Tag

Ysting

Gunnar Hansen, Furuly, Hedalen, fødd 1954

Som smågut bygde eg og fleire andre ungar ein stor indianarleir i Veme utanfor Hønefoss, der eg vaks opp. Leiren hadde sju-åtte tipi´ar og eit par steinhytter, og eg leika her nesten kvar dag i sju-åtte år, så det vart mange timar! Eit par år etter at eg var ferdig utdanna industrimekanikar, møtte eg ho som skulle bli kona mi. Vi flytte til Hønefoss og budde der fram til 1980, før vi busette oss i Hedalen, der kona mi kjem frå. Eg fekk jobb hjå Interpower i Begnadalen, men byrja etter kort tid som røyrleggjar for Ivar Lie & søner. Og sidan den gongen har eg vore røyrleggjar, dei siste åra i eige firma. No er eg pensjonist, men tek framleis på meg ein del oppdrag. Eg har vore interessert i gamle bygningar heilt sidan eg som gutunge var med og bygde steinhytter i skogen, og den store hobbyen min er å restaurere og halde ved like dei gamle tømmerhusa på setra vår, Haugevolla. Elles er eg med i fleire lag og foreiningar i bygda, mellom anna Bautahaugens vener. Bautahaugen er eit levande museum, der vi har temadagar kvar laurdag i sumarsesongen, om til dømes skinntrykk, ysting og tegerarbeid. Det er ca 1000 besøkjande innom i løpet av sumaren. Eg har også vore medlem av Vassfaret lionsklubb i 20 år. Lions er nøytral med omsyn til religion og politikk, og samlar inn pengar til veldedige formål lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dessutan sit eg i styret i helselaget, der vi mellom anna støttar ulike føremål i bygda. Av andre interesser kjem motorsykkelturar og militær tattoo høgt på lista. Når det gjeld militær tattoo er det sjølvsagt artig å sjå det på tv, men det kan ikkje samanliknast med å vere til stades. Det har difor vorte fleire turar til Oslo, og eg har endatil vore i Edinburgh to gonger! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kathrin Christin Hofmann Aslaksby, Dælsbygd´n, Heggenes, fødd 1968

Eg har fem års utdanning frå det som då heitte Norges landbrukshøgskole på Ås i Akershus, og har tidlegare jobba som mellom anna biolog, naturoppsyn og miljøvernleiar på Svalbard, i Pakistan og i Romsdalen. Men då den eldste sonen vår snart skulle byrje på skulen, ynskte vi å finne oss eit gardsbruk, og drive for oss sjølve. Systera til mannen min, som bur i nærleiken, tipsa oss om eit ledig bruk, og slik enda vi opp i Valdres. Då vi kom hit, skaffa vi oss hest og høner, og vi tok til med å fôre opp bukkekje. Vi ysta til eige bruk i eit sæl på stølen, og syntest osten vår vart god. Derfor kjøpte vi ei brakke som vi gjorde om til eit mobilt ysteri, der vi laga ost også for sal. No har vi 32 mjølkegeiter og tre mohairgeiter, og produserer om lag 700 kg ost frå juni til oktober.  Vi har delteke under NM i gardsost, i konkurranse med 150 andre produkt frå heile landet. Her har vi fått sylv for den kvite geitosten, tytebærkremosten og fetaosten vår, som vi kallar Getaost. Det er viktig å få tilbakemeldingar på det vi lagar, og vi prøver stadig å bli betre. Målet er å lage like gode ostar som dei som blir importerte, og det trur eg vi kan klare. Kvart år melder det seg friviljuge frå heile verda som er med i drifta av garden, og i år har vi folk frå Irland, Frankrike, Spania – og Norge. Dessutan har vi open støl på Olestølen om sumaren, der dei besøkjande får ein smak av stølsliv, og eit liv i skjeringspunktet mellom natur, kultur og tradisjonar. Her kan vi gje born og unge gode opplevingar i, og med naturen, og formidle at naturen kan brukast, utan å forbrukast.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑