Etter ungdomsskulen flytte eg heimanfrå for å ta vidaregåande skule, og tok utdanning som sveisar. Dei neste åra budde eg i hovudsak på Sørlandet, og vart rik på opplevingar. Mellom anna var eg hundeførar, eg dreiv ein Statoilstasjon og eit parkeringshus i Oslo, og ein Narvesenbutikk i Kristiansand. Eg var også mange år i forsvaret, som på den tida var sterkt mannsdominert. Der lærte eg å setje grenser, men også å setje meg høge mål.

Då eg kom tilbake til Valdres i 2009 var eg med å starte opp Bufar, der vi forsøkte å få folk til å flytte til, og jobbe i Valdres. Deretter byrja eg som butikksjef på Coop Marked i Rogne, før eg til slutt enda opp som butikksjef på Coop Prix i Heggenes.
Dette er ingen ni til fire jobb, og eg er «på» heile tida. Her er 15 tilsette med kvar sine behov, og eg er oppteken av at alle skal få vere seg sjølve, og få gje uttrykk for sine meiningar.

Etter ein lang dag på jobb er det godt å setje seg på hesteryggen, for det gjev ei god avkopling. Eg har vore hestejente heilt frå eg var lita, og fekk tidleg min fyrste hest, ein islandshest. Sidan har eg vore eigar av nokre varmblodshestar, og har no to Shagya-araberar.
Mannen min har også ein Shagya-araber, samt ein dølahest. Saman driv vi hestetrening, der vi hjelper hesteeigarar med alt frå temjing til utstillingsførebuing, og tilbyr turar for dei som har eigen hest.
Men eg har også andre måtar å kople av på, for eg kosar meg stort når eg kan ta meg ein tur til skogs, der eg fyrar opp eit bål og kokar meg kaffi. Så tek eg inn lydane og synsinntrykka rundt meg, og nippar til kaffien som eg kanskje har hatt ein klunk med Baileys i, og let roa sige innover meg. Etter ein slik tur kan eg ta fatt på ei ny hektisk veke, med fornya krefter.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)