Tag

Vekependlar

Marte Døvre-Holdal, Skrautvål, fødd 1998

På idrettslina hadde vi mykje undervising om kroppen, og det syntest eg var så interessant, at eg ville lære meir. Men eg hadde inga erfaring frå helsearbeid, og var litt i tvil om det var det rette for meg. Så etter tre år på idrettslina byrja eg i staden på pedagogikk, for eg tenkte at det kunne eg uansett ha bruk for, sjølv om eg berre gjekk eitt år. Hadde eg derimot teke eit studium innan helse, måtte eg gå minst tre år for å kunne ha nytte av det. Studiet i pedagogikk gjekk føre seg i Oslo, og det var greitt nok. Men det var fyrst då eg kom til Oslo at eg verkeleg skjønte kor glad eg er i Valdres, og at det er her framtida mi skal vere. Eg fullførte skuleåret no i vår, og var heimatt kvar helg. Ikkje berre fordi eg lengta heim, men også for å hjelpe til på garden. Sidan mars i år har eg jobba ved korttidsavdelinga på VLMS, og har fått prøvd ut om ein jobb innan helse er noko for meg. Og det er det! Derfor søkte eg meg inn på sjukepleierskulen, der eg tok til no i haust. Studiet er 75% deltid, så eg må gå fire år i staden for tre. Det er heilt greitt, for då kan eg halde fram med å jobbe på VLMS, men også på G-Sport, der eg er på femte året. Tidlegare dreiv eg med ski, skiskyting og fotball, og no har eg så smått byrja å vere med på handballtreningane til Fagernes/Øystre Slidre. Eg er også veldig glad i friluftsliv, og då særleg fjellturar om sumaren, og skiturar vinterstid. Kva framtida har å by på veit ingen, men ein ting er sikkert, og det er at eg vil bu i Valdres! Eg vil også fullføre utdanninga mi, og kanskje ta vidareutdanning etterkvart. Og dersom alt blir lagt til rette, ynskjer eg å ta over garden. Men det ligg framleis eit stykke fram i tid, så vi får sjå korleis det blir når den tida kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Rune Fremgaard, Hagagrendé, Reinli, fødd 1974

Eg er utdanna byggmeister, og vekependla til Bærum i 15 år, før eg byrja for meg sjølv. Men dei siste fire åra har eg jobba som avdelingsleiar for eigedom i kommunen. Elles er eg med i brannvesenet, og er leiar for Raudekrossen i Bagn, der eg brukar mykje av fritida mi. Ved sida av fyrstegongstenesta, tenestegjorde eg i Kosovo i 15 månader, der oppgåvene var mangfaldige. Vi var over alt der det var bruk for oss, men det var i hovudsak politioppdrag vi vart sette til, som til dømes vaktteneste, husransakingar og vegkontrollar. Det var ei fin tid, som eg er stolt av å ha vore med på. Av interesser, ragar musikk, film og fotball høgst. Favorittlaget er Manchester United, og den største fotballopplevinga var under Solskjær sin testimonialkamp på Old Trafford, med om lag 15 000 nordmenn på tribunen. Og då Jokke – ein av mine og Solskjær sine favorittartistar – runga over høgtalaranlegget, kom det nok ei tåre i augekroken. Medan eg var ute på den siste motorsykkelturen for sesongen – ein oktoberdag i 2005 – vart eg påkøyrt av ein bil då eg var på veg heimatt. Det var ein kraftig smell, der eine foten vart riven tvers av, og eg knekte ein arm. Eit par dagar etter at eg vart innlagd på sjukehuset svikta lungene, og like etter svikta nyrene. Det vart over 20 operasjonar, og eg heldt på å miste livet eit par gonger. Heldigvis berga eg livet, og legane klarte å redde foten min. Og då kan eg leve med at eg kjem til å ha kroniske smerter resten av livet. Med tida har eg lært å tenkje positivt, for eg trur at positive ting skjer med dei som har ei positiv innstilling. Dessutan er det berre ein sjølv som kan gjere noko med det livet ein lever, så det er lita hjelp i å leggje skulda på andre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑