Til hausten skal eg byrje på folkehøgskulen i Skogn i Trøndelag, etter at eg blir ferdig med sisteåret på studiespesialisering. På folkehøgskulen skal eg gå lina som heiter USA, film og friluftsliv, der vi i tillegg til teoretisk læring om desse emna, også skal på ulike ekskursjonar. Det heile blir avslutta med ein tur til USA på våren, der vi mellom anna skal til Grand Canyon, Las Vegas og fleire stader på vestkysten. Du kan tru eg gler meg! Eg har ikkje bestemt meg for kva veg eg skal gå vidare etter året i Skogn, for eg er ikkje så glad i å planleggje for mykje, men tenkjer at vegen blir til mens eg går. Undervegs vil eg uansett sjå litt av verda før eg slår meg til ro. Og sidan eg er stolt av å vere frå Valdres, og er sæl av familien min, skal det mykje til om eg ikkje endar opp her. Det er mykje bra tilbod til ungdom i Valdres, så eg kjedar meg aldri. Men den store hobbyen min er å spele langeleik, noko som er ein lang familietradisjon. Eg har vore med på landskappleiken sidan 2013, og skal i år spele i seniorklassa for fyrste gong. Det skal bli artig å prøve seg mot dei aller beste her til lands! Elles høyrer eg på all slags musikk, og synest det er artig å klunke litt på pianoet somtid. Dessutan er eg oppteken av miljøet, og er bevisst på å ikkje bruke meir ressursar enn nødvendig. Sidan 2015 har eg hatt sumarjobb ved Valdres Folkemuseum. Der trivst eg godt, og gler meg til å ta fatt på ein ny sesong. Arbeidsoppgåvene er mangsidige, og det å formidle sin eigen kultur gjer at eg sjølv også blir meir rotfesta, og får ei betre forståing for det unike i Valdres. Eg har også gått Fjellstafetten i Øystre Slidre kvart år sidan 2005. For det beste med Valdres er naturen, og det er ikkje mykje som kan måle seg med ein ski- eller fjelltur i denne naturperla vi bur i! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Vi flytte til Valdres i 1999, fordi far min skulle overta ein gard. Det var vanskeleg å flytte frå alle venene mine i Slemmestad, men no har eg i det minste fått kontakt med dei fleste av dei på Facebook. Sidan vi flytte, har eg mellom anna hatt mitt eige program i radiostasjonen «Radio mix», der eg spelte dansemusikk og prata litt mellom songane. Eg hadde eige utstyr, og hadde sendingar heimafrå, men etter at eg hadde jobba der om lag eitt år, vart radiostasjonen dessverre nedlagd. Seinare var eg på Valdres Folkemuseum eit par år, der eg hjelpte til med å skanne inn gamle fotografi, og det var kjekt å halde på med. Eg sit i rullestol, fordi eg er fødd med ryggmargsbrokk. Dette har ikkje gått ut over det sosiale, for eg likar veldig godt å kome meg ut og prate med folk. Då tek eg ofte turen til kjøpesentera på Fagernes og Leira, for her møter eg mange eg kjenner, og som eg kan slå av ein prat med. Dessutan er eg aktiv på sosiale medier, og har meir enn 1000 vener på Facebook. Elles er eg interessert i musikk, og eg er oppteken av politikk. Sidan eg er einig i mykje av politikken til AP, vart eg partimedlem for om lag to år sidan. Dei siste tre åra har eg selt lodd for Valdres FK. Det fyrste året selde eg for 16.000 kr, i 2015 for 40.000 kr, og i fjor selde eg lodd for over 70.000 kroner. Eg skal selje lodd i år òg, og håpar eg kan slå rekorden min frå i fjor! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑