Tag

Vang kommune

Ragni Havro Almenning, Hensgardane, Vang, fødd 1971

Far min var leirskulelærar på Fjellsyn, så dei fire fyrste åra av livet budde eg i Etnedal, før vi flytte til garden der far min vaks opp i Vang. Sidan mor mi kjem frå Stryn, reiste vi til Vestlandet på ferie kvar sumar. Eg vart derfor veldig glad i Vestlandet, så då eg etter ungdomsskulen skulle velje skule, fall valet på Nordfjord, og folkehøgskulen på Sandane. Og det angrar eg ikkje på, for det er det beste året eg har hatt i livet mitt! Det var også her eg møtte Oddvin, som eg gifte meg med sju år seinare. Etter folkehøgskulen gjekk eg gymnaset på Fagernes, så var eg «au pair» hjå tanta og onkelen min i Trondheim, før eg utdanna meg til førskulelærar i Oslo. Den sumaren eg var ferdig på skulen gifte eg og Oddvin oss, og flytte fyrst til Måløy, så til Stryn, før vi enda opp i Vang i 1998. Her heime har eg jobba i barnehagane Fredheim og Øye, men etter til saman 20 år i yrket sa eg opp, og byrja som assistent for Torstein Lerhol for fem år sidan. Dette er eit arbeid eg likar veldig godt, for jobben er variert, og det er utruleg gjevande å kunne vere til hjelp, og samstundes få så mykje tilbake sjølv. Utanom arbeidet er eg veldig glad i å gå fjellturar. Sumaren i fjor var heilt fantastisk, og då vart det ein fjelltur nesten kvar dag eg hadde fri. Det blir naturleg nok flest turar i Valdres, men vi er også ein del på Vestlandet. Og sidan vi har hytte på Mugnestølen oppunder Slettefjell, er det Mugnetind som oftast blir besøkt. Elles likar vi å reise, og brukar å reise på ferie med to venepar. Men når eg skal kose meg ein heilt vanleg kvardag, fyller eg eit glas med frosne bringebær, har i ein dash sitron, og fyller opp med cola. Har eg i tillegg ein pakke med Smash maissjokolade og det går noko bra på TV, krøllar eg føtene godt oppunder meg i godstolen, og kan ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tor-Evert Grøndal Johansen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1981

Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Yvonne Mari Mæland Solemsli, Tyinkrysset, fødd 1980

Sidan eg kjem frå ein liten plass – Breim i Nordfjord – grudde eg meg fælt til å reise frå den trygge komfortsonen, og ut i den store verda på eigenhand. Men eg gjorde det likevel, og det angrar eg ikkje på! For det året eg budde i New Jersey i USA, er det mest fantastiske året eg har hatt. Mellom anna fordi eg lærte meg sjølv å kjenne, og derfor vaks som person. Før eg reiste gjekk eg tre år på idrettslina, og fekk då lyst til å sjå verda. Året som au pair i USA inspirerte meg til å ta meir utdanning, så ei tid etter at eg var komen heim flytte eg og mannen min til Trondheim, der eg tok utdanning som førskulelærar. Etter seks år i Trondheim flytte vi til Vang i 2007. Eg byrja som pedagog i Fredheim barnehage, og var også leiar for alle barnehagane i Vang ein periode. No er eg styrar i Høre barnehage, og barnehagefagleg rådgjevar i kommunen. Det å jobbe i barnehage er ein stor del av livet mitt. Når eg kjem på jobb blir eg møtt av smil og latter, eg kan vere meg sjølv, og får brukt dei kreative sidene mine. Vi driv med musikk og dans, går turar, og gjer slikt som eg likar. Kvar dag er positiv. Idrett er, og har vore, ein stor del av livet mitt. Eg har spelt handball, fotball og volleyball, og har drive med friidrett. På fritida trenar eg mine eigne og andre sine born i handball, turn og alpint, og sjølv om eg har høgdeskrekk driv eg med klatring, og køyrer også alpint. Dessutan er eg eigar av treningssenteret i Vang, Gnist, og medeigar i Intersport på Filefjell. Elles er eg glad i musikk, og likar alt frå Sinatra til Metallica. Eg likar også å syngje, men berre heime og i barnehagen! Draumen er å reise meir, for eg er eventyrlysten, og glad i å oppleve andre land. Bali skal visstnok vere fantastisk, så kanskje går neste tur dit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tove Skogheim Nyhagen, Røn, fødd 1966

Det er far min som kjem frå plassen der eg og mannen min, Bjørn, no bur. Sjølv er eg fødd i Bærum og oppvaksen i Drammen, der far min hadde eit reiseselskap. Eg var ofte med på turbilkøyring, og det var stor stas å få sitje med mikrofonen framme i bussen, og underhalde passasjerane med sang og vitsar! Eg byrja tidleg å spele trekkspel, og var med på mange tevlingar og festivalar både i inn- og utland. Frå NM fekk eg eitt gull i duettklassen og fleire gull i orkesterklassen, medan det vart ein andreplass i solospel som best. Og som 16-åring reiste eg til Gjøvik for å gå musikklina, med fordjuping i trekkspel. Eit par år seinare flytte eg til Valdres, for far min kjøpte Fosheim hotell, og eg byrja å jobbe der. Så vart det jobb på Neskroa, før eg byrja å køyre drosje 22 år gamal. Eg held fram med å spele trekkspel, og spelte mykje i lag med «Slidringadn», men då eg vart med i koret «Popcorn» i 2008, byrja eg å prioritere koret framfor trekkspelet. Ved sidan av jobben tok eg utdanning innan rådgjeving og rettleiing, og no studerar eg psykososialt arbeid for barn og unge. Eg brenn for ungdom i sårbare situasjonar, og går no i eit vikariat som burettleiar for einslege, mindreårige asylsøkjarar i Vang. Etter at eg fekk brystkreft i 2016 bestemte eg meg for å vere open om det, så eg byrja å blogge. Eg fekk mykje ros for at eg var så open og ærleg i bloggen, og det var dessutan god terapi å skrive. Noko av det eg har lært av sjukdommen, er å vere flinkare til å høyre på kroppen – når eg er sliten, så kviler eg. Elles likar eg å drive ute. Eg er kreativ av meg, og har mellom anna snekra ein paviljong og laga ein carport. Og no har eg kjøpt meg motorsag, så det skal nok bli ei råd med ved til vinteren! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Elisabeth Hålien, Grindaheim, fødd 1969

Eg har mange interesser, og engasjerer meg i mangt og mykje. Sidan eg ikkje kvir meg for å opne kjeften og seie frå, blir eg ofte valt inn i styre og stell. Til dømes har eg vore involvert i drillgruppa, allidretten, og alpingruppa, og dei siste åra har eg vore oppmann for fotballaget der dottera mi er med. Dei seks åra ungane køyrte snøcross var eg sterkt involvert i det, og då kinoen på Åsvang vart avvikla, fekk eg og ei venninne midlar frå kulturkontoret til oppgradering av utstyret, så bygdekinoen vart redda. Dessutan er eg leiar for bygdelista i Vang, samt styremedlem og sekretær i «Stabburshella». Noko av det eg har engasjert meg sterkast i, var «Dorna-saka». Dorna var fødd og oppvaksen i Vang, men då ho var 11 år gamal, fekk ho beskjed om at familien ikkje fekk opphald. Sidan foreldra hennar kom frå to ulike nasjonar, og ingen av dei fekk lov til å reise til ektefellen sitt land, ville familien bli splitta. Det var ein tidkrevjande prosess, der heile bygda engasjerte seg, og borna skreiv brev til så vel kongen som statsministeren. Heldigvis vann vi fram, og familien fekk opphald. Av andre interesser, kjem jakt høgt på lista. Det er storvilt eg jaktar på, elg og hjort, og eg har mange fine opplevingar å sjå tilbake på. Til dømes når eg går ut tidleg ein morgon, og tåkedisen ligg som eit florlett teppe, og skapar ei trolsk stemning. På veg gjennom skogen høyrer eg fuglane vakne til liv, og ser kanskje eit ekorn på lette føter på veg opp eit tre. Så bryt sola gjennom, disen forsvinn, og den trolske stemninga er med eitt over. Slike naturopplevingar, samt spenninga under sjølve jakta, der eg sit årvaken og ventar på at bikkja får los, ja, det gjev rett og slett sjelefred. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gullborg Berge, Bøaflata, Mjøsvang, fødd 1958

Den 18. desember 1982, var eg og familien min på biltur over fjellet mellom Tyin og Årdal. Det snødde og føret var dårleg, og vegen var nett opna for fri ferdsel. Ut av snøføyka kom plutseleg snøfresaren til Vegvesenet midt i vegen, og samanstøyten var ikkje til å unngå. Kollisjonen førde til at eg vart ryggmergsskadd, og lam frå hoftene og ned. Eg vart fyrst floge til Haukeland, der eg var ein månad, og var deretter eit halvt år på Sunnaas. Det gjekk heldigvis betre med dei andre. Mannen min og sonen vår vart sendt til sjukehuset i Lærdal, og vart utskrivne med mindre fysiske skadar etter kort tid. Dottera vår vart sendt heim med det same. Tida etter ulukka var tøff. Livet vart snudd på hovudet for heile familien, og det var ikkje lett å akseptere at eg skulle bli sitjande lenkja til rullestolen, 24 år gamal. Dessutan gjekk eg gjennom ein tøff habiliteringsprosess: Gjeremål som tidlegare hadde vore ei sjølvfølgje måtte lærast på nytt, slik som å gå på do, og av- og påkleding, og eg måtte lære mange andre, heilt nye ting, sidan eg no sat i rullestol. No, snart 35 år seinare, prøver eg å vere mest mogleg sjølvhjelpen. Eg gjer alt av husarbeid inne og ute, eg steller meg sjølv, køyrer bil, og er i fast arbeid i kommunen. Elles brenn eg for at tilhøva skal bli best mogleg tilrettelagt for funksjonshemja, og at dei skal bli behandla med respekt. For det er dessverre ofte dei svakaste det går ut over når det er økonomiske innstrammingar, og mange av dei greier ikkje å seie frå. Men så lenge det er mål i meg, skal i alle fall eg gjere mitt for at denne urettvisa ikkje skal halde fram!  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑