Dei fyrste to åra av livet, budde eg i Førde i Sunnfjord. Så flytte vi til Bergen for eitt år, før ferda gjekk vidare til Åsane. Men etter ei tid vart eg lei av bylivet, så då eg såg at det vart utlyst ei stilling på Yddin fjellstogo, søkte eg, og fekk jobben. Dermed sette eg nasen mot Valdres, 20 år gamal.
Eg var med på oppstarten på Yddin, men etter kort tid byrja eg på Siesta kafé på Fagernes, der eg var i ti år. Dette var ei ynda «skrivestove» for Margit Sandemo, og ho og eg vart gode vener. Etter Siesta byrja eg på Heggenes Motell, der eg var fram til det vart avvikla.

Men rett etter at eg kom til Valdres møtte eg mannen min, som kom frå garden vi overtok i 1971. Her var det kyr når vi kom, og vi byrja med sau. Mannen min gav meg fem sauer som eg fekk ansvar for, og slik fekk eg kjenne at eg var til nytte på garden.
Noko av det beste med å flytte på garden, var at eg vart så godt teke vare på av naboane. Dei er veldig hjelpsame, for var det noko som gjekk sund, kom dei med ein gong for å hjelpe til. Eg lærte også mykje av dei som dreiv med slakting, så naboane mine får eg ikkje skrøytt nok av!
Ved sidan av garden og dei andre jobbane eg har hatt, har eg drive med perlebroderi, blomar, strikking, sying og skinnfellarbeid, og så lærte eg å måle av Tutta Solberg. Så eg har bestandig hatt noko å henge fingrane i!

Då eg var lita, var eg ofte på besøk hjå ei tante i Sunnfjord. Ho fekk ikkje innlagt straum før eg var 13 år, og i skjeret frå dei flakkande talgljosa, såg eg korleis ho laga mat, og ordna alt anna i huset. Eg fekk mange gode stunder i lag med tante, der ute mellom fjell og fjordar, og ho lærte meg mykje. Og denne lærdomen har kome godt til nytte, både som gardkjerring, og elles i livet.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)