Med ein gong eg var ferdig på ungdomsskulen, reiste eg til Los Angeles som utvekslingsstudent. Sidan dette er verdas filmhovudstad er det mange kjendisar i området, og ein gong fekk eg handhelse på Paul Newman. Dessutan var to av jentene på skulen nieser av Charles Bronson. Det var eit spennande og lærerikt år, og eg har framleis kontakt med fleire av dei eg gjekk i lag med på skulen. Eg vart ferdig utdanna spesialpedagog i 1994, og jobbar no ved Vang barne- og ungdomsskule. Her har eg hovudansvar for ein elev med spesielle behov, der eg jobbar mest med kommunikasjon, at vedkomande skal behalde fysikken, samt ADL-trening. Denne eleven har ikkje språk, og brukar ein Ipad med eit program som heiter «WidgitGo», for å kommunisere. Programmet har teikningar og stemme, slik at vi både kan sjå og høyre kva eleven ynskjer å formidle. Programmet er i stadig utvikling, og akkurat som andre elevar utviklar sitt språk, blir også dette programmet utvikla etter kvart. Når ein har elevar med slike utfordringar, er det viktig å ha eit godt samarbeid med PP-tenesta, fysio- og ergoterapeut, assistentane ved skulen, og sjølvsagt dei føresette. Hjå oss fungerer samarbeidet heldigvis veldig godt, og assistentane ved skulen har vorte gode venninner. Elles har eg norskundervisning for framandspråklege elevar, hovudsakleg i barneskulen. Det er naturlegvis ein overgang for dei å skulle venje seg til ein heilt ny kultur, og dessutan er mange traumatiserte. Men etter kvart som tida går vil tryggleiken ta ein større plass i liva deira, og dei vonde minna blir svakare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Etter eitt år på folkehøgskule i Sogndal, og to og eit halvt år med ulike jobbar i Oslo, flytte eg heim til Vang i 1980. Her tok eg til å jobbe som assistent ved Vang barne- og ungdomsskule, der eg var fram til 1995. Då eg slutta å arbeide ved skulen, starta eg opp for meg sjølv. Eg hadde ei systove på Neset der eg tilverka bunader, og i 2003 kjøpte eg Haukåsen, som ligg rett bortanfor garden der vi bur. På garden har vi om lag 50 vinterfôra sau, og til garden høyrer det ein støl som ligg i Herredalen. Her er det ikkje mobildekning, så eg får verkeleg ro til å samle nye krefter her. Eg flytte systova til Haukåsen – der eg også hadde noko servering – og i 2011 starta eg i tillegg opp ein strikkekafé her. På strikkekafeen er vi mellom 15-20 kvinner som møtes kvar tysdag. Dette er eit populært tilbod for oss damene, og dei siste fem åra har vi strikka babyteppe til alle nyfødde i Vang kommune. Elles har eg drive ein «onnebarnehage» i 13 sumrar, som var ein feriebarnehage for ungar frå heile kommunen, og eg har hatt avlastingsheim, der eg tok i mot personar med behov for det. Då eg var yngre dreiv eg aktivt med mellom anna symjing, orientering, langrenn og skihopp, og i 1973/-74 fekk eg prisen «årets idrettsjente i Vang». Ein annan pris eg har fått, og som eg er ganske stolt av, er positivprisen. Den fekk eg som fyrste vangsgjelding i 2001. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑