Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar, på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Det kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vane til surrogatprodukt i Aust-Tyskland. Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under Beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida. Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet verka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til kvardagen, vart så lett som råd. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Vi flytte til Valdres i 1999, fordi far min skulle overta ein gard. Det var vanskeleg å flytte frå alle venene mine i Slemmestad, men no har eg i det minste fått kontakt med dei fleste av dei på Facebook. Sidan vi flytte, har eg mellom anna hatt mitt eige program i radiostasjonen «Radio mix», der eg spelte dansemusikk og prata litt mellom songane. Eg hadde eige utstyr, og hadde sendingar heimafrå, men etter at eg hadde jobba der om lag eitt år, vart radiostasjonen dessverre nedlagd. Seinare var eg på Valdres Folkemuseum eit par år, der eg hjelpte til med å skanne inn gamle fotografi, og det var kjekt å halde på med. Eg sit i rullestol, fordi eg er fødd med ryggmargsbrokk. Dette har ikkje gått ut over det sosiale, for eg likar veldig godt å kome meg ut og prate med folk. Då tek eg ofte turen til kjøpesentera på Fagernes og Leira, for her møter eg mange eg kjenner, og som eg kan slå av ein prat med. Dessutan er eg aktiv på sosiale medier, og har meir enn 1000 vener på Facebook. Elles er eg interessert i musikk, og eg er oppteken av politikk. Sidan eg er einig i mykje av politikken til AP, vart eg partimedlem for om lag to år sidan. Dei siste tre åra har eg selt lodd for Valdres FK. Det fyrste året selde eg for 16.000 kr, i 2015 for 40.000 kr, og i fjor selde eg lodd for over 70.000 kroner. Eg skal selje lodd i år òg, og håpar eg kan slå rekorden min frå i fjor! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑