feil og for mykje. Eg ville for mykje for fort. Og når ein sjølv har kjent dette på kroppen, er det lettare å sjå teikna hjå andre. Elles er eg oppvaksen på gard, og skal ta over drifta om ikkje så lenge. Eg driv også med jakt og fiske, og unnar meg ein tre veker lang utanlandstur kvar sumar. Då reiser eg gjerne til Frankrike, der eg mellom anna har vore og sett Tour de France eit par gonger, men USA er også veldig fint. Og sjølvsagt brenn eg for fysisk aktivitet. Eg ser at elevane trivst i aktivitet, og eg er sjølv ein ivrig mosjonist: Eg går mykje på ski, og spelar også fotball for FK Vang. Det er så rart med det; alt går så mykje lettare når ein kjem seg ein tur ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Far min dreiv med friidrett så å seie heile livet, og det var han som sytte for at også eg byrja. Eg flytte til Gjøvik og Oslo ein periode i ungdomstida for å gå på skule, men kom heimatt til Valdres med ein gong eg var ferdig med utdanninga. Sidan har eg teke idrettsmerket kvart år, og i 2003 fekk eg heidersprisen for å ha teke idrettsmerket i 35 år på rad. Idrettsmerket får ein ved å klare fastlagte krav innan spenst, styrke, det å vere uthaldande og rask, samt at ein må drive fast med ein fysisk aktivitet, eller trene aktivt gjennom heile året. Innan friidretten har vi vore på tallause klubbstemner, krinsmeisterskap og NM for veteranar, og eg har delteke på Holmenkollstafetten 15-16 gonger, og Det Norske Fjellmaraton 20 gonger. Dette har gjeve oss mange fine turar rundt om i heile Norge, i lag med gode vener frå idrettsmiljøet. Nokon av dei har vore med like lenge som oss. Hausten 2016 vart eg pensjonist, men eg får tida til å gå likevel. Eg likar å halde meg i form, og trenar tre–fire gonger i veka. Treninga har nok vore ein avgjerande årsak til at eg på mine vel 40 år som sekretær i heimesjukepleia i kommunen, ikkje hadde ein einaste fråværsdag. Og det er noko eg er både stolt av og glad for! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2021 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑