Tag

Veteranbil

Ola Bonlid, Hagagrendé, Reinli, fødd 1969

Ein gong, medan eg dreiv og kappa ved for 15 år sidan, sette det seg fast ein grov kubbe i vedmaskina. Eg sparka laus kubben med foten, men det gjekk så gale at foten vart kutta av nede ved okla. Foten var så øydelagt at det ikkje gjekk an å sy han på att, så eg måtte byrje med protese. Fleire år tidlegare, i 1990, hadde eg take over garden i lag med syster mi, etter at far min vart hjartesjuk 51 år gamal. Han var ein skikkeleg arbeidsmaur, men døydde berre 67 år gamal. Det var ikkje så lett å drive garden den fyrste tida etter at eg mista foten, men eg fekk ein del hjelp av slekta, og etter ei stund gjekk det betre. Sidan eg har 120 storfe på garden er det mykje å gjere, og det er ein del år sidan eg har hatt ferie. Og det at far min arbeidde så hardt, vart hjartesjuk og døydde tidleg, har nok skremt meg litt. Så eg har vore inne på tanken om å trappe ned, og bruke meir tid saman med borna mine, men eg har bestemt meg for å halde på litt til. For her har vore drift sidan 1930-talet, og eg vart på ein måte fødd til å drive garden vidare, så det er mange kjensler som spelar inn før den endelege avgjerda skal takast. Bilen eg står ved sidan av, arva eg då eg var ni år gamal. Det er ein 1961-modell Ford 12M, som hadde gått 4622 kilometer då eg fekk han. Eg har berre brukt han til finbruk, og no, snart 40 år etter at eg tok over bilen, har han gått 5260 kilometer. Bilen er heilt original, og har aldri vore skrudd frå kvarandre. Det har ikkje ein gong vorte skifta dekk på han, så diagonaldekka som sit på, er dei same som då bilen var ny. Eg har vore på 11 treff med bilen, og det vart fyrstepremie kvar gong. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Bjørn Fløgum, Bøvarstogo, Etnedal, fødd 1980

Sidan både far min og bror min var interesserte i bil, og dessutan nokre av kompisar mine, vart også eg biten av basillen. Dette har medført at eg har eigd nokre titals bilar gjennom åra, og nett no har eg 16, der seks av dei har skilt. Eg skrur og tek meg av alt det mekaniske sjølv, medan eg set bort oppretting og lakkering til andre. Nitti prosent av bilane eg har hatt er Opel, og det er dei gamle bakhjulstrekkarane eg likar best. Av bilane eg har no, er det nok den bak meg som er den gjævaste, ein 1968-modell Opel Kadett Rallye coupe 1900. Eg har vore på 15 Opel-treff med denne bilen, og har fått åtte premiar for han. Rallye coupe er ein ganske sjeldan bil som det ikkje vart selt mange av, fordi han hadde større motor, og var derfor noko dyrare enn ein standard Kadett B. No i dag er det nok ikkje meir enn 20-30 Rallye coupe registrert i Norge. Eg er glad for at det er så godt bilmiljø i Valdres og Oppland, for det er artig når ein møter andre med same interesse, og kan bli kjend med så mange fine folk. I denne samanhengen må eg nemne at vi er ein gjeng motorinteresserte som møtest på Bergfossenteret på Dokka kvar veke, til sosialt samvær, kaffi og mat. Og ikkje nok med det, vi har jamvel julebord kvart år! Det likaste eg veit, er når det er fint summarvær ein laurdag, eg har god tid, og kan ta ein tur med ein av veteranbilane mine. Den kjensla eg får av å ha fridom til å gjere kva eg vil, at eg kan stoppe for å ete middag ein stad, og berre nyte dagen, nei, den kan ikkje målast i pengar! På slike dagar kjenner eg meg levande, og at eg får løn for all tida eg har brukt på å setje bilane i stand. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Odd Harald Rogn Tveit, Tveitaroné, Ryfoss, fødd 1969

Heilt sidan eg var smågut, har eg hatt interesse for bilar og mekanikk. Og etter at eg hadde ordna meg til ein verkstad på garden der eg vaks opp, laga eg ein bil då eg var 13-14 år gamal. Eg sveisa ramma sjølv, og tok delar frå ymse køyretøy og mykje anna rart. Forstillinga og motoren vart henta frå ein Opel, og så laga eg eit lite lasteplan og skjermar av trevirke. Bilen vart mest brukt på garden, men eg køyrde han også til og frå stølen. Restane av bilen kan du sjå bak meg, men han har stått ute dei siste 20 åra, og ber sterkt preg av det. Eg fann tidleg ut at det var mekanikar eg skulle bli, og etter at eg hadde gått maskin/mek. og landmek., tok eg fagprøve som bilmekanikar. No er eg næraste nabo til garden eg vaks opp på, og har hatt verkstad her sidan 1997. Eg tek imot alle slags køyretøy til reparasjon, men eg reparerer òg andre ting. Ein gong fekk eg endatil inn eit heimebrentapparat som eg sette i stand att! Det er mykje å gjere, og eg skulle nesten ynskje at døgnet hadde hatt fleire timar, for eg har mange prosjekt eg har lyst til å bli ferdig med. Ved sida av at eg har fleire bilar eg gjerne skulle restaurert, mellom anna ein A-Ford og to T-fordar, har eg eit småbruk med om lag 60 søyer. Eg har òg ei sag der eg sagar stokkar til lafting, men til no har eg dessverre ikkje hatt tid til å drive noko særleg med det. Utpå seinsumaren får eg inn ein lærling, og til vinteren vonar eg det kan bli litt roligare, så kanskje eg får litt betre tid til prosjekta mine etter kvart? No ja, det seier eg forresten kvart år, så eg får ta det som det kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑