Far min var fascinert av den amerikanske kulturen, av amerikanske bilar, av countrymusikk og dessutan rock´n´roll frå 1950 og -60 talet. Så då eg som smågut var med når vi duva rundt i eit flak av ein amerikanar, med god musikk på stereoanlegget, vart det sjølvsagt til at også eg vart hekta.
Eg vaks opp i Nedre Eiker, og vart tidleg med i amcarmiljøet i Buskerud. Den fyrste amerikanaren eg åtte kjøpte eg då eg var 16, ein 1964-modell Chevrolet Chevelle, og sidan har det vorte mange fleire.

Då eg var 23 år gamal, vart eg intervjua på radioen av ein amcarentusiast som hadde sitt eige program, og det gjekk så bra at han ville ha meg med som medprogramleiar. Seinare fekk eg eige radioprogram, fyrst «Shake rattle´n´roll» på Skedsmo radio, og seinare «Tony´s hillbilly heaven» på Østfold nærradio. Som radiovert fekk eg intervjue mange kjende countryartistar, mellom andre Tanya Tucker og Bobby Bare, noko som sjølvsagt var store opplevingar.
Det var gjennom radioen eg møtte kona mi også. Ho likar countrymusikk, og var fast lyttar til programmet mitt. Ein dag sa ho at ho ville møte meg, og det vart full klaff. Vi gifta oss kort tid etter, i 2001.

Eg har jobba vel 25 år i kriminalomsorga, og då eg fekk tilbod om jobb ved Slidreøya i 2009, flytte vi til Valdres. Tidlegare har eg flytt ein del rundt, men då vi kom hit, kjende vi at vi hadde funne ein plass der vi kunne slå oss til ro. For her stiller folk opp for kvarandre, og vi vart  inkluderte frå fyrste stund. Sidan vi dessutan fekk gode naboar og hyggelige kollegaer, vart det eit enkelt val; her vil vi bli værande!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)