Tag

VLMS

Marte Døvre-Holdal, Skrautvål, fødd 1998

På idrettslina hadde vi mykje undervising om kroppen, og det syntest eg var så interessant, at eg ville lære meir. Men eg hadde inga erfaring frå helsearbeid, og var litt i tvil om det var det rette for meg. Så etter tre år på idrettslina byrja eg i staden på pedagogikk, for eg tenkte at det kunne eg uansett ha bruk for, sjølv om eg berre gjekk eitt år. Hadde eg derimot teke eit studium innan helse, måtte eg gå minst tre år for å kunne ha nytte av det. Studiet i pedagogikk gjekk føre seg i Oslo, og det var greitt nok. Men det var fyrst då eg kom til Oslo at eg verkeleg skjønte kor glad eg er i Valdres, og at det er her framtida mi skal vere. Eg fullførte skuleåret no i vår, og var heimatt kvar helg. Ikkje berre fordi eg lengta heim, men også for å hjelpe til på garden. Sidan mars i år har eg jobba ved korttidsavdelinga på VLMS, og har fått prøvd ut om ein jobb innan helse er noko for meg. Og det er det! Derfor søkte eg meg inn på sjukepleierskulen, der eg tok til no i haust. Studiet er 75% deltid, så eg må gå fire år i staden for tre. Det er heilt greitt, for då kan eg halde fram med å jobbe på VLMS, men også på G-Sport, der eg er på femte året. Tidlegare dreiv eg med ski, skiskyting og fotball, og no har eg så smått byrja å vere med på handballtreningane til Fagernes/Øystre Slidre. Eg er også veldig glad i friluftsliv, og då særleg fjellturar om sumaren, og skiturar vinterstid. Kva framtida har å by på veit ingen, men ein ting er sikkert, og det er at eg vil bu i Valdres! Eg vil også fullføre utdanninga mi, og kanskje ta vidareutdanning etterkvart. Og dersom alt blir lagt til rette, ynskjer eg å ta over garden. Men det ligg framleis eit stykke fram i tid, så vi får sjå korleis det blir når den tida kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Brenna, Skrautvål, fødd 1997

Då eg var lita, syntest eg det var veldig artig å få ansvaret for fjøsstellet åleine, og kjenne at eg vart tiltrudd eit så stort ansvar. Det var også artig å leike med kalvane, og lære dei opp til mellom anna å hoppe hinder. Dessutan var det stor stas med alle hyttefolka og ungane deira, som kom innom på stølen for å sjå på dyra våre, og då særleg kalvane. Oppgåvene på ein gard er mangfaldige, og ein lærer noko nytt heile tida. Eg fekk også vere med far min på mange av oppdraga hans som snikkar, så eg lærte meg tidleg å arbeide. Eg set veldig stor pris på at eg fekk ein slik oppvekst, for eg har fått med meg gode verdiar heimanfrå, og har mange fine minner å sjå tilbake på. For tida er eg student ved høgskulen på Gjøvik, der eg går andre året på sjukepleiarutdanninga. Når eg er heimatt i helger og feriar, jobbar eg på VLMS og ved eit barneavlastingstilbod på Leira. Dessutan hjelper eg til på garden, og eg trenar ein del, så det er ikkje vanskeleg å få tida til å gå. Sidan tida no har vorte knappare, såg eg meg nøydd til å leggje langrennssatsinga på hylla i fjor. Eg vann fleire krinsmeisterskap, men det som var gjevast å vere med på, var hovudlandsrennet, der dei beste 15- og 16-åringane i landet konkurrerer. Her fekk eg ein fjerdeplass som den beste individuelle plasseringa mi, dessutan var eg med og tok gull i stafett for laget til Oppland. Etter studiane har eg lyst til å arbeide med barn/ungdom, aller helst førebyggjande. Men eg er òg glad i dyr, og er ikkje framand for å ta over garden. Uansett kva som skjer, vil eg helst bli buande i Valdres. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑